onsdag 17. april 2024

Evangelisering og disippelgjering

 Alle som trur på Jesus er også hans vitner, og alle kristne har kall til å vitna om Jesus for verda, vinna disiplar og fostra dei til å bli misjonærar. 

Jesus sa ein gong til Peter: "Følg meg, så skal eg gjera deg til menneskefiskar!" 

Det er nærliggjande ut frå dette ordet i Lukas 5 å tru at alle som følgjer Jesus blir gjort til menneskefiskarar. Og det er nærliggjande å tenkja at kristne som ikkje vinn menneske for Kristus, i det minste dei som ikkje ein gong prøver på det eller er opptekne av det, ikkje eigentleg følgjer han. 

Jesus var levande oppteken av å vinna menneske for himmelen. Han sa: "Menneskesonen er komen for å oppsøkja dei bortkomne for å frelsa dei." Lukas 19:10

Dei som vart kalla til å følgja han, vart med han ut på søk. Ved to høve vart dei sende ut til byar og landsbyar for å praktisera det dei hadde lært utan at han var med dei: Dei skulle forkynna evangeliet, lækja sjuke, vekkja opp døde og setja forgjorde fri, noko dei også gjorde, og dei kom glade tilbake. Det fungerte. Det høyrer med til soga at Jesus ikkje sende dei ut i eiga kraft. Han utrusta dei med til å gjera det som elles ville ha vore heilt umogeleg for dei. Det står at Jesus kalle disiplane til seg og "gav dei makt til å driva ut ureine ånder og lækja all sjukdom og plage."

Alle som vigslar liva sine til Jesus, kan få rekna med å bli utrusta til teneste, og det er både godt og naudsynt. 

På pinsedag kom Den heilage ande til jorda på ein grunnleggjande ny måte. Det var ein klar logisk grunn til at Anden fekk utvida sitt virkeområde på pinsedag. Sidan Jesus døydde for alle menneske i alle nasjonar, og sidan hans frelse er gjort tilgjengeleg for alle mennesker i alle nasjonar, vart Anden gjort tilgjengeleg for alle menneske i alle nasjonar, for utan Den heilage ande si overtydande gjerning kan ingen koma til tru på Jesus. Når han er til stades medan folk høyrer Guds ord, berører det hjarto deira djupt og fører dei til omvending og tru. Når dei så tek imot Jesus, får dei han som eit pant i hjarto sine på at dei tilhøyrer Gud, og han bli i dei som rådgjevar, inspirator og ei uutømeleg kraftkjelde. 




torsdag 4. april 2024

Pasientar utan livsrett

 Helseminister Ingvild Kjerkol har, ikkje overraskande, bestemt seg for å leggja fram forslag til ny abortlov for Stortinget. Her blir grensa for sjølvbestemt abort utvida til veke 18.

Det er å gå i feil retning. Det er behov for ei ny abortlov, ja, men då til ei lov som definerer at fosteret har rett til liv, og at samfunnet har plikt til å verna livet mot overgrep.

I Politisk kvarter (NRK) 4.april sa ministeren at alle slags fosterundersøkingar var av det gode, for då kan det bli avdekka sjukdomar som kan kurerast på fosterstadiet. Det betyr at fosteret skal ha pasientrettar, men ikkje livsrett. Det skal ha rett til å bli lækt, men ikkje rett til å overleva. Kor i all verda er logikken her då? Kjerkol seier, saman med eit kor av stemmer frå høgre og venstre, at kvinna er den som er best i stand til å avgjera om barnet skal få leva eller ikkje. Men det er ikkje eit spørsmål om kven som er best i stand til å ta ei slik avgjer, ei slik avgjer tek me rett og slett ikkje. Me tek ikkje livet av barn i dette landet. Barna må få livsrett, uansett kven mora er. Lat barna få leva, bli fødde, veksa opp, utdanna seg, gifta seg, få barn, stifta familiar, tena samfunnet og døy når tida er inne for det. Det skulle ikkje vera for mykja å venta seg det, skulle det vel?

lørdag 16. mars 2024

"Sjølvbestemt" abort fram til fødsel?

Bystyrerepresentant i Bergen for SV, Eira Garrido, går inn for å fjerna grensa for "sjølvbestemt" abort heilt. Kvinna skal kunna ha høve til å ta livet av barnet sitt heilt  fram til fødselen. 

At det kjem forslag om noko slikt frå SV, er i seg sjølv opprørande. Det er ille nok som det er i dag når grensa for abort går ved 12 veker. Likevel blir det klarare for oss at abort er mord jo nærare det skjer i tid før fødsel. 

Regjeringa vil ha grensa ved 18 veker, og dette forslaget er i dag ute på høyring. Dersom SV landar på å gå inn for veke 37, aukar faren for at regjeringa, som er avhengig av SV i Stortinget, strekker "sjølvbestemminga" fram til veke 22. Eg vil ikkje her koma inn på korleis legane gjennomfører drap på slike barn. Det er ikkje vakkert. 

Det er noko underleg med SV: Partiet stiller alltid opp for dei svake i samfunnet, og dei er heilt sikkert like glad i barn som alle andre.  Men kvifor i all verda skal dei falla dei ufødde barna i ryggen? Det er naturstridig for alle, og ikkje minst for SV. 

Sosialistane leitar alltid etter konfliktlinjer i samfunnet. Men det er ingen konflikt mellom mor og barn. Barnet sine interesser er også mora sine. Slik er naturen laga. Å få kvinner til å tenkja om barna sine at dei trugar interessene deira på ein eller annan måte, er berre tragisk, og heile denne greia er i ferd med å endra samfunnet radikalt. Og det som verre er: Det provoserer Gud. Det er ein betydeleg alvorsgrad over det. 


fredag 15. mars 2024

Evangelikale i USA, Thomas Seltzer og Israel

 I programmet Trygdekontoret 12.mars vart evangelikale kristne i USA skulda for å gjera tiltak for å framskunda slaget ved Armageddon, og med det Jesu atterkome. 

Eg har kjent evangelikale kristne frå USA gjennom mange år, og har aldri før møtt slike haldningar og ville idear. Gud treng ikkje hjelp av oss kristne for at profetiane i Bibelen blir oppfylte. Det er jo HAN som skal oppfylla dei, ikkje me. 

Eg kan heller ikkje tru at det er mange evangelikale i USA som tenkjer slik. Det kan eg ikkje dokumentera, men hadde det vore mange, ville eg nok ha fanga det opp, vil eg tru. 

At evangelikale kristne støttar Israel er bra. Det er ikkje så mange andre som gjer det, og Israel er ein demokratisk og fredselskande nasjon omringa av mektige fiendar, så dei treng støtte. Dei slost i dag mot terroristar, og alle anstendige land i verda burde stilla opp for dei i denne kampen. I staden skjer det motsette. Nesten alle støttar Hamasterroristane, og vender seg mot Israel. Det er eit merkeleg fenomen med tanke på at dei same landa har lova å nedkjempa terrorisme med alle lovlege midlar. Men konservative evangelikale kristne støttar Israel. Det er naturleg. Den frelse me nyt godt av kjem frå jødane. 

Evangelikale kristne i USA har ein rik historie. Dei har gjennom to hundre år hatt eit omfattande engasjement i naudhjelp og misjon. Slik også i dag. Ingen private brukar så mykje pengar på å hjelpa naudlidande i verda som dei konservativt evangelikale i USA, og det einaste NRK kan koma opp med i sin omtale av desse er at dei sender "store" summar (upresiserte beløp) til Israel for å framskunda Armageddon og Jesu atterkome. Dei som måtte ha slike idear er ikkje mange, men det er denne delen av den evangelikale rørsla som er interessant for NRK.  Kanskje det er på tide at kringkastingsselskapet lagar eit program der breidda i denne rørsla blir presentert, t.d. veldedighetsorganisasjonen Samaritan Purse som alltid er først inne i områder råka av naturkatastrofar (som dei jordskjelvråka i Tyrkia og Syria i 2023) med hjelp og trøyst, eller på Wycliffe bibeloversetjarar som driv med å oversetja Bibelen til minoritetsspråk, og som lærer små folkegrupper å lesa og skriva, noko som styresmaktene i dei ulike landa alltid har gjeve blaffen i, slik som tilfelle var i Noreg i høve til samane. Det var misjonæren Tomas von Westen som laga skriftspråk til desse, og Hans Egede til inuitane på Grønland. Den evangelikale rørsla i USA (og Noreg) har til dei grader vore kulturbevarande.

Men Thomas Tetzler er sikkert ikkje interessert i å framheva dei mainstream evangelikale i USA, baptistar og pinsevener, berre desse cowboykristne på motorsykkel som representerer ein minoritet. I det same programmet presterer han også å seia at det var "dei evangelikale" som storma kongressen 6. januar 2021. Det var sant å seia nytt for meg, og det vil forundra meg veldig om denne påstanden står seg mot ein faktasjekk. 

Men når det gjeld å framskunda Armageddon, kunne han ta ein kikk på Irans presteskap. For dei ventar nemleg også på ein messias: imam Mahdi. Men før han kan koma, må verda vera i flammar, og Irans politiske og åndelege leiarskap jobbar no målretta med å byggja opp så stor atomkapasitet at dei kan skapa det kaoset som skal til for at imam Mahdi skal dukka opp på den historiske arena.

Kan NRK laga eit program om denne proaktive esjatologien? 

 


mandag 4. mars 2024

Den franske nasjonalforsamlinga provoserer Gud

4. mars grunnlovsfesta den franske nasjonalforsamlinga retten til sjølvbestemt abort, eit vedtak som blir feira av innbyggjarane, for meg ein høgst merkeleg triumf.

Kvinnene i Frankrike har sjølvsagt hatt tilgang til sjølvbestemt abort i mange, mange år. Men det å få denne retten grunnlovsfesta, er å ta denne saka eit langt steg vidare, og slik sementerer franskmennene uretten mot dei ufødde barna på ein irreversibel måte. Det må ei stor samfunnsendring til for å endra ein grunnlovsparagraf der det vert kravd 4/5 fleirtal.

Eit lands konstitusjon er det rettslege, politiske og på mange måtar moralske fundamentet for nasjonen. Å innføra noko så destruktivt som retten til å ta livet av komande generasjon i grunnlova, veit eg vil provosera Gud, han som har skapt kvar av dei i sitt bilete, og når ein nasjon provoserer Gud, vil problema hopa seg opp. Den som lever vil sjå.

onsdag 28. februar 2024

Gazakrigen fører til språkoppløysing

 Du har kanskje høyrt nokon seia at Israel er ein apartheidstat, og at landet utøver folkemord i Gaza. Begge påstandane ber preg av vondsinna stempling av det einaste fungerande demokratiet i Midt-Austen med den følgje at omgrepa totalt taper si opphavelege meining. Me er i røynda vitne til språkoppløysing.

For å ta apartheidskuldinga først. Er det sant at Israel har tradisjon for segregering av og undertrykking av minoritetar i landet, slik tilfelle var i Sør-Afrika for nokre år attende. Ikkje på nokon måte.

Apartheid er rasisme. I Sør-Afrika kunne ikkje svarte gå på dei same skulane som kvite, ikkje drikka av same vasskjeldene eller eta på dei same restaurantane. Dei hadde ikkje røysterett, hadde ingen representasjon i nasjonalforsamlinga og kunne ikkje eiga land. Nokre bussar var for kvite, andre for svarte, og vart nokre i den siste gruppa alvorleg sjuke, kunne dei ikkje få hjelp på sjukehus for kvite.

Men i Israel er lova fargeblind. Jødar og arabarar har dei same rettane, dei tek dei same bussane, studerer på dei same skulane, blir handsama på dei same sjukehusa og arabarar har røysterett og kan stilla til val og få representasjon i nasjonalforsamlinga. Dei kan bli dommarar i Israel og tenestegjera i forsvaret.

Når Amnesty International framstiller Israel som ein apartheidstat på linje med Sør-Afrika før Mandela, kjem eg ikkje bort frå at dei brukar denne nemninga for å råka staten Israel så hard dei kan for å skada nasjonen sitt rykte så godt dei kan. Kvifor det? Det kan berre organisasjonen svara på sjølv.

På denne bakgrunnen er sjølvsagt all tale om folkemord i Gaza heilt utan grunnlag i røyndomen. For det første er ikkje palestinarane i Gaza eit «folk». Dei er arabarar, ein del av ei folkegruppe som lever over alt i Midt-Austen. 2,3 millionar bur i Israel. At mange palestinarar vert drepne i Gaza handlar ikkje om folkemord, men om at Hamas posisjonerer seg på ein slik måte i krigen mot Israel at sivile blir råka langt hardare enn tilfelle hadde vore dersom dei førte krigen etter krigen sine reglar.

Folkemord krev at ei etnisk gruppe systematisk prøver å ta livet av ei anna, slik som tyskarane prøvde å utsletta jødane under 2.verdskrigen, og slik som hutuane prøvde å drepa alle tutsiar i Rwanda i 1994.

Hadde Israel drive med folkemord på palestinarar, hadde alle palestinarar i Israel også vore ei målgruppe. Men det er dei jo ikkje. Dei er verna av israelsk lov akkurat som jødane i landet. 

Det ser ut til at det er heilt legitimt å devaluera språket når det berre kan råka Israel. Kvifor er det blitt slik?

Hitler sin propagandaminister Goebbels skal ha sagt at berre du repeterer ei løgn mange nok gongar, så blir ho til slutt trudd. I alle fall ser me dette demonstrert i høve til Israel i dag når ordet folkemord er på alle sine lepper som den beste måten å forstå det som skjer i Gaza på.

 

tirsdag 27. februar 2024

Kan Kina implodera i laupet av dei neste tre-fire åra?

Det er mange store leilighetskompleks i Kina. Men det er eit problem: dei er laga av billig og simpel sement. No smuldrar dei.

Men mykje anna som smuldrar også.

President Xi sin totalitære maktpolitikk har fått utanlandske investorar til å trekka seg ut av landet. No manglar Kina kapital. Arbeidsløysa er skyhøg, og særleg mellom unge. Styresmaktene nektar å offentleggjer desse tala. Dei unge i Kina trur ikkje lenger på framtida. Dei «legg seg flat», noko som betyr at dei er både arbeidslause og ugifte. Dei droppar ut.

2023 var økonomisk det verste året sidan 1976. Ein studie syner at over ein milliard kinesarar lever fattigdom.

Den kinesiske aksjemarknaden har tapt mellom 7 og 8 trillionar dollar sidan 2021. (Ein trillion er ein milliard milliard, altså 1000 000 000 000 000 000)

Kinaekspert Gordon Chang seier til CBN-News at Kina no er  «i ein tilstand av kaos. Ei dyster kjensle har gripe folket og gjennomsyrer samfunnet».

I tillegg er demografien i landet i fritt fall. I fjor var det første gong sidan 1960  at det døydde fleire menneske enn som vart fødde. I 2040 vil landet ha 400 millionar pensjonistar. Den mangeårige eittbarnspolitikken har resultert i stor mangel på unge kvinner (jentefoster vart i stor grad aborterte bort), og dei som finst, vil i liten grad stifta familie og føda barn, seier Chang.

Chang meiner også at at Kina sitt mislukka forsøk på å skremma folk på Taiwan til å stemma for ein Kinavenleg president då dei nyleg hadde val, har ført øyriket lenger bort frå Beijing enn før. 

Han seier vidare at president Xi fryktar opposisjon, noko som fører til utrenskingar i den politiske toppleiinga. Han er redd for at Xi sin einaste utveg med tanke på å koma seg unna med det som no skjer, er å gå til storkrig.

Josh Birenbaum i the Foundation for Defense of Democracie meiner at dersom ikkje Kina snarast gjennomfører ein dramatisk politisk snuoperasjon, ser framtida mørk ut for landet. «Eg trur at dei i laupet av dei neste tre til fire åra vil samfunnet rotna før landet imploderer, nett slik me ser skje med dei store leilighetskompleksa.»