tirsdag 2. mars 2010

Vegen til Gud

Sauer er flokkdyr. Dei går der dei andre går, sjølv om det kan føra dei inn i farlege situasjonar når flokken går i feil retning.

Me menneske liknar ikkje lite på sauer. Me formar liva våre i stor grad etter det samfunnet me har rundt oss, og trur og meiner som "dei andre" og har ein sterk tendens til å følgja opinionen. Men det kan vera farleg. Historia har mange døme på at heile folkeslag valde sin eigen og andres undergang.

Henrik Ibsen sette det på spissen og sa: "Fleirtalet har aldri rett!" Jesus åtvara også mot å tru på fleirtalet. Han sa: "Porten er trong og vegen er smal som fører til livet, og få er dei som finn den. Men porten er vid og vegen er brei som fører til fortaping, og mange er dei som finn den."

Det er vanskeleg og trongt for oss menneske å innrømma at me er på feil veg og på veg bort frå Gud. Den tronge porten er å gjera ei slik innrømming. Det er vanskeleg for oss menneske å fornekta oss sjølve for å æra Gud og tena vår neste. Det er den smale vegen som fører eit menneske til Gud, og det er ingen annan måte å nå han på.