mandag 30. januar 2012

"Følg meg!" Del 3

Jesus sa i Lukas 12:  "32 Kvar den som kjennest ved meg for menneska, skal eg òg kjennast ved for Far min i himmelen. 33 Men den som fornektar meg for menneska, skal eg òg fornekta for Far min i himmelen. .............Og den som ikkje tek krossen sin og følgjer etter meg, er ikkje verd meg. 39 Den som finn livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, skal finna det."

Å følgja Jesus er å flagga han så høgt og tydeleg at ein lett kan bli forfølgd for hans skuld. Ein Jesu disippel må innstilla seg på martyriet.  Gjer han ikkje det, mister han det evige livet. Dei som vil tilpassa seg denne verdas krav og forventningar, kan ikkje ha noko felles med Jesus. 

Jesus bar krossen sin. Me må bera vår. Hans kross var ein soningsplass. Vår kross er den smerte verda påfører oss pga evangeliet. 

Jesus var ikkje populær i Jerusalem. Me blir heller ikkje populære dersom me går saman med han. Då kan me forventa oss same type problem som han hadde.

Kvifor vart Jesus forfølgd? Fordi han avslørte menneska sine vonde gjerningar. Lyset frå hans person vart ubehageleg sterkt. Orda hans traff veldig godt, og hans sterke personlegdom gav orda tyngd. 

Jesus bur i oss ved sin Ande, og jo sterkare hans lys skin gjennom oss, jo større brytningar framkallar me i folks sinn. Det er vår lagnad å fungera slik.  

søndag 29. januar 2012

"Følg meg!" del 2

Då Jesus kalla disiplane sine, var det både for å gje dei fellesskap, og for å byggja inn i dei kvalitetar som skulle gjera dei til kompetente menneskefiskarar og kyrkjeleiarar.

Jesus hadde tre år på seg. På den tida skulle han forkynna evangeliet for dei fortapte i Israel, utdanna 12 menn for å vidareføra livsgjerninga si og forløysa verda frå synda, døden og djevelens makt.

Mesteparten av tida brukte han på dei 12. Dei var med han dag og natt, lytta til undervisninga hans, såg korleis han gjorde ting og fekk sjølve gjera dei same tinga under hans oppsyn og omsorg. Det må ha vore rasande interessant.

Disippelskap var Jesu arbeidsmetode, og bør vera vår. I den hebraiske undervisningsmetoden gjekk teori og praksis hand i hand. Kvar elev hadde sin meister som dei skulle læra av og kopiera. Først når dei kunne handverket skikkeleg, kunne dei arbeida kreativt.

Disippelskap var ein uhyre effektiv metode. Av dei som Jesus kalla, var det berre ein som gjekk fortapt. Alle andre vart bevarte og istandsett til å leva etter Jesu mønster og til å læra opp nye truande som i si tur var dugande til å læra andre. Disippelskap var hovudarbeidsmetoden i Urkyrkja. Ingen tvil om det. 

Alle som har vore kristne ei tid bør kunna fungera som mentorar for nye kristne. Dei må læra seg å vitna for andre, lækja sjuke, driva ut vonde ånder, gje, be, lovsynga osv. Det gjer dei ikkje av seg sjølv. Dei treng ein mentor.

Me må tilbake til dette mønsteret. Det er enkelt og effektfullt. All nyare forskning syner at jo nærare me kjem denne arbeidsmåten, jo større suksess vil me ha. Det er lite truleg at Jesus valde arbeidsmåte tilfeldig. Han valde det beste som var.

Kvifor har me kome bort frå dette? Fordi me i Vesten er influert av opplysningstida og den greske filosofi som skil klårt mellom teoretisk og praktisk kunnskap. Det har vore ein blindveg for Guds kyrkje som me må bort frå. Oppdraget vårt handlar om å disippelgjera nasjonane, og då handlar det ikkje berre om å frelsa dei, men å læra dei å leva i Guds kraft og ord.

søndag 22. januar 2012

"Følg meg!" Del 1

Jesus kalla unge menn til å følgja seg, til å vera hans displar. Du er ganske sikker på deg sjølv når du ber 12 menn, nokre av dei gifte, til å gå frå hus og heim og arbeid for å følgja deg. Det gjer ingen sånn utan vidare.

Jesus visste kven han var. Han var trygg på sin identitet som Guds Son. Han visste også kva han hadde å gjera her i verda: gje livet sitt til løysepenge for mange, samt engasjera, utdanna og utrusta menneske til å proklamera og formidla bodskapen om frelse for heile verda.

Å vera ein disippel av Jesus betydde for desse mennene alltid å nyta  privilegiet å få vera tett på han. Dagleg fekk dei lytta til den største talaren som nokon gong har levd og ved sjølvsyn vera vitne til korleis Guds den allmektiges godleik, kraft og makt kom til uttrykk gjennom livet hans. Dei var historias heldigaste menn. Ingen tvil om det.

Me vert også i dag utfordra til å vera disiplar av Jesus. Det er berre ei ære. Me får, om me vil, leva tett på Jesus Kristus og henta ut alt det me vil av inspirasjon frå han som er Herre over alle ting.

Disisppelskap betyr altså meir enn noko anna fellesskap med Jesus Kristus. Utan dette fellesskapet, er me evig fortapte menneske. Men saman med den oppstadne Jesus Kristus har me ei reell og levande von. Me skal til himmelen. Det er vår destinasjon, og er me saman med Jesus, kjem me inn så lett som berre det. Han går god for alle som er i hans følgje.

Disippelskap og misjonale fellesskap

Tale i Kristkyrkja på Stord 22. januar 2012. Klikk her.  http://www.mediafire.com/?rwdqbcmwae13wsm 

søndag 8. januar 2012

Jesu eksklusivitet og vår fridom.

Jesus er problematisk. Han vil ikkje inn i liva våre utan at me sender alle andre gudar og ideologiar ut. Han er som ein brudgom som vil ha brura for seg sjølv. Det handlar om kjærleik og lidenskap. Dei nyreligiøse kombinerer gjerne kva det skal vera av trusretningar. Dei er opptekne av kva som fungerer, og plukkar med seg litt herifrå og litt derifrå. Også frå kristendomen. Me kallar det for synkretisme, religionsblanding. Avguderiet er omfattande hos dei nyreligiøse, og hos mange andre. Men her gjeld ikkje vanlege matematiske reglar. Me kan ikkje dra "det beste" ut av religionane og summera opp dei positive effektane. Alt som ikkje har røtene sine i Bibelen må ut av liva våre dersom me skal bli frelst. Det er tungt, men den einaste vegen. Kvifor? Fordi alle andre gudar og ideologiar er ein del av problemet. Dei har sitt opphav i djevelen, og gjennom dei knyter han folk til seg sjølv og sin framtidige vanlagnad. 

Djevelen er eit religiøst geni. Han higar etter å bli tilbedd, og formar ideologiar og religiøse tankesystem som verkar tiltrekkjande på det falne og syndige menneske. Nokre gongar spelar han på mystikk og overnaturlege ting, andre gongar på maskulin styrke eller på seksualitet. Han spelar på mange strenger.

Den som vil bli frelst og leva som ein kristen må seia farvel til alt slikt, og sleppa Jesus inn i livet som åleineherre. Det kan me gjera fordi han elskar oss og har fridd oss frå våre synder med sitt eige blod. Hadde han ikkje det gjort, kunne ingen av oss blitt frelst og fått ein ny syndfri karakter. Men som frigjorte menneske er det ikkje vanskeleg for oss å elska Gud og nesten. Det kjem av seg sjølv. Guds heilage Ande gjer dette i oss. Det er eit mirakel. For den som har opplevd denne dåpen i Ande og kraft, får det meining å leva sjølvoppofrande. Jesus krev av oss at me lever som han, og han ofra seg jo for oss alle, og me er hans etterfølgjarar. Saka er: Den som ikkje fornektar seg sjølv og tek opp krossen sin opp, er ingen kristen i det heile tatt. Sjølvrealisering er eit moderne syndig fenomen.

Jesus er eksklusiv. Trua på han er det einaste som kan fri oss frå synda, døden og djevelen. Skal  me tena han og leva ut dei radikale prinsippa som han forkynner, må me nemleg vera frie menneske, og den fridomen får me som ei gåve når me overgjev oss sjølve med alt me er og har til han. Det er den einaste farbare vegen til himmelen og til eit sigrande liv på jorda.

1. Korinterbrev 2

Tale i Kristkyrkja på Stord 8. januar.
Klikk her og finn linken. 

 http://www.mediafire.com/?p7r1c18teron7oj

lørdag 7. januar 2012

"Ver ikkje redde!"

Frykten kom inn i verda med synda. Falne og syndige menneske er redde. Dei som seier at dei aldri er redde, snakkar ikkje sant.

Rett nok er nokre menneske reddare enn andre. Det har med nervesystemet å gjera. Men alle er redd for noko. 

Først og fremst er menneska er redd for Gud. Difor held dei fleste seg unna han. Ateisme er ikkje noko anna enn ein måte å handtera denne frykten på. Ein seier til seg sjølv: Det som ikkje eksisterer treng me jo ikkje å vera redde for. Det er strutsepolitikk.

Det finst to typar gudsfrykt: den som får menneska til å søka Gud, og den som får menneska til å halda seg borte frå han. Den første typen er eigentleg ikkje frykt for Gud, men frykt for kva som kan skje når me held oss borte frå han. For me er skapte av, for og til Gud, og me er berre trygge hos han. Hos han er me heime.

Difor les me så ofte i Bibelen at Gud seier til sine: "Ver ikkje redde, for eg er med dykk." Når me er hos Gud, treng me ikkje vera redde. Me er det ofte likevel, for me gløymer kor stor og god han er. Men me treng ikkje vera redde. Jesus seier til læresveinane sine: "Ver ikkje redde, tru på Gud og tru på meg."

Så handlar det om å tru. Det er ikkje så lett for oss å tru det me ikkje ser. Difor må me vera i Guds ord. Ordet viser oss Gud. Når me les evangelia, ser me Jesus med hjarto våre, og det blir enklare å tru, også når han seier: "Ver ikkje redde." Då det bles opp til storm på Genesaretsjøen vart læresveinane veldig redde. Men Jesus sa: "Kvifor er det så redde, de lite truande." Lite tru tyder mykje frykt.

Folk som er redde blir veldig introverte, og dei tenkjer ikkje klårt. Gud vil at me skal vera ekstroverte og tenkja klårt. Difor seier Jesus til oss: "Fred etterlet eg dykk. Min fred gjev eg dykk, ikkje den fred som verda gjev. Lat ikkje hjarto dykkar uroast."

Jesus Kristus er fantastisk. Han kjem til oss med fred. Og det treng me så sårt.

framhald

Apostelgjerningane 18,1-11

I går var eg i Kvinnherad og hadde fellesskap med Kristkyrkja sine medlemmer der. Her kan du lytta til talen. Den varer i 37 minuttar. Moment: Du får litt innblikk i Korints historie, eg snakkar om det å vera teltmakarmisjonærar, om det å velja rett målgruppe for tenesta vår og om det å ikkje vera redd. God fornøying. http://www.mediafire.com/?t1gdyah5spe31qc