onsdag 25. september 2013

Romarbrevet 4,18-25

Endå alt håp var ute, heldt Abraham fast på håpet og trudde, og difor vart han far til mange folkeslag, som det var sagt han: Så talrik skal ætta di bli. 19 Han var då nesten hundre år, men han vart ikkje veik i trua når han tenkte på at hans eigen kropp var utan kraft og at Sara var for gammal til å bli mor. 20 Han var ikkje vantru og tvila ikkje på Guds lovnad, men var sterk i trua og gav Gud ære. 21 For han var overtydd om at det Gud hadde lova, det hadde han òg makt til å gjera. 22 Difor vart han rekna som rettferdig.
   
23 Men det var ikkje berre for hans skuld dette vart skrive om han. 24 Det gjeld oss òg. Vi skal reknast som rettferdige når vi trur på han som reiste Jesus, vår Herre, opp frå dei døde, 25 han som vart overgjeven til døden for våre synder og oppreist for at vi skulle bli rettferdige.


Abraham var 100 år og Sara 90. Alt menneskeleg håp om å bli foreldre hadde vore ute i mange tiår. Men det var ein hake ved dette: Gud hadde lova dei å bli foreldre, og om Abraham ikkje lenger kunne håpa på å få noko til ut frå eigne føresetnader, hadde han ikkje slutta å håpa på at Gud kunne få noko til. Han var ikkje vantruande, les me, men vart sterk i trua ved at han gav Gud ære. Dette kan me læra noko viktig av: Me blir sterke i trua når me ærar Gud. Korleis gjer me det? Ved å halda fast på ordet hans, leva etter det og forkynna det, og ved å lovsynga og tilbe Han. Når me ærar Gud med liva våre, blir me overtydde om at Gud er mektig til å gjera det han har sagt, og då blir me rekna for å vera rettferdige menneske. Så stor betydning har trua for Gud at ho dekker over alle feila våre. Gud ser totalt bort frå syndene til eit menneske som trur på han slik som Abraham trudde, dvs for den som trur at Gud reiste Jesus, vår Herre, opp frå dei døde. Gjer du det, blir du rekna som eit fullkome rettferdig menneske av Gud. Det kan han gjera fordi den same Jesus som du trur på døydde for syndene våre og sto opp slik at me skulle bli rettferdige. Jesus er altså sin eigen person vår rettferd, og trur me på han, har me linka oss opp til han og alt hans er vårt. Dette er berre heilt strålande. Den som har Sonen, har livet, og den som ikkje har Guds Son, har ikkje livet. Alt handlar om Jesus. Det er han som gjer forskjellen. Har du han, har du alt. Manglar du Han, manglar du alt.