mandag 29. oktober 2018

Bibelen bringer alltid reformasjon


31.oktober er det 501 år sidan Martin Luther starta reformasjonen, ei rørsle som må seiast å markera eit vasskilje i verdas historie.

Gjennom skriftene sine påviste Luther at kvar enkelt av oss kan kjenna Gud heilt personleg, og læra oss å dømma om kva som er rett og galt, både når det gjeld livsførsel og tru. Han omsette Bibelen frå gresk og hebraisk til tysk slik at landsmennene hans sjølve kunne lesa Skrifta  og gjera seg opp ei meining om kva som står skrive. Før Luthers tid måtte dei lesa og høyra frå Bibelen på latin, eit språk som få eller ingen ikkje-teologar meistra.

Etter den tid er Bibelen, eller deler av han, blitt omsett til 3223 språk (siste oppdatering frå Wycliffe bibeloversetjarar), og over alt der han blir lest og trudd, endrar han enkeltpersonar og samfunn til det betre. Det blir mindre korrupsjon og vinningsbrotsverk, mindre aggresjon og vald, meir omsorg og eit langt varmare sosialt klima. Men det største av alt er at folk gjennom Bibelen møter Gud, kjem til tru på Jesus og får eit levande håp utover død og grav.

Kva Bibelen betyr er meisterleg skildra i boka «De skjulte ordene» av Sigmund Evensen. Han og kona Ingjerd reiste med barna sine til Papua Ny-Guinea rundt 1980, busette seg langt inne i jungelen hos Umanakainafolket. Desse snakka eit språk som ingen ikkje-umanakaina forstod. Familien Evensen var dei første utanforståande som lærte seg dette språket. I 15 år budde dei i Bonenepi, som landsbyen heitte, og på denne tida omsette Det nye testamentet til umanakaina, lærte folket å lesa og skriva og fekk sjå kva enorme krefter som bur i Bibelen. Umanakainafolket vart forvandla frå å vera eit hemn og valdssamfunn til å bli eit samfunn fullt av tilgjeving og kjærleik. Det vart ei stor endring, ein reformasjon.

Me har hatt Bibelen på norsk i ikkje meir enn vel hundre år, før den tid måtte nordmenn lesa han på dansk. Likevel har boka hatt ein eventyrleg innverknad på norsk kultur, tenkemåte og lovverk. Men no er bibelkunnskapen blant folk flest på retur, og den kristne bodskapen taper gradvis makta si i den norske folkesjela. 
På denne bakgrunnen vil eg gjerne oppmoda lesarane mine lesarar om også å bli ivrige bibellesarar. Det må jo vera noko med ei bok som har fått mykje større utbreiing i verda enn noko anna bok som nokon gong er skriven. Paulus kallar ho for «den heilage skrifta», noko som tyder at Gud bur i ho, og  at alle som les med ærlege motiv,  til slutt vil møta Han på sidene og erfara ein personleg reformasjon i livet.

Ingen kommentarer: