mandag 15. oktober 2018

Disippelaktivitet 4. Skriftemål

Ein mentor må hjelpa disippelen sin inn i skriftemålet, dette å regelmessig sanna syndene sine for ein medkristen, og i første omgang er det naturleg at mentoren sjølv er skriftefar for disippelen sin.

"Vedkjenn då syndene for kvarandre, og be for kvarandre så de kan verta lækte", Jakob 5,16.
Skriftemål er ikkje eit ord som me finn i Bibelen, men saka finn me. Jesus sa til disiplane etter oppstoda at "dersom de tilgjev nokon syndene deira, er dei tilgjevne, men held de syndene fast for nokon, er dei fasthaldne", Johannes 20,23.

Begge desse avsnitta indikerer at dei første kristne sanna syndene sine for kvarandre, og det var denne praksisen som nedfelte seg i skriftemålet, det at ein kristen regelmessig går til ein annan kristen for å få syndene sine fram i lyset, og setja sanne og rett ord på dei og i neste omgang få absolusjon.

Nattverden er det me kan kalla ein generell absolusjon der syndsforlating vert forkynt over alle nattverdsgjestene. I skriftemålet får me ein meir skreddarsydd absolusjon for dei syndene me har løfta fram i lyset og sett ord på. Begge deler høyrer med til disippellivet.

Det interessante er at Jakob koplar skriftemålet saman med salving av sjuke og mirakuløs lækjedom. Det fører oss til den tanken av skriftemålet opnar for Guds kraft inn i liva våre, både den lækjande og den utrustande.

I den katolske og i dei ortodokse kyrkjene er skriftemålet formalisert på ein annan måte enn i dei protestantiske. Eg ser ikkje for meg ein slik modell hos oss. Me har eit heilt anna syn enn dei på presteskapet.

Men det er etter mitt syn ingen tvil om at skriftemålet høyrer heime i disippelskapet, og hadde me fått orden på dette, ville færre falle frå trua, og me ville ha vore langt sterkare i Gud.

Ingen kommentarer: