torsdag 15. november 2018

Disippellivet VIII. Bøn

Bøna er sjølve pulsen i kristenlivet, og dermed også i disippellivet. Dag og natt har ein kristen kontakt med Gud i si ånd, men for det meste ubevisst. Men når me har våre bønetider, festar me blikket og let tankane våre kvila i Gud.

Bøn er ikkje strev. Det er å pleia omgang med Far i himmelen. Det er viktig for oss rett og slett fordi me elskar han, og fordi me veit at han elskar oss.

Den som elskar søkjer alltid saman med den han/ho elskar.

Den som ikkje kjenner seg dregen mot bøna, kjenner seg ikkje dregen mot Gud, og elskar ikkje Gud. Den som oppdagar noko slikt hos seg sjølv, må inderleg be om å bli fornya, for det å elska Gud og bli elska av Gud er sjølve kjernen i det å vera kristen.

Ein mentor må ta disippelen med seg inn i bønelivet sitt. Jesus bad mykje. Disiplane hans la merke til det, og dei såg at denne måten å leva på gav han enorm autoritet og kraft.

Difor ville dei at han skulle læra dei å be. Og det gjorde han. Han sa: Når de ber, skal de ikkje be slik  som heidningane. Dei trur dei blir høyrt om dei brukar mange ord. Nei, slik skal de be: "Fader vår, du som er i himmelen......"

Det viktigaste ein mentor lærer disippelen sin er regelmessig dagleg bøn, det å få bøna inn i ein god rytme. Daniel hadde tre daglege bønestunder, morgon, middag og kveld. Midt i ein travel statsministerkvardag, var han nøyen med å ikkje hoppa over ei bønestund, noko som gjorde han til ein mektig profet og ein av dei klokaste politikarane verda har sett.



Ingen kommentarer: