Follow by Email

tirsdag 14. desember 2010

Me har all mogeleg grunn til å stola på Herren


Salme 37,3-5

3 Lit på Herren og gjer det gode,
så skal du få bu i landet.
Legg vinn på truskap!
4 Ha di lyst og glede i Herren,
så skal han gje deg det hjarta ditt ynskjer!
5 Legg din veg i Herrens hand,
lit på han, så skal han gripa inn.

Å stola på Herren og gjera det gode er sjølve kjerna i kristendomen. Den som held på med dette, er på sporet. Vanskelegare er det ikkje å vera kristen.

Vidare lovar Gud at dei som lever slik, skal få bu i landet. Bakgrunnen for denne lovnaden er som følgjer: Gud hadde sagt til Israelsfolket i 5.Mosebok at dersom dei ikkje stolte på han, og ikkje gjorde det som godt var, ville dei bli landsforvist, noko som også hende både i 722 f.Kr, 589 f. Kr og 70 e. Kr. Og når Israel no har fått koma attende til Erez Israel, står dei andsynes den same utfordringa som før, dei må koma til tru og lata seg styra av det gode for å få bli verande.

For oss som kristne handlar det om å tilhøyra Guds rike. Borgarskapet går gjennom ei levande tru som viser seg i trufast kjærleik. Kjærleiken til Gud og nesten er Guds rikes fremste varemerke, ein kjærleik som trur alt, vonar alt og toler alt (1.Kor. 13). Ein slitesterk kjærleik.

Israelittane vart landsforviste når dei var vantru og ulydige. Slik går me av heidningeætt evig fortapt dersom me er vantru og ulydige.

Bibelen snakkar mykje om glede, og der Gud bur er det berre glede. Himmelen er ein frydefull plass. Difor vil Gud at du også skal vera eit glad kristen som reflekterer hans personlegdom mellom menneska. Då vil han oppfylla alt det hjarta ditt ynskjer. Det høyrest nesten for godt ut til å vera sant, men det er likevel såpass interessant at me sjølvsagt vil testa det ut. Ikkje sant? Frå no av er det altså slutt med å vera trist, misfornøgd og sur.

Kristne strevar ofte hardt med å tena Gud. Men dei gjer ein stor feil, dei arbeider i eiga kraft og ut frå eigne evner. Resultatet vert magert. Her inviterer difor Gud oss til å leggja alle prosjekta våre over på han og be han om å ta dei i sine hender. Då grip han inn og overtek heile smørja, og då let ikkje resultata venta på seg. Kva det handlar om? Det handlar om å slutta å planleggja og administrera så mange aktivitetar og gå over til å be. Slik legg me vår veg i Herrens hand.

Bøn: Gode Gud! Hjelp oss å stola på deg og gjera det gode mot alle menneske. Gje oss ei sann og levande tru som syner seg i oppofrande kjærleik. Fyll hjarto våre med himmelsk glede, og gje oss eit rett perspektiv på tenesta slik at me vigslar oss til bøn heller enn til aktivitetar som me sjølve har funne på. Miskunna deg over oss, Herre. Amen.

Ingen kommentarer: