Follow by Email

mandag 13. desember 2010

Salme 37,1-2


Harmast ikkje på dei som gjer vondt,
misunn ikkje dei som gjer urett!
2 For dei visnar så snart som graset
og turkar bort som grøne groen.

Gud vil ikkje at me skal bli sinte på dei som gjer det vonde, og ikkje misunna dei som kjem lettvint til pengane eller har framgang pga urett. Det er mange av dei. Han vil ha oss til å forstå at desse menneska ikkje har noko framtid, og difor bør me ikkje irritera oss på dei, men synast inderleg synd i dei og be til Gud for dei at dei skal bli frelst. For dette livet er likevel så kort. Alle skal me visna som graset og tørka bort som spirande blomster som ikkje får vatn. Døden ventar på oss, og etterpå Gud og hans dom. Då vil alle som har blitt rike på urett vis, bli dømt til evig fattigdom. Det er i alle fall ingen ting å misunna dei. Det blir eit slit som aldri tek slutt.

Mange kristne misser dette perspektivet og blir sure når dei ser at nokon kan leva feitt utan at dei kjenner og ottast Gud, medan dei truande må slita for å få endane til å møtast. Dei tenkjer og lever som om me skal vera her i verda for all framtid, og det verkar som om dei har gløymt heilt ut at livet skal ta slutt og at det kjem ein dom etterpå. Men det gjer det. Då skal dei som har gjort godt gå inn til evig glede, medan dei som har gjort vondt vil erfara ei evig sorg.

Difor bør ikkje kristne vera opptekne av at det går dei vonde godt, men sjølve vera opptekne av å gjera godt, elles kjem dei under den same domen som dei vonde.

Bøn:

Gode Gud og Far, du som elskar både gode og vonde. Hjelp oss å ha augo våre festa på Jesus, og hjarto våre innretta på han, slik at me kan følgja han og leva rett. Ingenting har så stor verdi for deg som dei menneska du har skapt, anten dei er gode eller vonde, og du har sendt oss ut for å sikra kvart menneske for ditt evige rike. Gjer oss kompetente til å gjera denne jobben godt med stor iver, glede og interesse. Gje oss å sjå kvart menneske med dine augo og bli djupt gripne av din kjærleik til dei. Me er så kalde og likesæle, og gjev strengt teke blaffen i korleis dei går med folk. Det er vår urett. Herre, transformer oss og gje oss Kristi sinn. Amen.

Ingen kommentarer: