tirsdag 8. mars 2011

Det gode og det vonde


I utgangspunktet var alt godt, alt det skapte fungerte i vakker harmoni. Og Gud planta ein hage i Eden der menneska skulle få bu og jobba. Dei skulle vakta hagen, les me. Mot kva? Var ikkje alt godt likevel? Truga det ein fare? Ja, så definitivt: Lucifers vondskap. Erkeengelen Lucifer hadde gjort opprør mot Gud, og var av den grunn kasta ut av himmelen og styrta ned på jorda. Han hadde mista alt, og var på jakt etter eit nytt domene. Difor måtte mannen vakta Guds hage, og sidan han hadde fått råderett over heile jorda, kunne ikkje Lucifer utøva makta si mot Gud på annan måte enn gjennom menneska, og dei kunne han berre få som allierte ved å få dei til å mistru Gud og bryta hans bod. Bak ei kvar synd ligg mistillit til Gud, for alle som trur på Gud, vil halda boda hans, og dei som bryt dei gjer det fordi dei ikkje lenger trur på dei, og den som ikkje trur på Guds bod, trur ikkje på Gud.

I Edens hage var det to spesielle tre, les me i 1.Mos. 2. Det eine var livsens tre. Så lenge menneska åt av dette, hadde dei evig liv. Det andre var eit tre som kunne gje kunnskap om godt og vondt. Frukta på dette treet kunne menneska ikkje eta av. Då ville dei døy, noko som innebar at dei ikkje lenger fekk tilgang til livsens tre.

Kvifor planta Gud treet som kunne gje kunnskap om godt og vondt? Kva er vel vitsen med eit frukttre i ein hage dersom ikkje frukta kan etast og nytast?

Logikken var slik: Det vonde var alt ein realitet på jorda, men som eit framandelement, for jorda var underlagt menneske, og menneska var gode og rettferdige. Så lenge menneska gjekk Guds veg, fekk ikkje djevelen makt på jorda. Men han var stadig der, og skulle han avslørast og fjernast måtte menneska møta han og sigra over han ved å velja lydnaden mot Guds enkle bod då dei vart freista til å bryta det. Det ville ha stoppa djevelen for all framtid.

Slik er det i ditt og mitt liv også. Me kan berre overvinna djevelen ved å vera lydige mot Guds ord i eitt og alt. Dei som vel å gå ein annan veg enn den Gud har førevist i sitt ord, hamnar i djevelens makt.

Det første bodet var eit forbod. ”Treet til kunnskap om godt og vondt skal du ikkje eta av.”

Det er ikkje alt godt som skal nytast av alle. Det er ikkje slik at ”har du lyst, har du lov.”Du kan nyta det som er ditt, men ikkje det som tilhøyrer andre, ei heller det som Gud har forbode deg å nyta. Dersom du likevel gjer det, forkastar du Gud og den nytinga det er å leva saman med han i hans uendelege godleik. Det er eit stort offer for ei lita sak. Då er du som Esau som gav frå seg førstefødselsretten for ein tallerk med suppe.

Det vonde kan berre nedkjempast med det gode. ”Overvinn det vonde med det gode,” skriv Paulus ein plass. Slik er det også i ditt og mitt liv. Det er ikkje slik at vondt skal vondt fordriva, men godt skal vondt fordriva. Når andre er stygge og urettvis mot deg, vil dei bli vunne for det gode ved at du er god mot dei.

Frå no av handlar det aldri meir i livet ditt om at du skal få rett, men at dine motstandarar skal bli frelst.

Ingen kommentarer: