fredag 11. mars 2011

Nederlaget I

Djevelen sneik seg inn i Edens hage ved å gå inn i kroppen til ein slange. Det høyrest ut som eit eventyr for dei uinnvigde, men også frå Jesu liv høyrer me om dyr som vart besette av vonde ånder. Det er heller ikkje noko uvanleg fenomen i vår tid.

Slangen kom til Eva og spurde om det var sant at dei ikkje fekk lov å eta av frukttrea i hagen. Løgna var så plump at det var lett for Eva og tilbakevisa ho, og sa at det berre var eitt tre dei ikkje kunne eta av, og at den dagen dei åt av frukta på det treet kom dei til å døy. Og dermed hadde djevelen fått henne i tale, og då var resten av jobben mykje enklare.

Djevelen spreier alltid falske rykter om Gud. Han vil ha folk til å tru at Gud ikkje unner dei noko godt: ”Han kan vel aldri ha sagt at de ikkje kan eta av noko tre, skjønt, ein kan jo aldri vita….” Så er spira til vantru lagt i sjela til den som låner øyra til slik tale.

Eva avviste lygna, og kasta ballen over til motspelaren sin. Ho syntest ho hadde gjort det godt, og venta på nesta utspel. Ho burde ha rømt til mannen sin, men vart ståande, og djevelen sa: ”De skal ikkje døy. Men Gud veit at den dagen de et av treet, vert de lik han og kan kjenna godt og vondt.”

Når du vert freista til synd, ikkje dvel ved freistinga, bli ikkje ståande der du er, men flykt. Berre slik kan du redda deg.

Djevelen er ein baktalar og løgnar. Jesus kallar han for løgna sin far. I Edens hage antyda han for det første at Gud var urimeleg i sine krav. I neste omgang nektar han frekt for sanninga i Guds ord. ”Det er ikkje slik som Gud seier at de kjem til å døy. Nei de skal ikkje døy, men bli lik han…”

Djevelen nekta for Guds dom. Slik er det i dag også. Han har snart fått heile verda til å tru at det ikkje eksisterer nokon dom over synd. Nesten ingen trur lenger at dei må stå til ansvar for liva sine innfor Gud. Alle kjem til himmelen no for tida. Men det er ei løgn. Himmelriket er kun for dei som har vendt seg bort frå synda og til Gud og bede om nåde.

Ingen kommentarer: