tirsdag 16. august 2011

"Jeg har ingenting å skamme meg over"


"Jeg har ingenting å skamme meg over," seier Carl I Hagen til NTB i samband med eit intervju om uttalar han har kome med i innvandringsdebatten. Likevel dempar han språkbruken sin no, og det er godt.

Skam er viktig. Det er, så langt me veit, ei kjensle som me menneske er åleine om å ha. Det hender vel at me trur at hunden vår skammar seg, men det er berre me som overfører våre kjensler på hunden. Det er ein projeksjon.

Skam har med moralsk svikt å gjera. Når me lyg, stel, baktalar, skjeller, utøver vald og lurer folk, har me grunn til å skamma oss. Skamma får oss til å mistrivast med våre synder slik at me gjer opp for oss både overfor Gud og menneske. Skamma blir ei positiv kraft som er med på å attreisa gode relasjonar.

Skamlause menneske er folk som skryt over sine umoralske gjerningar, og som ikkje ser noko galt i om dei har påført andre tap. Slike menneske treng eit møte med Gud utanom det vanlege. Dersom ikkje Gud får opna augo deira og dømma dei i samvitet, vil dei gå fortapt så det susar.

Anders Behren Breivik skammar seg ikkje over sine ugjerningar. Det burde han ha gjort. Då ville det vore von for mannen.

Jesus er den einaste som aldri har hatt noko å skamma seg over. Han gjorde, tenkte og sa alltid det som rett og godt var, og han oppfylte alltid Guds vilje.

Men han som ingen skam hadde, valde å ta på seg ansvaret for alt det me har å skamma oss over, og han vart hengt på ein kross, eit skammens tre på ein skammens plass.

Så kan me ved tru på han få leva saman med Gud utan å føla på skam for noko som helst, ikkje fordi me ikkje har noko å skamma oss over, men fordi me er tilgitt.

Takk og pris til Jesus åleine.




Ingen kommentarer: