tirsdag 1. november 2011

Paulus i Korint


På Paulus si tid var Korint ein storby. Ein reknar med at det budde 200 000 frie borgarar der forutan ein halv million slavar.

Paulus var ein stor misjonsstrateg. Han sikta seg alltid inn på storbyane, og satsa på at evangeleit skulle breia seg derifrå og ut i distrikta.

Korint ligg strategisk til på halsen mellom halvøyane Pellopones og Akaia, midt mellom Sparta og Aten, dei to store greske kulturbyane som reiv kvarandre i fillebitar på 400 talet før Kristus. Krigane mellom dei to sentra var på den tid og i lang tid framover ei stor ulukke både for Hellas og Europa.

Korint var ein militært strategisk by, og ein stor sjøfarts og handelsby. Alle varene som kom sjøvegen frå Asia til Rom vart omlasta i Korint og frakta over land til skip som låg i Korintbukta ved Adriaterhavet og venta på last.

I Korint kunne sjøfolk få alt som hjarta lysta berre dei hadde noko å betala med. På ei 600 meter høgt fjell i bakkant at byen var det eit stort tempel til ære for fruktbarhetsgudinna Afrodite der tempelprostitusjonen var svært utbreidd.

Til denne byen var det Paulus og venene hans kom for å forkynna evangeliet om Jesus Kristus og frelsa folk. Korleis det gjekk kan me lesa om i Apostelgjerningane kapittel 18. Det vart ein stor suksess. Det synte seg at Guds ord hadde stor affinitet til dei fattige og underpriviligerte, akkurat som me opplever det i Kristkyrkja. Det er flyktningar som let seg frelsa. Velfødde nordmenn klarar seg katastrofalt godt utan Gud, enn så lenge.

"Der synda vart stor, vart nåden enno større," skreiv Paulus i si tid til kyrkjelyden i Rom. Kanskje var det erfaringa frå Korint han tenkte på.

Mange kom til tru, og Gud såg i stor nåde til desse nye kristne og utrusta dei med særleg sterke nådegåver. Det kan synast som om mirakler var daglegdags for desse.

Men kyrkjelyden var umogen på mange vis, og det var mange ting Paulus måtte ta tak i og regulera. Det var ikkje utan dramatikk, og dette kan me lesa om i dei to breva han skreiv til dei.

Eg kjem til å skriva litt om emner frå desse breva i bloggen framover. Følg med, følg med.

Ingen kommentarer: