mandag 18. juni 2012

Kva bør biskopar konsentrera seg om?

Den norske kyrkja sine biskopar på Svalbard. Foto: Vårt Land

Dei norske biskopane er opptekne av klima, og dei refser partia på Stortinget for ikkje å gå langt nok i Klimaforliket. Biskopane er utålmodige og vil meir enn politikarane for å berga jorda frå undergangen.


Dette er problematisk. Eg meiner at biskopane si fremste oppgåve er å forkynna Guds ord til frelse for menneske. Men så langt eg kan forstå er det lenge sidan dei har gjort det. No  fungerar dei meir som ein politisk tenketank for miljørørsla.

Eg meiner ikkje at engasjement for miljøet er uviktig. Men det er ikkje biskopane si oppgåve å berga miljøet. Dei skal berga menneske frå den evige domen.

Hadde dei slik synt omsorg for sjelene, kunne det vera meiningsfullt å gje frå seg nokre profetiske ord om grådigskap. For det er denne synda som driv fram øydelegginga av miljøet, og ikkje berre av miljøet, men også av menneskesinnet. For Gud seier at hugen etter pengar er ei rot til alt vondt, og det både i samfunnet og i den enkelte av oss. Det øydelegg gode seder, tru og samliv, og pengehugen blindar oss slik at me taper perspektivet og lett syndar for å skaffa oss meir rikdom.  Det er denne synda som utarmar kloten og fører menneska i evig fortaping.

Når bisopane er så lite engasjerte i å berga menneska frå fortapinga, kan det forresten koma av dei ikkje lenger trur på denne, og det er truleg ikkje langt frå sanninga.

Ingen kommentarer: