Egyptiske leiarar seier at det er jødane som står bak dei valdelege demonstrasjonane i Midt-Austen for tida. Eit sentralstyremedlem i Den muslimske brorskapen meiner at jødar betalar arabarar for å laga bråk i Tunisia, Egypt og Libya. Logikken er enkel: Dei einaste som har noko å tena på dette bråket er jødane, difor er det sjølvsagt dei som skapar det. Slik går det også an å tenkja. Prov er ikkje viktig når det gjeld skuldingar retta mot det jødiske folket. Det har det aldri vore. Dei har fått skulda både for svartedauden og alle finanskriser og krigar som verda har sett dei siste hundre åra.
Adolf Hitler meinte det same. Det står å lesa i den store boka hans. Og
han talte om det støtt og stadig, og vart trudd. Det enda med
holocoust.
Kvifor i all verda skulle jødefolket ha noko å tena på arabisk bråk? Det er ikkje lett å sjå. For alle tener på fred og harmoni, og alle taper på bråk. Det einaste måtte vera at arabarane eigentleg har til hensikt å gå til åtak på Israel, og at dei blir hindra i det når dei ikkje kan halda fred ein gong med kvarandre.
Dei arabiske og iranske leiarane er ute på ein farleg veg no. Jødehatet lever sterkt i denne delen av verda, og det sinne me ser i gatene i mange verdas storbyar i dag, kan fort enda opp i eit nytt åtak på Israel som kan få akopalytiske dimensjonar.
Men Gud vaker over Israel og det jødiske folket, og han ler av alle som planlegg deira undergang, og formanar dei streng å bøya seg for Messias (Jesus) og velsigna det folket (Israel) som frelsarkongen kom frå. Gjer dei ikkje det, vil dei fort bli råka av Hans vreide. Det blir til stor skade for dei.
Det jødiske folket og staten Israel er eit gudsbevis i seg sjølv. Utan Guds omsorg for dette folket ville det ha vore utrydda for lenge sidan. Han har ein herleg plan med dei, og den skal han fullføra framfor augo på oss alle.
mandag 17. september 2012
lørdag 8. september 2012
Er ateismen truverdig?

Eg synest han slapp litt lett
unna. Det er vanskeleg å forstå at oppdaginga og utforskinga av naturlovene kan
pressa Gud ut av universet, eller gjera han overflødig på noko vis. Lat oss seia
at du kom over ei tjukk raud bok på biblioteket som heiter ”Norges lover”. Ville
du då, etter å ha lese i ho ei stund, ha konkludert med at Stortinget ikkje
eksisterte? Sjølvsagt ikkje. For Noregs lover har ikkje laga seg sjølv. Dei er
vorten til i Stortinget.
Naturlovene kan ikkje brukast
mot Guds eksistens. Tvert om. Dei stadfester hans eksistens. For naturen
framstår som meir og meir fanstastisk, forbløffande og komplisert etter som tida går,
og Guds intelligens, suverenitet, godleik og kreativitet blir meir og meir
tydeleg for den som vil sjå. Slik sett vil naturens lover og oppbygging feia
ateismen av banen. Den står ikkje til truande. Og dessutan er han ulogisk.
Ingen kan prova at noko IKKJE eksisterer, berre AT noko eksisterer, og bevisa
for Guds eksistens er overveldande både i naturen, historia og mellom Guds
barn.
Dawkins antydar at folk trur
på Gud ut frå eit personleg behov, og at dei som trur berre går rundt og innbiller seg ting.
Dette vitnar om manglande kunnskap. For ingen vert kristne ut frå eit behov for
å ha noko å tru på. Det fungerer berre ikkje slik. Folk blir kristne som eit
resultat av eit uiomotståeleg møte med Gud. Det kjem eit kall som
råkar midt i samvitet, og som ein ikkje kjem unna om ein aldri så mykje skulle
ønskja det. Å bli kristen inneber ikkje å få noko å tru på, men å overgje livet
og kontrollen til ein Gud som fordrar begge deler, og
ingen menneske kjenner behov for å ha ein slik Gud. Det er ikkje naturleg for
nokon som helst å bli kristen. Det er mot
naturen, og når det skjer, er det eit mirakel.
Det Dawkins manglar er altså
eit møte med denne veldige Gud. For hans del ønskjer eg at han får det, og det
er den einaste måten han kan bli frelst på, han som alle oss andre.
Abonner på:
Innlegg (Atom)