lørdag 8. september 2012

Er ateismen truverdig?


Richard Dawkins hevda i programmet Skavland fredag 7.september at naturvitskapen gradvis pressar Gud ut av universet. Meir og meir av det som tidlegare vart forstått som Guds gjerningar, har synt seg å ha sin årsak i naturlege og forklarelege fenomen. Det som no står att, sa han, er dei estetiske opplevingane. Det einaste Dawkins ikkje kan forklara no er kvifor han tek til tårene når han lyttar til vakker musikk, men han var sikker på at dette også har med biologi og ikkje med ånd å gjera.

Eg synest han slapp litt lett unna. Det er vanskeleg å forstå at oppdaginga og utforskinga av naturlovene kan pressa Gud ut av universet, eller gjera han overflødig på noko vis. Lat oss seia at du kom over ei tjukk raud bok på biblioteket som heiter ”Norges lover”. Ville du då, etter å ha lese i ho ei stund,  ha konkludert med at Stortinget ikkje eksisterte? Sjølvsagt ikkje. For Noregs lover har ikkje laga seg sjølv. Dei er vorten til i Stortinget. 

Naturlovene kan ikkje brukast mot Guds eksistens. Tvert om. Dei stadfester hans eksistens. For naturen framstår som meir og meir fanstastisk, forbløffande og komplisert etter som tida går, og Guds intelligens, suverenitet, godleik og kreativitet blir meir og meir tydeleg for den som vil sjå. Slik sett vil naturens lover og oppbygging feia ateismen av banen. Den står ikkje til truande. Og dessutan er han ulogisk. Ingen kan prova at noko IKKJE eksisterer, berre AT noko eksisterer, og bevisa for Guds eksistens er overveldande både i naturen, historia og mellom Guds barn.

Dawkins antydar at folk trur på Gud ut frå eit personleg behov, og at dei som trur berre går rundt og innbiller seg ting. Dette vitnar om manglande kunnskap. For ingen vert kristne ut frå eit behov for å ha noko å tru på. Det fungerer berre ikkje slik. Folk blir kristne som eit resultat av eit uiomotståeleg  møte med Gud. Det kjem eit kall som råkar midt i samvitet, og som ein ikkje kjem unna om ein aldri så mykje skulle ønskja det. Å bli kristen inneber ikkje å få noko å tru på, men å overgje livet og kontrollen til ein Gud som fordrar begge deler, og ingen menneske kjenner behov for å ha ein slik Gud. Det er ikkje naturleg for nokon som helst å bli kristen. Det er mot naturen, og når det skjer, er det eit mirakel.
Det Dawkins manglar er altså eit møte med denne veldige Gud. For hans del ønskjer eg at han får det, og det er den einaste måten han kan bli frelst på, han som alle oss andre.

Ingen kommentarer: