Follow by Email

torsdag 29. november 2012

Herren byggjer Jerusalem til tonen av lovsong. Salme 147,1-3

Halleluja!
          Det er godt å spela for vår Gud,
          det er herleg, det er rett å syngja lovsong.
      
   
 2 Herren byggjer Jerusalem
          og samlar Israels spreidde folk.
      
   
 3 Han lækjer dei som har eit sundbrote hjarte,
          og bind om såra deira.


Når salmisten her seier at det er godt, herleg og rett å spela og syngja for Gud, må det bety at det må vera både lite lurt og direkte feil å ikkje gjera det.  Me vil så gjerne gjera det som er godt og rett, ikkje sant? Og me vil så gjerne erfara Guds herlegdom.  Då skal du vita: Når du lovsyng Gud, gjer du det rette, og lovsongen fører deg inn i Guds nærvær. Der er det herleg å vera. Lovsongen byggjer opp trua di, bringer Gud når til deg og gjer deg til ein positivt menneske som Guds kraft og liv strøymer ut frå.

Det er så mykje klaging og syting mellom folk. Det er så lett å finna feil hos andre. Dei einaste feila som er vanskelege å få auga på er våre eigne. Men når me prisar Herren, blir me meir merksame og vare på våre eigne feil enn på andre sine, og me begynner å sørga over oss sjølv og lengta og higa etter meir av det som er av Gud, og det er ei sorg og ein lengt etter hans hjarta.

Når Gud i vår tid restituerer lovsongen i si kyrkje, er det for å få oss som trur på rett kurs, førebu oss på himmelen, og for at Han skal få rom til å gjera det som er naudsynt i denne siste tida for å kverka djevelen og fylla himmelen med frelste syndarar.

Når Guds folk lever i lovsong, byggjer Gud Jerusalem, og han samlar Israels spreidde folk. I våre dagar skjer det bokstaveleg ved at han samlar jødefolket i Israel med Jerusalem som hovudstad. Jerusalem er Jesu eigen by, og når han kjem attende, skal han setja føtene sine på Oljeberget, og han skal han regjera verda frå Jerusalem i tusen år.

Men i våre dagar byggjer han også kyrkja si over heile verda med rekordfart, og samlar frelste menneske frå alle folk og nasjonar i den. Lovsongen fremjar rett og slett Guds verk i verda, og dersom du ønskjer å bidra til at nye menneske kjem til tru og lærer seg å elska Jesus, Guds Son, skal du læra deg å lova og takka han kvar einaste dag.

Og så til slutt: Når me lovar Gud, kjem han og lækjer dei av oss som har sundbrotne hjarto. Det spelar ingen rolle kva grunnen er til at liva våre vart knuste, for Gud er ein nådig Gud som har ei enorm medkjensle med sine skada barn, og han tek oss på fanget og steller godt med oss når me kjem og overgjev oss med alt vårt til han.

Far i himmelen! Me vil lova og takka deg så lenge me lever og er til, og i himmelen vil me utfalda oss i lovsong og dans, utan den minste skamkjensle,  gjennom alle æver. Fyll oss med Anden slik at me, som dei første kristne, kan lova og prisa deg med ord som du gjev oss. Me takkar deg for alle menneske som i dag kjem inn i ditt rike og i di kyrkje. Gjer dei faste i trua, læk alle deira sår og lær dei å lovsynga og takka deg under alle tilhøve. Ta godt vare på det jødiske folket, samla dei i ditt land og gje dei frelse, fred og lækjedom ved trua på Jesus Messias. Amen!"

Ingen kommentarer: