Follow by Email

lørdag 29. desember 2012

Å lida for Kristus

Pastor Behnam Irani with his son.

Pastor Behnam Irani er dømt til seks år i iransk fengsel for sitt engasjement for Jesus. Han har store helseproblem pga påført tortur. I dag er meir enn 300 kristne i fengsel for trua si i Iran.

Jesus vart forfølgd heilt frå han vart fødd. Herodes ville drepa barnet, og Maria og Josef måtte ta han med seg og flykta til Egypt.

Paulus sa: "Me må gå inn i Guds rike gjennom mange trengsler." Og ein annan plass: "Den som vil leva gudfryktig i denne verda, vil bli forfølgd." Det er dei føresetnadane me som kristne lever under. Den som ikkje kan tenkja å bli forfølgd, bør ikkje bli kristen. Slik er det med den saka.


I vår gamle kristne kultur er det enno lite og ingenting av forfølging å snakka om. Litt baktale og litt diskriminering må me tola. Det er ikkje så mykje å snakka om. Å bli forfølgd derimot er å bli jaga av folk som vil ta livet eller fridomen frå deg. Det er ei heilt anna sak.

Forfølging er det normale for mange av verdas kristne. Alle som vender om til Jesus i land som er dominert av islam, hinduisme, buddhisme og kommunisme må rekna med å bli aktivt forfølgde. Å gå til gudsteneste i nord-Nigeria desse dagar er med livet som innsats. I jula vart 9 gudstenestedeltakarar drepne av ei bombe som gjekk av i ei kyrkje. Ei ung kristen jente vart for to dagar sidan skoten og drepen av ukjende gjerningsmenn i pakistansk Baluchistan i sin eigen heim.


Den kristne kinesiske diktaren Li Bifeng er nett dømt til 12 års fengsel for "økonomisk bedrag", reint fabrikerte klagemål mot ei plagsam røyst. Grunnleggjaren av South China Church Gong Shengliang sit inne med ein dom på 19 år for statsfientleg verksemd. Han har nett fått alvorleg hjerneslag, men vert nekta legehjelp. Likeeins den iranske pastoren Behnam Irani. Han sit inne med ein dom på 6 års fengsel. All tortur har påført han alorlege helseproblem, m.a. har han pådrege seg tjukktarmbetennelse som kan føra til rask død,  men han blir også nekta medisinsk bistand. Slik kunne me ha halde fram. Dette er forfølging.

Ein reknar i dag at 200 millionar kristne blir, eller risikerer å bli, forfølgde. Dette gjeld ikkje berre dei som held ein høg kristen profil, men også dei som berre ope går på gudsteneste, eller som av samvitsgrunnar ikkje kan oppfylla dei religiøse pliktene som t.d. styresmaktene i eit muslimsk samfunn forventar at ein oppfyller. Å ikkje bøya seg mot Mekka og be fem gonger for dagen, kan t.d i Iran resultera i fengsling og tortur.

Korleis skal me forhalda oss til dette? Når me blir forfølgde skal me møta hat med kjærleik. Jesus seier: "Elsk fiendane dykkar og be for dei som forfølgjer dykk." Men når me ser at andre vert forfølgde, skal me som enno nyt fridomen og som ikkje er råka, kjempa med nebb og klør for dei som er råka av djevelens raseri. Me skal be for dei forfølgde og mot dei som forfølgjer. Me skal tala dei forfølgde si sak, senda brev til styresmaktene, oppmuntringsbrev til dei som sit i fengsel og gje økonomisk støtte til familiane deira.

i Hebrearbrevet 13,3 les me: "Kom i hug dei som sit i fengsel, som om de sat i lenkjer saman med dei. Og tenk på dei som blir mishandla, som om det gjaldt dykkar eigen kropp."

Der har du litt av ditt og mitt program, og for oss som bur i Noreg er det naturleg å retta engasjementet vårt gjennom  organisasjonar som Stefanusalliansen og Åpne Dører.  Og det gjer me, og det skal me gjera. 

Kjære Herre Jesus! Minn oss som nyt fridomen om å be for og hjelpa alle som sit i fengsel fordi dei trur på deg, eller som på andre måtar vert forfølgde for trua si. Må dine englar alltid verna dei. Må dei få vera lys for deg mitt i trengsla, og gje dei, i din time, fridomen attende. Amen!







Ingen kommentarer: