fredag 28. desember 2012

Herodes si ugjerning - og vår skam

Herodes hadde minst èi vond ånd i seg, han, som alle andre despotar. Då han høyrde om Jesus, ville han berre drepa han. Men som me veit: Pappa Gud passa på Jesus og fekk han ut av landet. Det er altså ikkje feigt av kristne som er under forfølging å flykta frå forfølgarane. Jesus måtte også det, og det kan vera det einaste rette å gjera når situasjonen for ein sjølv og dei næraste vert umogeleg. Og ein ting til: Det er heilt OK å vera redd. Folk som ikkje er redde, er kanskje berre dumme, har ein eller annan sagt. Men du skal ikkje la deg styra av frykten din. Det er Jesus som er Herren din, og det er Han som skal leida deg.

Etter at Maria og Josef tok Jesusbarnet med seg til Egypt, inntraff det ein tragedie av store dimensjonar i Betlehem. Då Herodes forsto at vismennene aldri ville koma og fortelja han kor Jesus var, gjekk djevelen berserk i han, som han rett ofte gjer i valdspersonar, og Herodes bestemte å drepa alle gutebarn i Betlehem som var under to år.

Det vil eg gjerne ha sagt i samband med dette: Alle barnedrap og massakrar er motivert av vonde ånder, også drap av ufødde barn. Jesus seier: Tjuven kjem berre for å drepa, stela og øydeleggja, og Johannes skriv i sitt første brev at "djevelen var ein manndrapar frå starten av", og han skriv vidare vidare: at Jesus er openberra for å gjera ende på djevelen sine gjerningar, altså alle former for drap og løgn.

Det er sagt at gutebarna i Betlehem var dei dei første kristne martyrar. Vel, i alle fall var dei dei første som vart drepne pga Jesus. 2. juledag er tradisjonelt deira minnedag. Me er ikkje så gode på minnedagar i våre samanhengar. Me held oss til dei store høgtidene. Men no treng me ein ny minnedag, ein dag i året då me på heilt spesielt vis minnast alle dei små ufødde som i vårt land og elles i verda vert utsette for kirurgens brutale drapsinstrument, ein dag då me kan løfta opp desse små og gjera dei til personar, ein dag i året då me kan gå innfor Gud og be om nåde for barna og for oss sjølve som held på med desse forferdelege udådane. Eg slår med dette til lyd for å attreisa 14.mai som ein slik årleg minnedag, og til ein dag då me går i fletta på døden og prøver å gje kvinner og menn mot til å bli mødre og fedre for dei små som dei saman har avla i mors liv.


Det er store dødstal me snakkar om når det gjeld abort. I verdssamanheng vert det utført  56 millionar på årsbasis. Me kan seia det slik: Den 3. verdskrigen er alt i full gong. Det er dei vaksne mot dei minste, eit rått parti, spør du meg. Folk med våpen mot folk utan våpen. Dei sterke mot dei svake. Det er den skitnaste krigen i historia, og nokre tener pengar også på denne. Og så er det ein underleg krig fordi han er blotta for aggresjon. Han vert utkjempa utan vreide, men dog med djevelsk effektivitet, og utan tilsynelatande risiko for angriparen.  73% av alle graviditetar i Russland endar med abort. Det har ført landet inn i ein demografisk krise av dimensjonar. Folketalet søkk som ein stein. For ei armod som ligg framfor dette landet, for ei sveikking av alle ledd i nasjonen. Og russarane er på ingen måte åleine. Mange land er i same situasjon. Og kven skal reisa seg mot uretten utan Guds kyrkje? Me som veit at Gud ein gong var stor som eit knappenålshovud i Marias mage, og som dermed identifiserte seg med alle foster for all framtid og slik gav dei fullt menneskeverd. Tenk på abortpresset som Maria hadde fått på seg om ho hadde levd i vår tid og blitt gravid på den måten som det skjedde? Tenk deg at Jesus hadde enda opp som ein abort. Svimlar det for deg?  Tenk når Gud skal stilla menneska til ansvar for drapa på alle ungane sine? Korleis vil det gå dei som då må svara for seg? Mødre, fedre, besteforeldre, legar, politikarar? Me er visst alle involvert.

"Dei har ikkje medkjensle med barnet i mors liv," sa Gud til meg for mange år sidan. Men det derimot har HAN som er den rette far for alle barn, fødde som ufødde, og det må alle vita som er involvert i denne uretten på eitt eller anna vis.

Far i himlen! Sjå i nåde til oss. Lat din dom over liva våre bli tydeleg slik at me vender om frå våre synder,  jagar djevelen på dør og blir eit rettferdig folk. Gje alle gravide sterke morskjensler for dei ufødde barna sine, og motiver dei til å seia ja til livet og nei til døden. Gje oss rettsindige politikarar som har mot til å ta opp denne uretten i lovverket, og som jobbar for å fremja og verna livet og stoppa døden. Amen!

Ingen kommentarer: