Follow by Email

mandag 24. desember 2012

"I dag er det fødd dykk ein frelsar"


Ja, slik talte engelen til gjetarane. Ventetida var over. Det var ikkje profetiske ord engelen kom med. Nei, han kom til dei for å fortelja om oppfylling av profetiane. Det som profetane hadde snakka om skulle skje, hadde skjedd. Barnet som Jesaja hadde talt om 700 år tidlegare, han som skulle heita Underfull Rådgjevar, Veldig Gud, Evig Far og Fredsfyrste, han kunne no besøkast i Betlehem i ei krubbe. Det var berre å ta turen, så ville gjetarane få sjå verdas frelsar med eigne augo. Men dei måtte gå og oppsøka han der han var. Slik var dei i same situasjon som oss: Me må gå og oppsøka han der han er, i Bibelen og i si kyrkje.

Det er eit viktig poeng dette: Jesus tilhøyrer ikkje mytane si verd. Han vart fødd på eit kjent tidspunkt på ein kjent plass av ei kjent, namngjevne kvinne, og med ein kjent namngjeven fosterfar som jordmor.

Jesus tilhøyrer vår historie, vår verd, han vart gjeven til OSS. Han er både sann Gud og Guds gåve til oss, og me blir frelst ved enkelt å ta imot han med takk. Ja, det er den einaste måten eit menneske kan bli frelst på. Det er både frigjerande og audmjukande. Frigjerande fordi me slepp å streva med eit vonlaust prosjekt. Audmjukande fordi me så gjerne sjølve vil ha æra for vår eigen framgang. Men i møte med Gud er tanken på eiga ære utelukka. Ingen av oss er så edle at me når opp til Guds standart med liva våre. Ingen er så kloke at dei kan tenkja eller filosofera seg fram til samfunn med Gud. Me må berre kapitulera og ta imot frelsa som ei gåve ved å takka Jesus for at også me også vart tilgodesett julenatt, me som alle andre.

Det er så enkelt å bli frelst. Og det er så fint å vera det. Så forfriskande. Det er så godt å tenkja på at Jesus vart gjeven til ALLE menneske. Då kan eg med stort frimot seia: Han vart gjeven til MEG. Jesus er MIN. Når det gjeld mitt høve til Gud og når det gjeld mi framtid, reknar eg berre med Jesus. Og eg stolar på Bibelen når eg les: "Den som stolar på Han, skal ikkje bli til skamme."

Ein frelsar. Kva er ein frelsar? Det ordet som blir brukt på gresk tyder noko slikt som dette: "Ein som hoppar uti vatnet for å berga ein som held på å drukna."Jesus kom inn i vår verd for å berga oss frå undergangen, frå fortapinga. For det er berre fortapte som treng å bli berga. Han hoppa biletleg tala uti det kalde vatnet. Kom frå Guds himmel der han kunna nyta Fars varme godleik uavkorta, og inn i vår verd der han måtte tola å bli mistrudd, hata, håna, spotta, spytta på, torturert og til slutt krossfesta. Men magien i dette var det ingen som forsto: Då Gud døydde friviljug under menneska sin dom, vart vår vondskap sona og døden overvunnen ein gong for alltid. Han døydde for alle, forat me som lever ikkje lenger skal leva for oss sjølve, men for han som døydde og sto opp for oss.

Med desse ord av apostelen Paulus vil eg ønskja alle mine lesarar og tilhøyrar ei god jul saman med Jesus, slekt og vener.

Herre Jesus Kristus! Du som er Gud og som var i Guds himmel hos Gud, du akta det ikkje for eit røva gods å vera Gud lik, men av deg sjølv gav du avkall på alle himmelska goder, kom til oss i kjøt og blod, som vår tenar og vart menneske lik. I dag, på julafta, vil me æra deg, saman med englekoret og synga: "Ære vere Gud i det høgste." Ja, du skal ha all ære for vår frelse. Me kan ikkje ta noko ære sjølv. Den er di åleine. Deg tilhøyrer takken og prisen, makta og æra, visdomen og sangen frå no av og i all æva. Amen!

Ingen kommentarer: