torsdag 13. desember 2012

"I god tru"

Mannskapet på det norske Herkulesflyet som styrta inn i Kebnekaise i sommar fekk ingen varsel om at dei var på feil kurs. I god tru moste dei inn i fjellveggen. På null tid var dei over i evigheten og sto framfor Gud. Så fort kan det gå.

Å vera "i god tru" kan vera skummelt. Dersom trua er bygd på feil realitetar, kan det føra folk ut i alvorelege problem, og i verste fall til døden.

Nokre seier at det spelar ikkje nokon rolle kva du trur på, berre du har noko å tru på. Ingen kan ta meir feil enn dei som snakkar slik. For dersom det du trur på ikkje held mål, eller enno verre, berre er eventyr og løgn, er du ille ute. Det kan gå skikkeleg gale for deg.

Nokre menneske seier: "Det eksisterer ingen Gud, ingen der oppe som kan hjelpa meg når livet blir vanskeleg, ingen som stilla meg til ansvar for korleis eg lever, og difor kan eg leva som eg vil."

Er dette sant? Nei, det er ikkje det. Sjølve samvitet ditt fortel at det finst ein Gud som tek deg på ramme alvor, og som ein dag skal døma deg etter det du har gjort og vore. Samvit betyr jo rett og slett at du veit noko samen med nokon andre, og kven er så den andre part? Kven er det som dømmer deg i ditt indre når du forgår deg? Kven er det som framkallar skam i deg? Ingen andre enn Gud sjølv. Og kvifor gjer han det? For å få deg til å innrømma feila dine. Då kan han, fordi Jesus døydde for syndene dine, frikjenna deg for all skuld og ta deg inn i sitt fellesskap.

Å vera menneske er noko eineståande. Me er dei einaste skapningane som vil ha meir enn mat, varme, sex og fellesskap med individ av eigen art, me er dei einaste som løftar oss over dei reint jordiske behova våre, og strekker oss mot noko som er større enn oss sjølve, mot sanning og venleik, mot kunnskap og klokskap, mot rettferd og godleik, ja, mot Gud sjølv, han som er opphav til alle ting og som vår kjære og beundringsverdige Far.

Å leva livet sitt i god tru som om Gud ikkje eksisterer, er dårskap. For den som lever utan Gud, døyr utan Gud og då vert æva også utan Gud. Det er ein stor tragedie. Må den aldri råka deg.


Ingen kommentarer: