Follow by Email

mandag 17. desember 2012

Maria og Elisabeth. Lukas 1,39-45


39 Nokre dagar etter drog Maria av stad og skunda seg opp i fjellbygdene, til den byen i Juda 40 der Sakarja budde. Der gjekk ho inn til Elisabet og helsa på henne. 41 Då Elisabet høyrde helsinga frå Maria, sparka barnet i magen hennar. Ho vart fylt av Den heilage ande 42 og ropa høgt: «Velsigna er du mellom kvinner, og velsigna er frukta i ditt morsliv. 43 Korleis kunne det henda meg at mor til Herren min kjem til meg? 44 For då lyden av helsinga di nådde øyret mitt, sparka barnet i magen min av fryd. 45 Ja, sæl er ho som trudde, for det Herren har sagt til henne, skal oppfyllast.»

Maria var i ein veldig spesiell situasjon. Ho var gravid utanfor ekteskap, og tenkte vel at mange i nærmiljøet ville ha vanskar med å tru at ho ikkje hadde vore saman med ein mann, og at barnet ho bar under hjarta sitt var Guds eigen Son. Difor skunda ho seg opp til Elisabet, den eldre slektningen sin, som budde i Judafjella ganske mange mil unna. Ho visste nok at Elisabet også bar på eit mirakelbarn, og tenkte at dersom det var nokon her i verda som ville tru på den fantastiske forteljinga hennar, så måtte det vera Elisabet og Sakarja. Når ting står på og blir vanskelege, er det godt å snakka med folk som trur på ein og har same referanseramma som ein har sjølv.
Maria vart godt motteken hos Elisabet og Sakarja. Ja, over all forventning. Det som skjedde var dette: Vesle Johannes i Elisabets mage reagerte spontant på Jesu nærvær. Han tok eit "gledehopp" då Maria kom inn. Han registrerte Jesus i si ånd. Og Elisabet vart fylt med Den heilage ande i same stunda, og begynte å tala profetisk om Maria som Herrens mor, og det barnet ho hadde i magen sin som Gud. Ein slik absurd tanke kan ikkje eit menneske avla hos seg sjølv. Det var ei guddommeleg openberring.

Dette er lærerikt. Alle som har Den heilage ande, elskar Jesus.  Ingen tvil om det. Men dei som er fylte av Anden, talar i tillegg gjerne profetisk til kvarandre, slik som Elisabeth og Maria gjorde det her i Lukas 1. I tillegg er dei prega av eit overskot av glede og frimot, og grip alle høver som melder seg til å leggja inn eit godt ord om Jesus for sine medmenneske.

Både Maria og Elisabet tilhøyrde den gamle pakta, men dei føregreip på mange vis den nye som kom med Jesus, han som betalte for alle våre synder med sitt blod og slik gjorde himmelen og Den heilage ande tilgjengeleg for alle menneske. Me lever i Andens tidsalder no då det å tala profetisk og be for sjuke skulle vore daglegdagse aktivitetar for alle kristne, noko som det på ingen måtar. Måtte det berre bli slik igjen. Då vil Guds kyrkje bli bygd opp både i kvalitet og kvantitet. 

Korleis kan det skje? Ved at me som truande menneske ryddar plass for Gud i liva våre, innrømmer vår åndelege fattigdom og går saman om å be om at det store underet skal skje. Så må me få ut alt i liva våre som gjer Anden sorg, alt som me fyller tankar og sinn med som ikkje har sitt opphav i himmelen, samt alle gode aktivitetar som tek så stor plass i liva våre at Gud nærast blir pressa opp i ein krok. Då vil det gode skje, for det i oss som me gjer tilgjengeleg for Gud, vil han fylla. Slik er han berre. Lukke til. 

Herre Jesus! Du kom til oss for å sona syndene våre, gje oss Den heilage ande og føra oss inn i nådepakta som kviler på deg og di gjerning for oss. Me takkar og ærar deg for ditt offer. Utan deg hadde me vore evig fortapte. Men me innrømmer for deg at me har fylt liva våre med mange ting som ikkje har sitt opphav i himmelen, og noko av det me rører ved tilhøyrer til og med djevelen. Tilgje oss våre synder, og reins oss frå alt som hindrar ditt verk i oss og mellom oss. Renn enno ein gong Anden din ut over oss,  slik at Han kan fylla kvart rom og kvar krok av liva våre, og me berre kan boltra oss i han dagen lang. Herre, miskunna deg over oss i ditt eige namn. Amen!


 

 

Ingen kommentarer: