Follow by Email

lørdag 1. desember 2012

Salme 103,4 og Torgeir Stensrud

 Torgeir Stensrud

"Han som frir livet ditt frå grava og kronar deg med miskunn og kjærleik."

Jesus har sigra over døden. Han sto opp, han lever og er midt mellom oss. Gud er slett ikkje fjern og kraftlaus. Nei, han er mektig nær og hjelper oss ut av den djupast naud når me kallar på han.

Den suksessrike offiseren, idrettsleiaren og forretningsmannen Torgeir Stensrud vart i 1993 og 2005 dømt til mange års fengsel for å ha svindla norske bankar for 1,2 milliardar kroner  i den såkalla Finance Credit saka. I kveld sto han fram på NRK-TV og fortalde om livet etter arrestasjon og soning.  Me kan trygt seia at han var i den djupe grava. Han var uendeleg langt nede psykisk, og var faktisk på veg til å døy fysisk pga overvekt.

Men under ei julegudsteneste i Oslo fengsel greip Gud inn. Han kom til han med håp, og med eit klårt uttrykt oppdrag om å bringa håpet vidare til dei andre innsette. I dag jobbar han i Kirkens bymisjon og brukar all si tid og kraft på å hjelpa kriminelle menneske på rett spor. Han gjev dei fellesskap og dei får tilbake trua på at det går an å leva sant dersom ein verkeleg vil det.

Stensrud er ein av mange som har opplevd å bli fridd ut frå grava. Nokre har vore djupt inne i rus, andre i økonomisk bedrageri, og atter andre i seksuell utruskap, løgn og fanteri. Men alle som ropar til Gud og er villig til å ta eit oppgjer med synda, får hjelp og opplever utfriing, og det som meir er: dei vert krona med miskunn og kjærleik.

Torgeir Stensrup sa at han før berre levde for å bli rikare, men at han i den tida ikkje forsto seg på dei verkelege verdiane. No hadde han funne dei i det å formidla godleik og hjelp inn i andre sine liv.

Gud er fantastisk. Han ikkje berre tilgjev og reinsar oss for synd, i tillegg fyller han oss med miskunn og kjærleik slik at me begynner å leva for andre og ikkje lenger for oss sjølve. Det er berre heilt konge.

Takk Jesus for at du bøyer deg ned og frir oss ut når me er fanga i synd og elendighet. Ingen som kjem til deg blir bortviste. Du tilgjev alle som ber om det, gjev oss ein ny start og eit nytt liv der det gode vinn over oss og me får oppleva dagleg siger over det vonde. Du kronar oss med miskunn og kjærleik, fyller oss med medkjensle for dei lidande og med kraft til å hjelpa. Lova vere ditt namn. Amen.

Ingen kommentarer: