torsdag 3. januar 2013

Det usynlege



 
Bilete er frå partikkelakselleratoren i Cern der dei jaktar på ukjende og usynlege partiklar.

 ”Eg kan ikkje tru på noko anna enn det eg kan sjå og ta på,” høyrer me gjerne folk seia når det blir snakk om religion og tru. Og dei legg gjerne til:  ”eg trur på vitskapen, ikkje på religionen, for vitskapen jobbar med fakta, medan religion er fantasi.”

Lite er meir misforstått enn slike utsegner. For saka er den at 70% av alt som vitskapen meiner eksisterer i universet er heilt uobserverbart, ein berre veit at det vera der. Astrofysikarane snakkar i dag om det dei kallar ”mørk energi”, noko universet må vera fullt av sidan det utvidar seg med stadig større fart (dersom utvidinga skuldast ein eksplosjon, eit Big Bang, ville farten avta med tida) . Ingen veit kvifor universet akselererer utover, berre at det må skuldast ei totalt ukjent kraft som forskarane trur (ja, TRUR) skuldast ein ny partikkel som er så liten og av ein slik art at han er uobserverbar med dei metodane me rår over i dag, men som er overalt i materien og i rommet mellom stjernene. 

Dei som trur på vitskapen er rett og slett nøydd til å tru på det usynlege og usansbare. Ja, heile vitsen med vitskapen er jo å avdekka slike ting.

På 1800-talet var det mange som døydde av sårinfeksjonar på sjukehusa, også fødande kvinner gjorde det. Den ungarsk-austerrikske  legen Ignaz Semmelweiss (1818-1865) meinte at desse infeksjonane skuldast eit usynleg stoff som let seg vaska bort med klorkalk.  Bakteriane var ikkje kjende på den tida, dei var så langt heilt usynlege, og alt snakk om usynlege ting vart latterleggjort av Semmelweiss sine kollegaer. Men som me veit, Semmelweiss hadde heilt rett. Han var den vitskaplege, ikkje dei som berre ville tru på det dei såg og kunne ta på. 

Då Galileo Galilei i 1610 retta teleskopet sitt mot planetane, kunne han sjå at Jupiter var kulerund, at han var opplyst av sola og at det sveiv månar rundt han. Så langt hadde ingen kunna observera andre månar enn Månen, men det betyr ikkje at dei ikkje eksisterte. Sjølv om dei var usynlege for det menneskelege auga, så var dei der då likevel. 

Me trur alle på det usynlege. Ingen har nokon gong sett eit atom, men me veit at me sjølve og alt anna er bygde opp av dei. Me trur alle på elektronar, protonar og nøytronar. Ingen av oss har sett dei, men me veit at dei er eksisterer og at det er desse partiklane som lagar atoma. Korleis kan me vita det? Jo, ved at modellane me har laga ser ut til å stemma. 

Mangt av det som eksisterer kan me rett og slett berre studera ut frå den verknad det har på andre ting. Lat oss t.d. ta magnetismen. Ingen veit kva dette fenomenet eigentleg er, og dei magnetiske kreftene er usansbare for oss. Me kan berre sei noko om dei ved å studera kva verknad dei har på jern.
Det same kan me seia om tyngdekrafta. Ingen veit så langt kvifor ting dett ”ned” og ikkje ”opp”, eller sagt på ein annan måte: kvifor ting med masse dreg kvarandre til seg. Men me kan måla denne krafta ved at me ser korleis ho verkar. 

At Gud er usynleg betyr altså slett ikkje at han ikkje finst, berre at me med vårt sanseapparat ikkje kan registrera han direkte. Og dersom Gud eksisterer, kan me aldri forska på han som me kan gjera på andre usynlege ting. Me kan berre forska på natur, altså skapte ting, men ikkje på han som har skapt alt og som står over naturen. 

Dersom Gud finst, er det han som bestemmer spelereglane. Som Jesus sa til veninna Marta då broren Lasarus var dø: ”Sa eg deg ikkje at dersom du trur, skal du få sjå Guds herlegdom.” Altså: Trua kjem først, så kjem erfaringa. Då Marta valde å tru på Jesus, skjedde underet. Det var ein erfaring av Gud som aldri sleppte taket i henne og i dei som ho hadde rundt seg. 

Dei fleste vil gjerne snu på denne rekkefølgja og sei: ”Berre eg får erfara Gud, så vil eg tru på han!” Men slik fungerer det ikkje. Gud let seg berre erfara gjennom tru. Kva er det så å tru? Det er å ta sjansen på at han finst og be til han. Då erfarer me at den som ber, han får, og dette med hans eksistens og hans evige omsorg fell lett på plass i liva våre.

Dette er ikkje blind tru. Det har vore så mange som har gjort dette før og erfart at Gud  faktisk  er til å stola på. Bibelen seier at me har ei sky av vitner rundt oss, truande menneske som søkte Gud og som fann han. Og gjennom profeten Jeremia har Gud sagt til oss: ”De skal søkja meg, og de skal finna meg når det søkjer meg av heile dykkar hjarta.”

Ingen kommentarer: