mandag 2. desember 2013

Har Gud verkeleg sagt?



Djevelen prøver alltid å gjera Gud til ein karikatur, og lukkast i stor grad med det. Mange opplever Gud som latterleg rett og slett fordi dei ikkje tek seg tid til å studera Bibelen for å finna ut kva han verkeleg seier.
«Har Gud verkeleg sagt at de ikkje har lov å eta av noko tre i hagen?» spurde slangen Eva. Strategien var enkel, han ville gjennom grov overdriving skapa eit rom for tanken om at Gud ikkje var så edel og raus som ho trudde, gje rom for tanken om at Gud kunne vera urimeleg, ja, løgnaktig, dominant, påhalden og gniten.
For kva hadde Gud sagt? At dei kunne eta av ALLE tre i hagen med unnatak av det eine.
Djevelen er mistankens store meister. Var det då, er det no, og på den måten tek han trua på Gud frå folk,  splittar elskande og vener og forpestar relasjonar.
Men menneske er skapt til å leva i eit nært tillitshøve til Gud, og når vonde tankar kjem mellom, misser me kontakten med Han og vert einsame og redde når dei store livskrisene kjem over oss.
Skal me halda fast på eit rett bilete av Gud, må me sjå på Jesus Kristus og studera hans liv og tale. I Det nye testamentet står han fram for oss som Meisteren over alle livssituasjonar, som Messias, den levande Guds Son, som vegen, sanninga og livet, som frelsar og Herre og som vår trufaste bror og ven.
Kva enn beklageleg du har gjort, tenkt, sagt og meint om Gud og din neste: Jesus har betalt for alt med sitt eige blod. Overgje deg tillitsfullt til han. Hos han er du heime, og når du døyr, går du inn til evig glede hos Gud. 

Ingen kommentarer: