søndag 1. desember 2013

Treet til kunnskap om godt og vondt



På Bibelens første blad kan me lesa om korleis Gud plasserte dei første menneska i ein vakker hage, og at han midt i hagen planta to tre, livsens tre og treet som kunne gje kunnskap om godt og vondt.
Menneska måtte gjerne eta av alle tre i hagen, men treet som kunne gje kunnskap om godt og vondt måtte dei ikkje eta av. Den dagen dei gjorde det, ville dei døy.
Mange spør: Kvifor planta Gud eit tre som kunne bringa ulukke inn i menneskeslekta? Var det så lurt?
Svaret er enkelt: Dei skulle ikkje få kunnskap om godt og vondt ved å eta av treet, men av å ikkje eta av det. Ved ikkje å eta av treet, ved å vera lydig mot Guds bod, skulle menneska læra seg å skilja mellom det gode og det vonde. For lydnad mot Gud er alltid av det gode, og ulydnad mot Gud er alltid av det vonde.   
Ved å følgja Guds lover, utviklar menneska sunn dømekraft, når me bryt lovene, misser me denne dømekrafta og begynner å tru at det vonde er godt og vise versa. Det ser me mange døme på i våre dagar.
All synd som ikkje blir gjort opp for fører menneska inn i den evige døden. Men Gud har i Jesus Kristus opna ei kjelde med tilgjeving for oss menneske, og alle som vil innrømma syndene sine og venda seg frå dei, kan drikka av denne kjelda. Slik er Jesus Kristus blitt vår von, eller skal me seia eit livsens tre midt i ei verd der døden rår.

Ingen kommentarer: