I går feira me grunnlova vår. Den vart signert av 112
eidsvorne menn på Eidsvoll 17.mai 1814. Etter 400 år under Danmark, var me
brått ein fri nasjon. Problemet vårt var at det var det ingen andre som meinte.
Ingen andre nasjonar anerkjende Noreg som ein eigen suveren stat. Stormaktene
som hadde tukta Napoelon, hadde lova oss bort til Sverige, og etter ein kort
krig i august same året, kapitulerte me. Den 4. november vart
ei ny grunnlov signert i Moss. Denne var ikkje så heilt ulik den frå 17.mai,
men slo fast at Noreg og Sverige skulle vera i union under felles konge, og
at Sverige skulle ha hand om utanrikspolitikken. Det tok enno 91 år før me var
heilt frie og sjølvstendige. Tida frå mai til november 1814 vart berre ein
forsmak.
Nasjonal fridom og nasjonalt sjølvstende i stort. Det er god
grunn for oss å feira det. Men det å kunna styra seg sjølv er ikkje godt nok med
tanke på at folk skal vera lukkelege. Skal fridomen vera god, må han koplast
saman med rettferd og godleik både i lovverket og i måten me lever liva våre på. Kva betyr så det? For det
første at me ikkje lever for å ha det best mogeleg sjølv, men at me dreg omsorg
for dei som har det vanskeleg, dei fattige, flyktningane, rusmisbrukarane, eineforsørgarane
osv. Det betyr at me ikkje lenger kan leva ut lystene våre, dei er ofte vonde, men at me set andre sine
interesser framfor våre eigne. Dersom desse haldningane vert borte hos oss, og
me begynner å fokusera mest på oss sjølve, undergrev me på sikt både fridomen
og sjølvstende vårt. Eg er redd dette alt er i ferd med å skje i Noreg i dag.
Gud i himmelen har lært oss livsens veg. Han seier i Bibelen:
”Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta, av all di makt og av alt
ditt vit, og du skal elska nesten din
som deg sjølv.”
Det handlar om å elska. Det finst ikkje fridom eller rettferd
utan kjærleik. Kjærleiken er den verdien som ber alle andre. Og denne
kjærleiken er ikkje først og fremst ei kjensle, men eit val som du tek kvar
einaste dag om å setja dine eigne interesser til sides for fordel for andre
sine.
Det var dette Jesus Kristus gjorde på krossen. Hengande
mellom himmel og jord, følte han berre smerte. Men han tålte det for vår skuld.
Han kunne ha stege ned om han ville. Men han hadde tatt eit radikalt val: Eg må
frelsa mine medmenneske og ikkje meg sjølv.
Slik opna Jesus himmelens dør for oss, og dersom han får
berøra oss med sin enorme kjærleik, blir me også frie og rettferdige menneske,
og er det mange nok av oss i landet, vil me sikra dette landets framtid.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar