lørdag 5. september 2015

Ein heil bibel



 

I debatten rundt boka  ”22.juli-profetien” vert det fleire gonger i avisa Dagen skapt inntrykk av at Det nye testamentet seier noko heilt anna om Gud enn det Det gamle testamentet gjer. Akkurat DET er vel ein noko heimaspøta teologi. I alle fall er det ikkje i samsvar med Jesu ord. Han seier at han ikkje er komen for å oppheva lova og profetane, men for å oppfylla, og fleire stader gjer han det krystallklårt for oss at GT er Guds pålitelege og sanne ord. Ja, på Jesu tid eksisterte faktisk ikkje NT i det heile, og alt godt i NT som blir sagt om Guds ord, blir naturlegvis sagt om GT. Ingen bør antyda at Gud i GT er ein annan enn Gud i NT. Han var, er og blir den same. 

Naturlegvis er Guds pakt med Israel i GT annleis enn hans pakt med heile menneskeætta i NT. Men det er IKKJE slik at Gud i GT ein Gud som fordømmer og knuser syndarar medan Gud i NT frelser og tilgjev. Gud er den same i heile Bibelen, og han openberrar seg som dommar og frelsar i alle Bibelens bøker. 

Innfor døden er det rett å minna kvarandre om at det er menneske sin lodd ein gong å døy, og så koma for domen. Ingen går utanom det. Her er Bibelen tydeleg i språket. Men like tydeleg er det både i GT og NT at ”den som tek sin tilflukt til Herren ikkje skal dømast skuldig.” Abraham og alle heilage i GT vart rettferdiggjort gjennom trua, og slik er det også for oss. Dei heilage i GT og dei heilage i NT vart alle frelste ved tru, og bak det heile ligg Guds evige kjærleik til alle menneske, Israel som heidningar.

22.juliboka har eg ikkje lese, og kjem heller ikkje til å gjera det. Men generelt er det å seia at ”profetiar” som kjem i ettertid av ei hending er lite å bry seg om. Profetisk tale i GT er slik at han etterprøvast når han blir oppfylt, og er det ein domsprofeti det er snakk om, skal folk få ein sjanse til å venda om. Då vil Gud endra planane sine.  Det er DEN type profeti me finn i GT.
Elles  framstår Gud både i GT og NT ein tolmodig, ja, langmodig og nådig Gud som helst vil at folk skal venda om frå syndene sine. Han har ingen glede av å døma nokon som helst, og difor vart han også menneske og tok på seg domen på våre vegne. Men omvending er nødvendig for alle.

Ingen kommentarer: