![]() |
Ignaz Philip Semmelweiss |
«Eg er ikkje kristen, ikkje ateist. Eg er realist,» sa ein
ung mann til meg nyleg, og med det meinte han at det einaste me strengt tatt
kan rekna med her i verda er det me kan sansa.
Han er ikkje åleine om å tenkja slik. Mange gjer det.
Men er det sant? Held ein slik haldning vatn når me tenkjer
nærare etter? Nei, han gjer ikkje det. Lat meg ta eit par døme frå
vitskapshistoria for å underbyggja meiningane mine.
På 1840-talet uttrykte den ungarske fødselslegen Ignaz
Semmelweiss at han trudde det måtte eksistera eit usynleg «likstoff» som legar og studentar fekk på
hendene sine under obduksjon, eit stoff dei bar med seg til barselsavdelinga på
sjukehuset og som vart årsak til barselsfeber og død blant fødande. Han innføre
grundig handvaskrutinar for alle som skulle stella med fødande mødre, med det
resultat at dødstala stupte. Han vart seinare kalla «mødrene sin frelsar».
Men alt snakk om «usynleg likstoff» ville ikkje kollegane
hans høyra noko om. Det vart stempla som tøv. Alle visste at det ikkje
eksisterte noko usynlege. Han vart avvist som uvitskapleg, og frosen ut av
stillinga si.
20 år etter fann den franske forskaren Louis Pasteur ut at
«likstoffet» var infeksjonsbakteriar, han kunne sjå dei i mikroskopet sitt, og
at sjølv om dei var usynlege, var dei heilt reelle.
Lat oss gå enno lenger attende i tid, til den store
italienske vitskapsmannen Galileo
Galilei som døydde i 1642. Då han retta teleskopet sitt mot Jupiter, såg han
for første gong fire av dei mange månane som går i bane rundt planeten. Ingen
hadde sett dei før. Men dei var der jo like fullt.
Vitskapen lever av å leita etter og oppdaga «det usynlege».
Dersom ein skal ha som utgangspunkt at me ikkje skal tru på noko som ikkje er
umiddelbart sansbart av menneske, stansar vitskapen heilt opp. Då er det ikkje
meir å finna ut. Men det er det jo,
for det meste som eksisterer er faktisk ikkje sansbart for oss menneske.
Tenk på luktene. Hundar kjenner lukter som er umogelege for
oss menneske å registrera. Men me lurer aldri på om desse luktene eksisterer,
rett og slett fordi me forstår at vårt eige sanseapparat er ytterst avgrensa.
Kva så med Gud og religion? Ateisten seier gjerne: «Eg kan
ikkje tru på ein gud som eg ikkje kan sjå eller sansa, eg trur berre på
vitskapen.» Nei, han gjer ikkje det. For vitskapen MÅ tru på det ikkje-sansbare
for å koma seg vidare. Dersom ein berre trur på det sansbare, trur ein ikkje på
vitskapen.
Vitskapen kan altså ikkje avfeia Gud med at usynlege ting
ikkje eksisterer.
Alle i våre dagar trur på det usynlege. Me trur på atomer,
elektronar, protonar, nøytronar, nøytrinoar, positronar, mesonar, kvarkar og
mange andre elementærpartiklar som verda er bygd opp av. Om nokon har sett dei?
Nei, aldri. Ikkje èin av dei. Men at dei finst der er det ingen i tvil om.
Kvifor det? Fordi ein trur på vitskapen, ein vitskap som alltid søkjer etter ny
kunnskap i det usynlege.
Ved tru forstår me at det synlege er blitt til av det
usynlege, les me i Bibelen. Og siste delen av dette utsegnet er i dag også
vitskapleg lære. Kva var før Big Bang? Ingenting, seier Stephen Hawkins. Berre
eit punkt, og eit punkt har ingen utstrekning, ei heller volum, og dermed ingen
masse. Det eksisterte rett og slett ingenting før smellet. Ingenting som kunne
sansast. Og det er IKKJE mindreverdig,
ei heller flaut å seia at før smellet, om det var eit smell, var GUD, og at han
er alle tings opphav, mål og ende. Nei, det er det mest logiske og frigjerande
du kan seia om den saka.
Når kom Gud, og kor har han sitt opphav? spør snusfornuften.
Svaret er enkelt: Gud som er årsak til
historia, kan ikkje ha sin årsak i
historia. Og det fine er: Dette gjev universet meining. Elles er alt det
fantastiske og intelligente i universet, og i særleg grad livet på jorda, berre
heilt tilfeldig. Men det finst ikkje den reknemaskin i verda som kan rekna ut
ein så liten brøk som må til for å illustrera sannsynet for at det heilt
tilfeldig skulle oppstå eit DNA-molekyl som kunne duplisera seg og samstundes ta kontroll over aminosyrer og setja dei saman
til proteiner som er byggjesteinar i alle levande organismar. Den brøken er så
liten at me kan kalla han for null.
Til slutt nokre trusutsegner: Gud er logisk. Han er
matematikkens, logikkens, fysikkens og kjemiens far. Og alle som har erfart han og erfarer han, kan
dessutan fortelja at han er utruleg GOD, at han er nærverande og tilgjengeleg
for alle som kallar på han. Ingen menneske kunne eller kan nå fram til Gud på
eiga hand. Difor kom Gud til oss. Han kom gjennom sonen sin Jesus Kristus, og han
talar til oss gjennom Bibelen. Der kan alle finna ut kva Han vil me liva våre. Det
er ei livsnær bok som er godt forståeleg sjølv om ho er gamal. Ho har mi varme
tilråding. Men finn deg gjerne ein kjennar som vil lesa saman med deg i
starten. Det vil gje best utbyte.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar