Follow by Email

mandag 16. oktober 2017

Reformasjonen del 1



Den 31.oktober 1517 offentleggjorde augustinarmunken Martin Luther dei 95 tesane han hadde skrive mot kyrkja sin meiningslause avlatshandel. Slik starta reformasjonen, og i år markerer me at det er 500 år sidan dette hende. 

Pavar heilt ute av kurs

Kva var bakgrunnen for det som hende?
I seinmiddelalderen var den katolske kyrkja i ein elendig moralsk forfatning. Pave Aleksander VI som regjerte i Vatikanet frå 1492 til 1503 blir rekna for å vera den verste paven som nokon gong har sete på Peters stol i Rom. Han kjøpte seg til pavestolen gjennom skyhøge bestikkelsar, forgifta venene sine, fekk barn med dotter si, gjorde Vatikanet om til eit bordell og sørga for at heile Roms presteskap sokk ned i ei åndeleg og moralsk hengemyr utan sidestykke. På toppen av det heile sørga han også for at den vidgjetne profeten og forkynnaren Savonarola i Firenze vart hengt og brent.  Savonarola hadde talt mot Aleksander og nekta for at denne mannen med sine mange synder mot Gud og menneske kunne vera Kristi representant på jorda. Det var eit heilt utoleleg åtak.
Mange katolikkar i dag meiner at Aleksander med sine grove brotsverk og overgrep var den direkte årsaken til at reformasjonstankane slo gjennom i Nord-Europa. Den romersk katolske kyrkja hadde gjennom hundreåra samla seg enorme rikdomar og stor politisk og åndeleg makt. Folk kunne ikkje lenger sjå på at dette vart forvalta av korrupte og dekadente pavar som meinte seg å vera Guds ufeilbarlege ambassadørar på jorda medan liva deira avslørte at dei ikkje ein gong kunne vera kristne. Dei var eit hån mot Gud, folk og all anstendigheit.  

Julius II

Etter Alexander vart Julius II pave. Han var ein stor hærførar, men brydde seg lite om teologi og kyrkjelege ting. Han var ein krigar. 

Leo X

I 1513 vart Leo X pave i Rom. Det skjedde som vanleg ved hjelp av stikkpengar. Han kom frå den rikaste slekta i det tysk-romerske riket, Medici-slekta, og desse folka visste alltid å posisjonera seg .
Leo var svært lite interessert i dei åndelege delane av embetet sitt. Han var ein lettliva fyr som likte å gå på jakt, mora seg med vener, bruka tid i teater og byggja vakre hus, som t.d. den nye Peterskyrkja i Rom. Der han hyra han inn Michelangelo og Rafael til å stå for utsmykkingane. Leo X var eit øydeland. Han brukte ekstremt med pengar og førte Vatikanet til konkursens rand. Dette prøvde han så å bøta på gjennom den famøse og aggressive avlatshandelen.
Men her trødde Leo X alvorleg feil. Martin Luther hadde ingen tru på at Gud skulle la seg bestikka som om han var eit menneske. Og ikkje var det naudsynt heller. Gjennom mange år med sjeleleg krise hadde Luther kjempa seg fram til den forståinga at Jesus Kristus var den einaste mellommannen mellom Gud og menneske, at han med sitt blod hadde betalt for alle verdas synder, og at menneske vert rettferdig for Gud ved tru, og  ikkje av gjerningar. Guds frelse er ei kjærleiksgåve, sa Luther, ei gåve som me menneske må ta imot i tru. Det har ingenting med forteneste å gjera. Det er nåde.
Gjennom dei 95 tesane mot avlat, og dei skarpe bøkene «Til den tyske adel» og «Kyrkjas babylonske fangenskap» som han skreiv i 1520, slo Martin Luther beina under den katolske kyrkja si maktstilling i Europa. Lenge hadde det vore opplese og vedteke at frelsa låg i kyrkja og i bruken av sakramenta. Luther opponerte mot dette og slo fast at frelsa er i trua på Jesus åleine, hans person og verk. Guds frelse vert rett nok formidla gjennom forkynning, dåp og nattverd. Men ikkje på magisk vis.  Alle må ta imot Guds gåver i tru, og dei som gjer det, tilhøyrer Guds kyrkje. Men denne kyrkja er usynleg og ikkje identisk med noko jordiske kyrkjesamfunn. Berre Gud kjenner sine.  
I 1520 sende Martin Luther også eit varmt og sjelesørgerisk brev til Leo X der han ber han om å tenkja på sjela si og venda om til Gud. Denne vesle boka, som ber tittelen «Eit kristent menneskes fridom», er etter mitt skjøn noko av det vakraste og sterkaste som eksisterer i den kristne litteraturen. Her skriv Luther at alle menneske som trur på Jesus er frie barn av Gud og ikkje slavar under nokon. Kristne har den høgaste status som er mogeleg å få, og står ved trua over alle øvrigheitspersonar i heile verda, og kan, og skal, fritt og frimodig tala Guds ord og vilje inn i eitkvart menneskes liv. På den andre sida er dei, gjennom den kjærleiken som sette dei fri, alle sine slavar og underordna. Dei tener Gud ved å tena sin neste utan vederlag, slik som Jesus også demonstrerte i sitt liv.

Leo X ville ikkje lytta til Martin Luther. I staden lyste han reformatoren i bann. Loddet var kasta. Det var ingen veg attende. Reformasjonen hadde resultert i kyrkjeskisma, det første sidan 1054 då den katolske og den ortodokse kyrkja skilde lag.

Skrifta åleine        

Kyrkja hadde gjennom mange hundre år styrkja makta si over folk med å hevda einerett på bibelfortolking, og prelatane sette den kyrkjelege tradisjonen som normerande på linje med Bibelen.
Men Martin Luther hevda, som John Wycliffe og Johann Hus før han hadde gjort,  at Bibelen åleine var Guds ord. Ingen pave eller kyrkjemøte kan fortelja menneska kva dei skal tru og korleis dei skal leva for å vera kristne. Det kan berre Bibelen, og dersom paven eller eit kyrkjemøte forbyr ting Gud ikkje forbyr, eller tillet det Gud forbyr, representerer paven eller kyrkjemøte djevelen og ikkje Gud.
Prinsippet om Skrifta åleine som autoritet i kyrkja vart heilt avgjerande for reformasjonen. Alle andre prinsipp som nåden åleine og trua åleine kom som ein følgje av dette. Paven og kyrkjemøta (konsila) vart ribba for åndeleg autoritet.  
Dette er forresten noko å reflektera over i ei tid då kyrkjemøter igjen har kome til heider og verdigheit, og når me no igjen ser, og denne gongen i lutherske kyrkjer, at kyrkjemøtene gjer vedtak i strid med Bibelen, som om Gud i det siste skulle ha skifta meining.  Me snakkar naturlegvis om samliv og ekteskap mellom homoseksuelle. Det er ganske ironisk.

Ingen kommentarer: