torsdag 19. oktober 2017

Reformasjonen del 2. Boka og bøkene

Image result for Sola scriptura
Martin Luther. Målarstykke i slottskyrkja i Wittenberg. Mannen peikar på Ordet.

I 1199 gjekk det ut eit dekret frå pave Innosence III om at Bibelen ikkje skulle omsetjast til andre språk enn latin. Guds tankar kunne ikkje uttrykkjast på forsvarleg vis på dei barbariske språka, meinte han. Konsekvensen vart at folk flest i Europa ikkje hadde den minste peiling på kva Gud hadde sagt til slekta, og Guds ord fekk ikkje sleppa til med si frigjerande og nyskapande kraft i folks liv. Dei vart verande i stummande åndeleg og moralsk mørker.

Midt på 1300-talet tok John Wycliffe, teologiprofessor i Oxford, tak i situasjonen. Han fekk Bibelen oversett til engelsk, og sende unge menn, dei såkalla lolardane, rundt i landet for å lesa høgt for innbyggjarane. Dei fleste var jo på den tid analfabetar. Kyrkja rasa mot Wycliffe, fekk han avsett frå stillinga si, og som det ikkje var nok, forfølgde og drap dei lolardane. Men det Wycliffe hadde starta, let seg ikkje stoppa. Engelskmennene hadde fått smaken på Guds ord, og den slapp aldri taket i dei. Wycliffe sette i gong ein bibelmisjon som har halde fram sidan den tid og forvandla menneske og samfunn overalt der boka har kome inn og blitt lesen. Engelskmennene har vore mellom dei fremste ambassadørane for Bibelen i heile misjonshistoria, og er det framleis. Både Tyndales omsetjing frå 1529 og king James-omsettinga frå midt på 1600-talet, har hatt ein enorm betydning for utbreiinga av evangeliet i den engelsktalande delen av verda.

Etter riksdagen i Worms i 1521 vart Martin Luther lyst fredlaus av keisar Karl V. Livet hans stod i fare, og på ordre frå kurfyst Fredrik av Sachsen vart Martin Luther "kidnappa" av vener og plassert på slottet Wartburg. Der brukte han tida si på å oversetja Det nye testamentet frå gresk til tysk. Han brukte 11 månader på jobben, og boka vart trykt opp i mange store opplag og spreidd over heile Tyskland. No kunne folk med sjølvsyn finna ut kva Gud hadde sagt. Det fekk ein enorm effekt. Dei trong ikkje lenger tru på paven sine løgner, og Guds ord drog menneska til Gud.

Men folk fekk også andre ting å lesa på. Boktrykkarkunsten var nyleg oppfunnen (litt av ein timing), og alt Luther og andre skreiv, og det var mykje, vart trykt opp i store opplag og sendt ut til kunnskapstørste tyskarar.

Me kan trygt seia at reformasjonen og alle vekkjingane som kom i kjølevatnet av denne hadde vore umogelege utan spreiing av Bibelen og den kristne litteraturen på folks talemål.
Under ortodoksien på 15-1600-talet, og pietismen og puritanismen på 16-1700-talet, spela lesing av Bibelen og kristen litteratur ei stor rolle. Det var huspostillar i kvart eit hus, og litteraturen var mykje av drivkrafta i dei massive kristne vekkjingane, som t.d. metodismen i andre halvdel av 1700-talet, kanskje historias største kristne vekkjing fram til vår tid. John Wesley skreiv så blekket spruta, det same kan me seia om John Bunyan (forfatttaren av Pilgrims vandring), og ikkje minst Hans Nielsen Hauge i vårt eige land. Folk las, vart vekte opp for Guds interesser, fekk nye visjonar for Guds rike i verda, noko som kom til å skapa store misjonsinitiativ.

Det britiske bibelselskapet vart skipa i 1807. Det fekk fart i arbeidet med å oversetja Bibelen til nye språk. William Carey, den moderne misjonens far, reiste til India, og han skal personleg ha oversett Bibelen til sju ulike språk, mellom dei hindi, bengali, arabisk og sanskrit.

Poenget mitt her er å syna at kristen opplysning blant folk er avhengig av at dei får høve til å lesa Bibelen på sitt eige morsmål. Gud må ha sett verdien av det skrivne ord sidan han sjølv har har skrive ei. Apostlar og profetar skreiv drivne og inspirerte av Den heilage ande. Seinare skreiv kyrkjefedrane bøker, mange og tjukke bøker, mange av dei godt lesverdige den dag i dag. Og gjennom historia har bøkene vore ei stadig kjelde til kunnskap og opplysning.

For nokre år sidan gjekk ein mann langs ei gate i ein by i India. Han såg ein papilapp som låg i vegen, bøygde seg ned, plukka han opp og las teksten som stod på han, og livet hans fekk frå då av ein ny retning. Det han hadde funne var ein kristen traktat som forklarte det kristne evangeliet på hans eige språk. Der og då vart han funnen av Gud og kom til tru på Jesus. Han tok kontakt med Arabinda Dey , leiaren for Christ`s Disciples Fellowship, og vart ein del av denne kyrkja sitt misjonsarbeid.
Arabinda Dey var sjølv også hindu. Han fekk ein dag eit nytestamente i hendene, las det, møtte Jesus og vart frelst. Han har i livet sitt arbeidd mykje mellom kriminelle i Calcutta, og har erfart gong på gong korleis "Guds ord forvandla menneskeliv," som han seier.

I dag er Bibelen, eller deler av han, omsett til over 3400 språk, og aldri før har aktiviteten på dette området vore så stor. Tilgangen til digitale hjelpemiddel har gjort jobben enklare, og Wycliffe bibelmisjon ser for seg at innan år 2025 skal ein ha påbegynt omsetting innafor alle essensielle attverande språk.

Det har lenge forundra meg at norske kristne les lite i Bibelen, og dei les få eller ingen kristne bøker. Dei to tinga høyrer gjerne saman. Eg vågar den påstanden at kristne som les lite i Bibelen, og som ikkje interesserer seg for kristne bøker, vert åndeleg svake og står i fare for å falla frå trua, og mange gjer det.

Kristne derimot som flittig les Bibelen, og som forar seg med god kristen litteratur, vert sterke i ånda, og vil bli til stor velsigning for sine medmenneske. Dei lever i arven frå reformasjonen.

Ingen kommentarer: