fredag 20. oktober 2017

Reformasjonen del 3: Guds rettferd, ikkje eit krav, men ei gåve

For den unge Martin Luther var Guds rettferd lenge eit angsfylt omgrep fordi han tolka det som eit uttrykk for Guds lov. Han tenkte at Gud ville la det gå han godt om han berre levde rettferdig. Men han feila, og det var ikkje berre det at han ikkje klarte å fylla opp krava i lova skikkeleg. Nei, han ville ikkje ein gong, og han skjøna at i all sin religiøse fromhet, var han eit fortapt menneske, så langt frå Kristi ideal som det gjekk an for eit menneske å koma.

Sjelekrisa hans var komplett. Alt gjekk i svart.

I denne situasjonen var det at Gud kom han i møte. Medan han ein gong rundt 1513 sat og studerte og tenkte på Romarbrevet 1,16-17, gjekk lyset opp for han. Guds rettferd var ikkje eit krav, men ei gåve Gud rekte fram til han gjennom evangeliet. Plutseleg skjøna han at han berre kunne ta imot Jesu rettferd i tru, og rekna den som si eiga. Han trong ikkje lenger oppfylla lova sjølv for å vera godkjend av Gud. Jesus hadde oppfylt alt på hans vegner. Trua på dette sette han fri, frelste han, om du vil.

Dette var vendepunktet i Martin Luther sitt liv. Det hadde vakna noko nytt i han, og han vart etter dette ein mann som levde av og for evangeliet. Mange av oss som nyt godt av at det den dag i dag. I mange hundre år hadde evangeliet vore forkludra av teologane, ikkje minst av Thomas Aquinas som meinte at frelsa var eit samarbeid mellom menneske og Gud. Martin Luther fekk sjå at det var Guds verk og ære, eine og åleine.

Ingen kommentarer: