fredag 20. oktober 2017

Reformasjonen del 4. Rettferdiggjort av tru utan gjerninar.

Thomas Aquinas, Middelalderens store teolog og filosof
Thomas Aquinas (1225-1294), var i Middelalderen kyrkja sin store teologiske lærar. Han sa at å bli kristen var å bli forvandla av Gud frå å vera urettferdig til å bli rettferdig, dvs bli rettferdiggjort i etisk forstand.  Trua kanaliserer Guds karaktereigenskapar. inn i eit stakkars menneske, lærte han, slik at det sigrar over syndene sine og blir eit fromt og rettenkande vesen. Nåden kjem inn i kropp og sjel og forvandlar personen frå å vera slave under synda, til å bli herre over synda.

I dette er det nok mange som er samd med han den dag i dag.

Det var denne tanken som fylte Martin Luther med uro og angst. For han kunne ikkje sjå denne avgjerande endringa hos seg sjølv. Tvert imot. Jo meir han bad til Gud og overgav seg, jo kaldare vart han mot Gud. Gud kom ikkje til han for å gje han den forvandlinga som gjorde han til ein kristen.

Men så gjekk det smått om senn opp for han at Thomas Aquinas faktisk hadde teke feil i dette spørsmålet, at den store italienske læraren ikkje hadde forstått korkje Romerbrevet eller Galatarbrevet rett. For under sitt bibelstudium oppdaga Martin Luther at omgrepet "rettferdiggjera", som går att i desse breva, ikkje  er ETISK men FORENSISK, dvs JURIDISK meint. Det handlar om at Gud feller den dom over eit menneske at vedkomande er 100 prosent rettferdig etter lova, og dermed må frikjennast for alle klagemål som er retta mot vedkomande, sjølv om denne personen i røynda er skuldig på alle anklagepunkt og ikkje oppfyller eit einaste av Guds bod, men har brote dei alle. Men dette kan Gud gjera for eit stakkars syndig menneske fordi han sjølv var i Jesus Kristus og oppfylte alle lovene sine på vegne av menneskeslekta, og fordi Jesus med sitt heilage blod hadde sona og teke bort all verdas synd på krossen.

"Du er rein for Gud i nett slik som du er," sa Den heilage ande stillferdig inn i augustinarmunken sitt hjarta. "Du er elska nett slik som du er. Den heilage Gud ser ikkje lenger synda di. Pga Jesu gjerningar ser han berre det reine og vakre i deg. Du tek deg fint ut for han. Alt er ordna for deg èin gong for alle på Kristi kross. Det er gjort av Gud. Hans frelse er for syndarar, og ikkje for rettferdige. Fatt mot og gled deg."

Dette var den store oppdaginga. Og Luther trudde det som vart meddelt han, han tok imot det som den mest kjærkomne av alle skattar, og han kjente: "No er eg hos Gud, no er eg heime, eg er elska, eg er barn av den levande, heilage Gud, og han gler seg over meg og smiler til meg."  Og Luther smilte til Gud.



Ingen kommentarer: