fredag 20. oktober 2017

Reformasjonen del 5. Toregimentslæra

Image result for henry iv and gregory vii

Gjennom heile middelalderen var det ein skarp konkurranse mellom paven i Rom og den tysk-romerske keisaren om kven som skulle ha makta i Europa. Begge disponerte hærar, begge hadde enorme rikdomar. Men paven sat med den åndelege makta. Han kunne lysa folk i bann og heile nasjonar i interdikt. I eit samfunn der Gud var i sentrum for alles liv, var dette særs effektive undertrykkande våpen. Me hugsar vel alle keisar Henrik IV som kraup på sine kne til Kanossa for å forsona seg med Gregor VII  (sjå bilete over), den mektige og markante paven som regjerte kyrkja i siste halvdel av det 11.hundreåret.

I kyrkja var det ingen som helst forståing for Jesu ord om at hans rike ikkje var av denne verda, og om å skilja klårt mellom det som tilhøyrer keisaren og det som tilhøyrer Gud. Paven hadde, som me alt har nemnt  eit ganske pompøst sjølvbilete: Den jordiske utgåva av Kristus, og han gjekk inn i rollespelet som overkonge for full musikk. All makt til kyrkjestaten, var mottoet.

I skriftet "Om den verdslege øvregheit" frå 1523 tok Martin Luther eit  kraftfullt oppgjer med blandinga av politisk og åndeleg makt i kyrkja. Han meinte at keisaren skal stå for politikken og halda orden på alt som handlar om dei ytre tilhøva i samfunnet, og kyrkja si oppgåve er å forkynna Guds ord til høg og låg utan noko anna verkemiddel enn nettopp dette ordet, og slik som Gud tilbyr si frelse gratis til alle, skal kyrkja også forkynna denne frelsa utan vederlag.

Guds tenarar i kyrkja skal gjeta dei truande, og vinna dei vantruande for Kristus.
Ho skal IKKJE ha noko verdsleg makt. Berre åndeleg.

Styresmakta er på si side også innsett av Gud, men til eit heilt anna oppdrag. Ho er sett til å straffa dei vonde og løna dei gode. Ho skal utøva verdsleg makt, og på Guds vegne døma lovbrot. Det skal ikkje kyrkja ha noko med å gjera. Ho skal vera som himmel på jord for angrande syndarar.

Men Luther meinte ikkje at politikk og kristendom på nokon måte skal skiljast. Både staten og kyrkja tener Gud, men på kvart sitt område og med kvar sine midlar.

Liksom Gud stiller kyrkja sine tenarar til ansvar for korleis dei forvaltar dei åndelege rikdomane, slik stiller han politikarane til ansvar for korleis dei skjøttar sine verdslege oppgåver. To regiment, men same Gud innafor begge. Når staten går mot Gud, er det kyrkja si plikt å be han om å besinna seg, slutta å vera eigenrådige og følgja Guds vegar. Guds vilje er alltid god for alle. Men kyrkja har berre eitt middel i kampen for det gode: Guds ord.

Staten på si side skal ikkje ha noko autoritet i kyrkja. Han skal verna og støtta henne, men blandar han seg inn i oppdraget eller læra hennar, går han ut over sitt mandat, er blitt tyrannisk og må avvisast. I verste fall må kyrkja gå under jorda.

Elles er det vår plikt som kristne å underordna oss statens lover, så sant han ikkje forbyr det Gud påbyr, eller påbyr det Gud forbyr. Då er det tid for sivil ulydnad. Dersom me underordnar oss staten når han fordrar av oss å gå mot Gud, kompromittera me trua vår og står i fare for å falla frå den levande Gud. Då er tida komen for oss å oppføra oss som Daniel og venene hans i Babylonia.

Sett i lys av dette, har det i Noreg heilt frå 1660-talet vore ei usalig regimentsblanding. Kyrkja har vore staten si kyrkje, og prestane heilt opp til vår tid staten sine velståande embetsmenn som har stått høgt over og langt borte frå vanlege folk. Kva skade dette har påført Guds rike i Noreg, veit me ikkje, men at den er betydeleg, er heva over einkvar tvil.

Likevel har Guds godhet vore overstrøymande mot oss. Frå 1796 har vekking etter vekking gått over landet, eller deler av landet, og Gud har reist opp frie forsamlingar, og i desse sine eigne apostlar, profetar, hyrdar og lærarar.

Den norske staten heldt seg lenge innafor Guds lover i si gjerning. Men dette endra seg drastisk i 1978 då Stortinget vedtok at norske kvinner skulle ha rett til sjølvbestemt abort. Då løyste Noreg seg frå Gud, og begynte å gå på sjølvstyr. Seinare har det berre gått i feil retning, og det toppa seg då den likekjønna ekteskapslova vart vedteken i 2008, utan at kyrkja (i vid meining) talte mot dette med ei samla røyst. Seinare har Den norske kyrkja godteke lova og forma ein liturgi for vigsel av likekjønna par. Slik har Den norske kyrkja forlate Guds ord som norm for læra si, og kan ikkje lenger sjåast på som eit kristent kyrkjesamfunn. Det finst kristne der, og nokre prestar og kyrkjelydar har valt å følgja Gud. Men kyrkjesamfunnet har falle. Det er det ingen tvil om.

Parallelt med dette har prestar og biskopar talt myndig om saker og ting som dei ikkje har det minste med Guds rike å gjera, som t.d. oljeboring i nordområda. Dette er politiske spørsmål. Her kan ikkje prestar og pastorar binda samvita. Då går dei langt utover sitt mandat.

Toregimentslæra er eit produkt av reformasjonen, men lite forstått i vår tid. Det kan nok vera god grunn for truande i Noreg å pussa støv av denne læra som er godt fundamentert i Bibelen.





Ingen kommentarer: