Follow by Email

torsdag 6. desember 2018

Ny vin i nye skinnsekker. Lukas 5,36-39


Bilderesultat for new wineskins

Han fortalde dei òg ei likning: «Ingen riv eit stykke av eit nytt klesplagg og bruker det til bot på eit gammalt. For då blir det nye klesplagget sundrive, og bota frå det nye passar ikkje på det gamle. 37 Og ingen fyller ny vin i gamle skinnsekker. For då sprengjer den nye vinen sekkene, vinen renn ut, og sekkene blir øydelagde.38 Nei, ny vin må ein fylla i nye skinnsekker. 39 Og ingen som har drukke gammal vin, har lyst på ny. Han vil seia at den gamle er best.»

Det første me skal leggja merke til her er at i Guds rike høver nytt og gamalt ikkje saman.

På det individuelle planet handlar dette om at du ikkje kan kombinera det nye livet med element frå det gamle. Det er ikkje plass til synd i ein kristens liv, for det er jo synda Jesus kom for å frelsa oss frå. Skal du og eg leva med Gud, må me audmjukt sanna syndene våre, ta avstand frå dei og snu oss bort frå dei. Det heiter omvending. Synd og rettferd går ikkje saman. Prøver du på dobbelt åndeleg bokholderi, sigrar synda og du taper Gud, framtida og æva saman med han.  

Når kristne lever i synd, lurer dei seg sjølve til å tru at alt er i orden utan at det er det. Den nye vinen er Guds kjærleik. Den går ikkje saman med  eit gamalt livsmønster. Det må eit oppgjer til. Noko må rett og slett forkastast og bytast ut. Paulus måtte forkasta heile sitt religiøse liv for å vinna Kristus. Det var ikkje plass både til Jesus og eige religiøst strev og eigne religiøse prestasjonar. Anten var det Guds rettferd, eller så måtte han streva med sin eigen. Det måtte bli anten eller, og då valde han Jesus. Den gamle fillete klesdrakten vart bytt ut til fordel for Jesu skinande kvite og fullkomne kledning. Og slik er det for oss også. Det er berre Jesus som duger innfor Gud, og har du Han, då har du hans rettferd. Det er ei gåve.

Men dette ordet handlar også om kyrkja. Den nye nådepakta i Jesus femnar alle menneske, og er radikalt annleis enn den gamle lovpakta frå Sinai som kun femna Israel. Dei gamle gudstenesteformene og rituala var ikkje lenger tenlege etter at frelsesverket var fullført. Kristi sonoffer kom til å erstatta alle andre offer, og då kunne ikkje jødane halda fram med å ofra for syndene sine. Det gamle måtte erstattast med noko nytt. Omskjeringa med dåpen, og ofringane med nattverden. Ny vin i nye skinnsekker, ny lapp på nytt tøy.

Formene våre er heller ikkje heilage. Dersom dei  ikkje tener det oppdraget Gud har gjeve oss, må dei bytast ut og erstattast med nye. Og her har me mykje å gå på, og me treng ikkje leita i blinde. For Jesus har synt oss vegen også her. Han kalla og fostra disiplar, og det han har sagt med overtydelege ord: «Gå ut og gjer alle folk (ethnos) til mine læresveinar (disiplar) ved at de døyper dei til namnet åt Faderen, Sonen og Den heilage ande, og lærer dei å halda alt det eg har bode dykk.» Og så kjem ein fabelaktig lovnad: «Sjå eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.» Og hans nærvær er sjølve innhaldet i vår kristendom.

Ingen kommentarer: