fredag 1. mars 2019

Misjon 2

Ordet misjon kjem av det greske ordet "missio" som betyr oppdrag.
Kva er kyrkja sitt oppdrag? Å disippelgjera nasjonane, eller folkslaga som det heiter i den norske oversettinga av Matteus 28,18-20.
Når Gud tenkjer på nasjonar, tenkjer han ikkje på dei nasjonane som er representerte i FN i dag. Han tenkjer på folkeslaga, på gresk "ethnos". Medan det er eit par hundre land i verda i dag, er det frå Guds synsvinkel over 17000 nasjonar, dvs ethnos. Og dei fleste av desse er å finna i Asia, og i særleg grad i India.

Korleis ser verdenskartet ut for Gud? Kanskje slik som på dette kartogrammet frå joshuaproject.net?


Her har kvar enkelt land fått storleik etter kor mange unådde unådde folkegrupper som lever i dei. Og suverent størst er India med sine meir enn 2000 (dette er tal frå 2018). Og hald deg fast: Desse representerer over 1 milliard menneske.

Kva er eii folkeslag? Det er ei gruppe menneske med stort sett same historie, kultur og språk. Dei treng ikkje ha felles administrasjon, og kan gjerne leva i ulike land.

Missiologane reknar eit folkeslag som unådd når det er mindre enn 2% kristne i dette folket, og når mindre enn 5% av dei kristne som måtte vera der er evangeliske.

Dei unådde folkeslaga er kyrkja sitt oppdrag. Kvifor brukar ho då i gjennomsnitt ikkje meir enn 1% av ressursane sine på å nå dei?

Her må eg få skyta inn: Dei fleste menneske i Noreg er også unådde i den forstand at dei aldri har møtt Jesus på ein slik måte at dei har hatt ein reell sjanse til å kunna ta imot han i han og bli Guds barn, og mange av desse tilhøyrer faktisk unådde folkegrupper som har immigrert til landet.

Det betyr at du kan godt vera ein del av Guds team for å nå dei unådde med å leva misjonalt i Noreg. Fordi me alle har det same oppdraget, er me faktisk alle misjonærar.

Men du må også gjera deg klart til å kryssa grenser, geografiske, språkelege og/eller  kulturelle, og mange fleire enn dei som gjer det i dag. Ja, alle Guds barn må ha lause teltpluggar og vera klar til forflytting, som det heiter i militærspråket. Eg hugsar frå tida i forsvaret, når me var i felt, at først kom ordren. "Gjer klar til forflytting!" Så gjorde me det. Me pakka alle sakene våre slik at då ordren "Flytt no" kom, så var det berre å koma seg av garde til neste stilling.

Denne innstillinga vil Gud at me skal ha, alltid klart til å motta nye ordrar frå øverstkommanderande.

Ingen kommentarer: