søndag 5. mai 2019

Bibeloversetting, ein nøkkel i alt misjonsarbeid



Videoen over seier alt om kva som skjer med eit folk som får Bibelen omsett til sitt eige språk. Når folk høyrer at Gud talar til dei på morsmålet, forstår dei bodskapen med hjarto sine, dei kjenner seg meir verdfulle enn før, meir elska, og dei blir grunnfesta kristne som står fast hos Gud også når livet byr på dei største vanskane. Kelikofolket i grenseområda mellom Uganda og Sudan har vore heimsøkt av borgarkrigar, og dei har mang ein gong måtta røma hals over hovud og søka ly i flyktningeleirar. Oversettinga av Det nye testamentet til Keliko gjev dei ny von, ny iver for det gode og stadig nye kelikoar vert ført fram til tru på Herren Jesus Kristus. Det er misjonærar frå Wycliffe bibeloversetjarar som har hatt ansvaret for dette arbeidet, og Keliko-NT er deira 1000. bibeloversetting.

Ingen kommentarer: