tag:blogger.com,1999:blog-42418887848673667822024-03-18T10:20:15.148+01:00pastorbloggenJens Thoresenhttp://www.blogger.com/profile/08652436403296716288noreply@blogger.comBlogger643125tag:blogger.com,1999:blog-4241888784867366782.post-24409027766304309192024-03-16T08:20:00.004+01:002024-03-16T08:20:46.590+01:00 "Sjølvbestemt" abort fram til fødsel?
Bystyrerepresentant i Bergen for SV, Eira Garrido, går inn for å fjerna grensa for "sjølvbestemt" abort heilt. Kvinna skal kunna ha høve til å ta livet av barnet sitt heilt fram til fødselen.
At det kjem forslag om noko slikt frå SV, er i seg sjølv opprørande. Det er ille nok som det er i dag når grensa for abort går ved 12 veker. Likevel blir det klarare for oss at abort er mord jo nærare det skjer i tid før fødsel.
Regjeringa vil ha grensa ved 18 veker, og dette forslaget er i dag ute på høyring. Dersom SV landar på å gå inn for veke 37, aukar faren for at regjeringa, som er avhengig av SV i Stortinget, strekker "sjølvbestemminga" fram til veke 22. Eg vil ikkje her koma inn på korleis legane gjennomfører drap på slike barn. Det er ikkje vakkert.
Det er noko underleg med SV: Partiet stiller alltid opp for dei svake i samfunnet, og dei er heilt sikkert like glad i barn som alle andre. Men kvifor i all verda skal dei falla dei ufødde barna i ryggen? Det er naturstridig for alle, og ikkje minst for SV.
Sosialistane leitar alltid etter konfliktlinjer i samfunnet. Men det er ingen konflikt mellom mor og barn. Barnet sine interesser er også mora sine. Slik er naturen laga. Å få kvinner til å tenkja om barna sine at dei trugar interessene deira på ein eller annan måte, er berre tragisk, og heile denne greia er i ferd med å endra samfunnet radikalt. Og det som verre er: Det provoserer Gud. Det er ein betydeleg alvorsgrad over det.
Jens Thoresenhttp://www.blogger.com/profile/08652436403296716288noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-4241888784867366782.post-20237438680073827362024-03-15T17:58:00.005+01:002024-03-18T08:31:36.742+01:00Evangelikale i USA, Thomas Seltzer og Israel
I programmet Trygdekontoret 12.mars vart evangelikale kristne i USA skulda for å gjera tiltak for å framskunda slaget ved Armageddon, og med det Jesu atterkome.
Eg har kjent evangelikale kristne frå USA gjennom mange år, og har aldri før møtt slike haldningar og ville idear. Gud treng ikkje hjelp av oss kristne for at profetiane i Bibelen blir oppfylte. Det er jo HAN som skal oppfylla dei, ikkje me.
Eg kan heller ikkje tru at det er mange evangelikale i USA som tenkjer slik. Det kan eg ikkje dokumentera, men hadde det vore mange, ville eg nok ha fanga det opp, vil eg tru.
At evangelikale kristne støttar Israel er bra. Det er ikkje så mange andre som gjer det, og Israel er ein demokratisk og fredselskande nasjon omringa av mektige fiendar, så dei treng støtte. Dei slost i dag mot terroristar, og alle anstendige land i verda burde stilla opp for dei i denne kampen. I staden skjer det motsette. Nesten alle støttar Hamasterroristane, og vender seg mot Israel. Det er eit merkeleg fenomen med tanke på at dei same landa har lova å nedkjempa terrorisme med alle lovlege midlar. Men konservative evangelikale kristne støttar Israel. Det er naturleg. Den frelse me nyt godt av kjem frå jødane.
Evangelikale kristne i USA har ein rik historie. Dei har gjennom to hundre år hatt eit omfattande engasjement i naudhjelp og misjon. Slik også i dag. Ingen private brukar så mykje pengar på å hjelpa naudlidande i verda som dei konservativt evangelikale i USA, og det einaste NRK kan koma opp med i sin omtale av desse er at dei sender "store" summar (upresiserte beløp) til Israel for å framskunda Armageddon og Jesu atterkome. Dei som måtte ha slike idear er ikkje mange, men det er denne delen av den evangelikale rørsla som er interessant for NRK. Kanskje det er på tide at kringkastingsselskapet lagar eit program der breidda i denne rørsla blir presentert, t.d. veldedighetsorganisasjonen Samaritan Purse som alltid er først inne i områder råka av naturkatastrofar (som dei jordskjelvråka i Tyrkia og Syria i 2023) med hjelp og trøyst, eller på Wycliffe bibeloversetjarar som driv med å oversetja Bibelen til minoritetsspråk, og som lærer små folkegrupper å lesa og skriva, noko som styresmaktene i dei ulike landa alltid har gjeve blaffen i, slik som tilfelle var i Noreg i høve til samane. Det var misjonæren Tomas von Westen som laga skriftspråk til desse, og Hans Egede til inuitane på Grønland. Den evangelikale rørsla i USA (og Noreg) har til dei grader vore kulturbevarande.
Men Thomas Tetzler er sikkert ikkje interessert i å framheva dei mainstream evangelikale i USA, baptistar og pinsevener, berre desse cowboykristne på motorsykkel som representerer ein minoritet. I det same programmet presterer han også å seia at det var "dei evangelikale" som storma kongressen 6. januar 2021. Det var sant å seia nytt for meg, og det vil forundra meg veldig om denne påstanden står seg mot ein faktasjekk.
Men når det gjeld å framskunda Armageddon, kunne han ta ein kikk på Irans presteskap. For dei ventar nemleg også på ein messias: imam Mahdi. Men før han kan koma, må verda vera i flammar, og Irans politiske og åndelege leiarskap jobbar no målretta med å byggja opp så stor atomkapasitet at dei kan skapa det kaoset som skal til for at imam Mahdi skal dukka opp på den historiske arena.
Kan NRK laga eit program om denne proaktive esjatologien?
Jens Thoresenhttp://www.blogger.com/profile/08652436403296716288noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-4241888784867366782.post-88488789433528636242024-03-04T23:35:00.003+01:002024-03-05T08:51:32.242+01:00Den franske nasjonalforsamlinga provoserer Gud
Jens Thoresenhttp://www.blogger.com/profile/08652436403296716288noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-4241888784867366782.post-15768709717321455312024-02-28T08:57:00.004+01:002024-02-28T09:07:34.118+01:00Gazakrigen fører til språkoppløysing
Du har
kanskje høyrt nokon seia at Israel er ein apartheidstat, og at landet utøver
folkemord i Gaza. Begge påstandane ber preg av vondsinna stempling av det
einaste fungerande demokratiet i Midt-Austen med den følgje at omgrepa totalt
taper si opphavelege meining. Me er i røynda vitne til språkoppløysing.
For å ta
apartheidskuldinga først. Er det sant at Israel har tradisjon for segregering
av og undertrykking av minoritetar i landet, slik tilfelle var i Sør-Afrika for
nokre år attende. Ikkje på nokon måte.<o:p></o:p>
Apartheid er
rasisme. I Sør-Afrika kunne ikkje svarte gå på dei same skulane som kvite,
ikkje drikka av same vasskjeldene eller eta på dei same restaurantane. Dei
hadde ikkje røysterett, hadde ingen representasjon i nasjonalforsamlinga og kunne ikkje eiga land. Nokre bussar var for
kvite, andre for svarte, og vart nokre i den siste gruppa alvorleg sjuke, kunne dei ikkje få hjelp på sjukehus for kvite.<o:p></o:p>
Men i Israel
er lova fargeblind. Jødar og arabarar har dei same rettane, dei tek dei same
bussane, studerer på dei same skulane, blir handsama på dei same sjukehusa og
arabarar har røysterett og kan stilla til val og få representasjon i
nasjonalforsamlinga. Dei kan bli dommarar i Israel og tenestegjera i forsvaret.
<o:p></o:p>
Når Amnesty
International framstiller Israel som ein apartheidstat på linje med Sør-Afrika
før Mandela, kjem eg ikkje bort frå at dei brukar denne nemninga for å råka
staten Israel så hard dei kan for å skada nasjonen sitt rykte så godt dei kan.
Kvifor det? Det kan berre organisasjonen svara på sjølv. <o:p></o:p>
På denne
bakgrunnen er sjølvsagt all tale om folkemord i Gaza heilt utan grunnlag i
røyndomen. For det første er ikkje palestinarane i Gaza eit «folk». Dei er
arabarar, ein del av ei folkegruppe som lever over alt i Midt-Austen. 2,3
millionar bur i Israel. At mange palestinarar vert drepne i Gaza handlar ikkje
om folkemord, men om at Hamas posisjonerer seg på ein slik måte i krigen mot
Israel at sivile blir råka langt hardare enn tilfelle hadde vore dersom dei
førte krigen etter krigen sine reglar. <o:p></o:p>
Folkemord
krev at ei etnisk gruppe systematisk prøver å ta livet av ei anna,
slik som tyskarane prøvde å utsletta jødane under 2.verdskrigen, og slik som hutuane prøvde
å drepa alle tutsiar i Rwanda i 1994.<o:p></o:p>
Hadde Israel
drive med folkemord på palestinarar, hadde alle palestinarar i Israel også vore
ei målgruppe. Men det er dei jo ikkje. Dei er verna av israelsk lov akkurat som
jødane i landet.
Det ser ut til at det er heilt legitimt å devaluera språket
når det berre kan råka Israel. Kvifor er det blitt slik?<o:p></o:p>
Hitler sin propagandaminister Goebbels skal ha sagt at
berre du repeterer ei løgn mange nok gongar, så blir ho til slutt trudd. I alle
fall ser me dette demonstrert i høve til Israel i dag når ordet folkemord er på
alle sine lepper som den beste måten å forstå det som skjer i Gaza på. <o:p></o:p>
<o:p> </o:p>
Jens Thoresenhttp://www.blogger.com/profile/08652436403296716288noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-4241888784867366782.post-82290172998309348912024-02-27T03:40:00.003+01:002024-02-27T03:43:56.979+01:00Kan Kina implodera i laupet av dei neste tre-fire åra?
Det er mange store leilighetskompleks i Kina. Men det er eit problem: dei er laga
av billig og simpel sement. No smuldrar dei. <o:p></o:p>
Men mykje
anna som smuldrar også. <o:p></o:p>
President Xi
sin totalitære maktpolitikk har fått utanlandske investorar til å trekka seg ut
av landet. No manglar Kina kapital. Arbeidsløysa er skyhøg, og særleg mellom
unge. Styresmaktene nektar å offentleggjer desse tala. Dei unge i Kina trur
ikkje lenger på framtida. Dei «legg seg flat», noko som betyr at dei er både
arbeidslause og ugifte. Dei droppar ut. <o:p></o:p>
2023 var
økonomisk det verste året sidan 1976. Ein studie syner at over ein milliard
kinesarar lever fattigdom. <o:p></o:p>
Den
kinesiske aksjemarknaden har tapt mellom 7 og 8 trillionar dollar sidan 2021. (Ein
trillion er ein milliard milliard, altså 1000 000 000 000 000 000)<o:p></o:p>
Kinaekspert
Gordon Chang seier til CBN-News at Kina no er  «i ein tilstand av kaos. Ei dyster kjensle har
gripe folket og gjennomsyrer samfunnet».<o:p></o:p>
I tillegg er
demografien i landet i fritt fall. I fjor var det første gong sidan 1960  at det døydde fleire menneske enn som vart
fødde. I 2040 vil landet ha 400 millionar pensjonistar. Den mangeårige
eittbarnspolitikken har resultert i stor mangel på unge kvinner (jentefoster vart
i stor grad aborterte bort), og dei som finst, vil i liten grad stifta familie
og føda barn, seier Chang. <o:p></o:p>
Chang meiner
også at at Kina sitt mislukka forsøk på å skremma folk på Taiwan til å stemma
for ein Kinavenleg president då dei nyleg hadde val, har ført øyriket lenger bort
frå Beijing enn før. <o:p></o:p>
Han seier
vidare at president Xi fryktar opposisjon, noko som fører til utrenskingar i
den politiske toppleiinga. Han er redd for at Xi sin einaste utveg med tanke på
å koma seg unna med det som no skjer, er å gå til storkrig. <o:p></o:p>
Josh
Birenbaum i the
Foundation for Defense of Democracie meiner at dersom ikkje Kina snarast
gjennomfører ein dramatisk politisk snuoperasjon, ser framtida mørk ut for
landet. «Eg trur at dei i laupet av dei neste tre til fire åra vil samfunnet rotna
før landet imploderer, nett slik me ser skje med dei store leilighetskompleksa.»
<o:p></o:p>
Jens Thoresenhttp://www.blogger.com/profile/08652436403296716288noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-4241888784867366782.post-71425436666332546272024-02-08T23:17:00.003+01:002024-02-08T23:17:55.892+01:00Den norske kyrkja (DNK) er redd for at Gazakrigen kjem til å splitta kyrkja i Noreg
Ja, dette melde NRK Dagsnytt i går morgon. Og grunnen skal vera eit aukande tal kristne som støttar Israel i deira kamp for å utvida territoriet sitt, som det så kjekt heiter frå Torkell Brekke, professor i religionshistorie. Han framstår som DNK sin talsmann i denne saka. Det er direkte umoralsk å støtta Israel i dette, seier han vidare.
Men handlar Gazakrigen om ekspansjon? Har Brekke fullstendig gløymt ut at Hamas gjekk til åtak på Israel 7.oktober med tusenvis av tungt væpna terroristar og drap 1200 jødar med kaldt blod, og at dei trugar med å gjera det same gong etter gong inntil det ikkje er ein einaste jøde att i Jødeland? Har han ikkje fått med seg at krigen om israelsk jord alt er i gong, og at det er Hamas som har starta denne krigen? Kvifor kallar han Israels eksistensielle forsvarskrig for ein krig om meir land. Det er jo ein krig der ein vil verja innbyggjarane sine mot overgrep, og sikra seg så godt ein kan at dette ikkje skjer igjen. Det er ei kvar regjerings plikt å verna borgarane som har valt dei. Kvifor er dette så vanskeleg å forstå? Kvifor er det så mange høgt utdanna folk som vil ha det til at dette handlar om noko anna? Kvifor vil dei Israel vondt? Det er ikkje til å forstå at ei kyrkje som har det jødiske folk å takka for sin eksistens, ikkje syner større respekt for sitt opphav.
Brekke er redd for at dei umoralske kristensionistane vil splitta kyrkja. Meiner han her Den norske kyrkja, eller kyrkja i Noreg? Eg veit ikkje. Men her får me vel vera ærlege å innrømma at kyrkja har vore splitta i mange ulike greiner lenge, også innafor Den norske kyrkja med alle sine organisasjonar og fraksjonar. Det er vel kanskje i bedehusland at kristensionistane er å finna, og ikkje innafor den gudstenestefeirande delen av DNK. Det har vel ikkje vore høg grad av harmoni mellom DNK og bedehusland dei siste hundre åra.
Elles har Den norske kyrkja dei siste åra gjort alt ho har kunne, ved å gje aksept til syndige samlivsformer, for å markera avstand til konservative bibeltruande kristne. Og markante personar som tilhøyrer DNK har markert at det å godta syndige samlivsformer er kyrkjesplittande. At det eksisterer kristensionistar fører neppe til nye fraksjonar. Det trur eg alle lever greitt med. Det er jo ikkje noko nytt fenomen.
Jens Thoresenhttp://www.blogger.com/profile/08652436403296716288noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-4241888784867366782.post-45957948145277985492024-02-06T22:49:00.007+01:002024-02-07T12:14:43.026+01:00Løgner me ikkje kan leva med
Det er to
typar løgner: simpel uærlegdom og  ideologiske løgner. Simpel uærlegdom har me sett
mange døme på mellom toppolitikarar dei siste åra. Det er så gale på dette
området no at Jonas Gahr Støre har store vanskar med å setja saman ei regjering
som kan vara ei stund. Lika sprett ut av skapa.
Men langt verre er det med dei
ideologiske løgnene som desse folka står for, og som ikkje vert påtalte, men snarare verdsette og sementerte
i lovene våre.
Eg vil nemna
nokre av desse løgnene:
«Eit foster
er ein del av kvinna sin kropp, og ei kvar kvinne må ha rett til å bestemma over sin eigen kropp». Desse to løgnene ligg til grunn for lova om sjølvbestemt
abort. For det er ikkje sant at fosteret er ein del av kvinna sin kropp, og ho kan heller ikkje gjera med kroppen sin som ho ønskjer. Så langt i frå. Ingen kan det.
Barnet i mors liv har sine eigen kropp der berre halvparten av genene
stammar frå mora. Den andre halvparten frå faren. Det gjer barnet til eit eige individ, ikkje ein del av mora.<o:p></o:p>
Eit ufødd
barn har sin eigen kropp. Det veit alle i vår tid, og det visste alle også før nokon kom på den sprø tanken om at det er ein del av mora sin kropp. Hensikten var å gje mora uavgrensa makt over barnet sitt. Sanninga er at mora berre er ein husvert for barnet fram til det blir fødd. Men
ikkje noko vertsskap er normalt i posisjon til å bestemma over liv og død for
gjestene sine. <o:p></o:p>
Dessutan: Dersom
ei kvinne hadde kome til ein lækjar for å fjerna ei frisk hand eller ein frisk
fot (som faktisk er ein del av kroppen hennar), ville ho ikkje ha kome noko veg
med det. Ingen lækjar med sine fulle fem ville ha påteke seg eit slikt ansvar,
og hadde han gjort det, ville han straks ha mista lisensen sin. <o:p></o:p>
Men dersom
han derimot fjernar eit ufødd barn, treng han ikkje ottast for lisensen. Den skaden kan han gjera med lova i hand. Barnet er jo ikkje pasient. <o:p></o:p>
Den tredje løgna eg vil peika på er at kjønn ein sosial konstruksjon. Det er ein ganske rar påstand, for alle veit i røynda at kjønn er utelukkande ein biologisk konstruksjon. Men ideen om at kjønn handlar om sosiologi og psykologi har slått kraftig an, og har ført til å menn som meiner dei føler seg som kvinner, og kvinner som meiner at dei føler seg som menn (noko dei ikkje kan vita det aller minste om forøvrig), kan byta det dei kallar "juridisk kjønn" med eit tastetrykk, og før me veit ordet av det har me ei "kvinne" med penis og testiklar og ein "mann" med bryst, vagina og livmor.
Omtrent utan debatt vart det i Stortinget 6.juni 2016 bestemt med lov at så enkelt skulle det vera å byta juridisk kjønn.
Den fjerde løgna eg vil peika på er at det finst eit mangfald av kjønn, og at kvart enkelt menneske sjølv kan bestemma kjønnet sitt. Dette er ei merkeleg løgn som enno ikkje har festa seg i lovverket vårt, men eg har forstått det slik at saka om ein tredje kjønnskategori (som skal romma ei drøss med kjønn) er på trappene.
Det eksisterer naturlegvis ikkje noko vitskapleg grunnlag for alle desse rare kjønnskategoriane. Det er "innbilt kjønn", som tidlegare professor ved universitetet i Stavanger, Anne Kalvik, så treffande kallar det.
Sanninga er, som alle eigentleg veit, at det er kun to kjønn, hann og ho, og at kjønn handlar om reproduksjon. Hann har små kjønnsceller, ho har store. Hann har XY-kromosom. Ho har XX. Denne skilnaden er markert i alle kroppen sine mange billionar celler. Ingen operasjon eller hormonbehandling kan endra på dette. Ein transmann er og blir ei kvinne, og ei transkvinne er og blir ein mann, same korleis dei enn ter seg og kler seg.
Den femte løgna handlar om det å bli fødd i feil kropp. Det er sjølvsagt ikkje mogeleg. Me ER kroppane våre. Ingen av oss har eksistert utan kropp eller før me fekk kropp. Hinduane og buddhistane snakkar om sjelevandring og reinkarnasjon. Kan ideen om å vera fødd i feil kropp koma derifrå? Eller kanskje ikkje. I desse to religionane får alle den kroppen dei fortener. Det blir aldri feil. Det er karma. Men i vår kristne kulturtradisjon tenkjer me annleis: Kroppane våre ER oss, og ingen er feilvare. Og takk og pris for det. Og me eit slikt utgangspunkt, kan me jobba med kjønnsidentiteten. For nokre kan for all del vera fødde med feil kjønnsidentitet. Ikkje med feil kropp. Og då må ein jobba med å endra kjønnsidentitet. Men det blir ikkje lett framover, for då heiter det konverteringsterapi, og det er blitt forbode og straffbart. Men skulle det ikkje meir naturleg at det er identiteten som er feil når ein oppdagar kjønnsinkongruens? Kvifor er det alltid kroppen det er noko feil med? Det er lettare, rettare, billigare og langt mindre farleg å behandla kjønnsopplevinga enn kroppen. Er det ingen som har tenkt på det?
Så til slutt dette merksnodige uttrykket som går igjen i fleire dokument, m.a. frå Bufdir som snakkar om "det kjønnet barnet vart tildelt ved fødsel". Det er mildest talt ei uheldig og tendensiøs forklaring. At nokon seier at den nyfødde er ein gut eller ei jente, betyr jo ikkje at dei tildeler barnet kjønn. Dei berre fortel kva kjønn barnet har, og kva kjønn det har hatt frå det vart avla. Den den nye formuleringa er jo innført for å skapa rom for tvil om det biologiske kjønnet er det eigentlege kjønnet. Og behovet for ein slik tvil, har gjort at denne tussete formuleringa er blitt ståande som ei slags rett forståing av situasjonen. Men det er jo ei løgn. Ingen får tildelt kjønn ved fødsel, og det blir jo kvar dag stadfesta når gravide tek ultralyd og foreldra får beskjed om at dei ventar ein gut eller ei jente, og det lenge før fødsel.
At stadig fleire lover i Noreg er basert på løgner er forstemmande, og personleg er eg sikker på at dette er med på å redusera det moralske nivået i befolkninga. Lovene er normerande, og når løgn blir normen, korleis oppfører folk seg då?
Jens Thoresenhttp://www.blogger.com/profile/08652436403296716288noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-4241888784867366782.post-89148982771149679402023-12-29T00:27:00.001+01:002023-12-29T00:27:13.900+01:00Ny megakyrkje veks fram i India
Calvary
Temple i Hyderabad (ein storby med 7 millionar innbyggjarar) er Indias største kyrkjelyd med meir enn
300 000 medlemmer, og slik sett ein av dei største i heile verda. Dei ekspanderer
kraftig, og har dei neste ti åra ein visjon om å planta og byggja 40 nye
megakyrkjer i landet.
Vekking
Pastor dr.
Satish Kumar seier: «Guds hand er over India, og tida er no inne for at me skal
nå heile Indias fortapte befolkning med evangeliet, men meir enn det: målet
vårt er strengt tatt å nå ut til alle i heile verda.»  Det som skjer i denne kyrkja kan vel ikkje
karakteriserast som noko anna enn ei klassisk kristen vekking slik me les om
det i Bibelen i den første kristne tid, og som me også kan kjenna att frå
reformasjonen i Nord-Europa på 1500-talet, dei store vekkingane i USA, England,
Tyskland, Böhmen (Tsjekkia) og Noreg på 17 og 1800-talet og pinserørsla då
denne vaks fram i førre hundreåret.  Guds
arbeid var så breitt og djupt av det ikkje berre endra enkeltpersonar, men
heile samfunn. <o:p></o:p>
Lat meg
først få gje dykk eit lite inntrykk av korleis dette ser ut i Hyderabad:<o:p></o:p>
Kl 4 kvar
søndag morgon strøymer folk til kyrkja for å få god plass til den første av fem
gudstenesta som startar kl 06.00. Kyrkjebygningen rommar 18000 menneske. Dei fyller denne salen fem
gonger kvar søndag, og folk kjem for å lytta til pastor Kumar, bli bedt for og
ha fellesskap. <o:p></o:p>
<o:p> </o:p>Pastor Kumar
seier han er privilegert som får lov å gjera teneste i dette fellesskapet som
på få år i har vakse så enormt og i tillegg har planta 11 nye kyrkjelydar i
landet
Eksplosiv vekst
Calvary
Temple starta i 2005 med rundt 20 medlemmer, og har etter etter den tid vakse
nærast eksponentielt. Kvar månad kjem rundt 3000 menneske frelst og lagt til
kyrkja. Korleis kan slikt skje i eit land der hinduismen har eit mektig grep på
befolkninga? Det er sikkert ikkje eit enkelt svar, men pastor Kumar har lagt
vekt på ein del faktorar som har bore god frukt.<o:p></o:p>
Forkynning og praktisering
Guds ord
blir forkynt slik som det står. Det er berebjelken. Så blir forkynninga
praktisert. Som eit døme på dette fortel han at kvar søndag serverer dei gratis
frukost, lunsj og middag til alle som møter opp. Dette er kjærkome for alle
fattige.
Navgalli
Mendem har jobba som frivillig med å laga mat til 50000 menneske kvar søndag i
7 år. Ho hadde lova Gud at ho ville gjera dette dersom han lækte henne frå
kreftsjukdomen som hadde råka henne. Svulsten i brystet vart borte, og i
takksemd jobbar ho no frå tidleg morgon til sein kveld ved grytene.<o:p></o:p>
Kyrkja har
også sitt eige sjukehus der sjuke menneske får gratis konsultasjonar kvar
søndag, og dei kan kjøpa medisinar til reduserte prisar. <o:p></o:p>
«Når me
tener menneske, tener me Gud,» seier pastor Kumar. «Me prøver å demonstrera
Guds kjærleik i praksis på alle dei måtane me kan tenkja oss.» <o:p></o:p>
Media
Ein viktig
nøkkel til suksessen er bruk av media. Kvar veke produserer Calvary Temple 650
TV program på 17 av dei største språka i India.  Desse vert kringkasta på landsdekkande TV. Programma
vert også sendt til Bangla Desh, Nepal, Pakistan, Afghanistan, Gulf-statane og til
Sri Lanka.
Millionar vert i tillegg nådde på sosiale media. <o:p></o:p>
Fødselsdagsgest<o:p></o:p>
Og så
praktiserer pastor Kumar ein morosam gest: Alle som har fødselsdag får tilsendt
ei kake med ein gratulasjon frå han.<o:p></o:p>
Elektronisk
medlemskort
Alle
medlemmer har fått eit eige elektronisk kort som dei brukar å registrera seg
med når dei kjem til kyrkja. Dersom nokon av ein eller annan grunn ikkje
registrerer seg ein søndag, blir dei oppringde med spørsmål om kvifor dei har
halde seg heime, og om det er noko dei treng forbøn for. Slik må me ha det,
seier pastor Kumar, når me har 350000 medlemmer. Elles kan me ikkje ta godt
vare på folk. <o:p></o:p>
Chandrai (bilete)
er medlem av kyrkjelyden, og opplever det som omsorg når han blir oppringt. Han
sørger for at dei ikkje treng ringa så ofte
Bøn og faste
Bøn har alltid vore viktig for pastor Kumar, og kvart år samlar han
titusenvis av unge menneske over heile India til 40 dagar med bøn og faste. I
denne tida går pastor Kumar gjennom heile Bibelen saman med dei bedande, frå
1.Mosebok til Johannes openberring.
I tillegg
blir det ein fredagskveld i månaden halde bønekveldar (møte med Gud-kveldar,
som dei kallar det). Då samlast 30 000, for det meste unge menneske, for å
prisa Gud og be om vekking over nasjonen og nasjonane. <o:p></o:p>
Forfølging
Dei siste
åra har kristne i India opplevd aukande forfølging. Kristne er blitt drepne og
kyrkjer nedbrende. No sist i Manipur nord-aust i landet. <o:p></o:p>
Pastor Kumar
svarar: «Jo meir me blir forfølgde, jo raskare veks me. Og det er mitt ønskje
og min pasjon at før eg døyr har alle indarar fått høyrt evangeliet og blitt
kjent med frelsaren». <o:p></o:p>
Kjelde:
CBN-News<o:p></o:p>
<o:p> </o:p>
Jens Thoresenhttp://www.blogger.com/profile/08652436403296716288noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-4241888784867366782.post-9694489199562727042023-12-26T15:01:00.001+01:002023-12-27T12:33:36.228+01:00Stefanusdagen. 2. juledag 2023
Det er ganske underleg, men andre juledag er vorten kalla Stefanusdagen til minne om alla barna som Herodes drap for å få has på Jesus. Kyrkja reknar desse barna for martyrar fordi dei vart drepne for Jesu skuld.
Herodes den store var ekstremt paranoid, og hadde ein lang karriere med å ta livet av alle han opplevde som eit trugsmål mot makta si. Det hadde gått kraftig ut over slekt og vener. Han sparte ikkje ein gong si eige mor. Tanken på at det var fødd ein kongsson i Betlehem var ikkje til å halda ut for han. Denne ungen måtte døy, og sidan han ikkje visste kor han kunne finna guten, beordra han drap på alle smågutar i Betlehem, alle under to år.
Herodes var dreven av Satan. Det er det ingen tvil om. Satan har alltid tørsta etter barneblod. Farao beordra ein gong at alle nyfødde jødiske gutebarn skulle kastast i Nilen. Der venta krokodillane på dei. Det var eit satanisk påfunn.
Antisemittismen som har kosta så mange millionar jødar livet opp gjennom historia er også eit lengde av den same alen. Hitler og alle rundt han var drivne av vonde ånder då dei gjorde sitt ytste for å utrydda det jødiske folket under 2.verdskrigen.
I møte med Matteus 2 der me les om barnedrapa i Betlehem, kjem me ikkje unna å snakka om vår tids største vonde som er provosert abort. I våre dagar får Satan tilfredsstilt sin trong etter barneblod til fulle gjennom 40-50 millionar årlege abortar. Me er vitne til historias største brotsverk, og dei fleste bryr seg lite og ingenting om at det skjer. Tvert om ser dei fleste på dette som eit gode. Kva er det eigentleg med oss menneske som gjer at me kan hysa slike sjuke tankar, ja, som ser på denne uretten som eit gode? Kva er det med oss som ikkje finn dette problematisk?  Kvifor vil me ikkje unna alle ufødde den same retten til eit langt liv som me sjølve får nyta?
Korleis møter me dette som kristen kyrkja? Me ber dagleg om vern og rettsvern for dei ufødde, me talar frimodig deira sak så ofte me kan og me ber om at Gud skal senda sin Ande og opplysa folket om rett og galt, om godt og vondt, slik at dei kan venda om frå sine vonde gjerningar og til Gud og hans vegar, og me ber spesielt for fedrene at dei skal begynna å slost for avkommet sitt og krevja livsrett for borna sine.
I dag minnest me også dei truande som blir forfølgde for Jesu skuld i vår tid. Det skjer i ufatteleg mange land: India, Kina, Nord-Korea, Somalia, Nigeria, Burkina Faso, Mali, Sudan, Afghanistan, Iran, Uzbekistan, Turkmenistan, Russland, Vietnam, for å nemna nokre. Det ser ikkje likt ut over alt. Men millionvis kristne må dagleg betala ein pris for å følgja Jesus, og nokre av dei med liva sine. Og i julehelga hende det igjen. 115 kristne vart brutalt drepne i Nigeria 1.juledag. Djevelen er ikkje heilt fornøgd med å ta livet av dei, han må gjera det på ein av kyrkja sine største høgtidsdagar for å gjera gleda over Jesu fødsel om til sorg for hans disiplar.
Jens Thoresenhttp://www.blogger.com/profile/08652436403296716288noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-4241888784867366782.post-45577498472573564472023-12-23T00:07:00.007+01:002023-12-23T00:07:59.252+01:00Advent 2023, dag 23. Guds mor
Herre Jesus! Me takkar din store kjærleik og nåde, og me takkar deg for Maria som stilte seg til disposisjon og bar deg inn i verda. Velsign oss i dag når me deler ditt ord. Amen!
Kallet som Maria fekk var både stort, ærefullt og vanskeleg. Ho skulle bli Jesu mor, eller Guds mor som dei yndar å kalla henne i dei ortodokse kyrkjene, og det kan ikkje vera noko feil med det.
Etter ein liten, men ytterst vesentleg diskusjon, så ho ja til oppgåva engelen Gabriel gav henne.
Historikarane er opptekne av å fortelja oss at det er dei store makroøkonomiske og maktpolitiske tilhøva i verda som bestemmer verdas utvikling. Det har dei lært av Karl Marx. Men dei tek grundig feil. Maria var ei fattig ung kvinne frå ein uglesett by. Hennar ja til Gud kom til å endra verda fullstending. Hennar ja fekk historia til å ta ein heilt ny retning. Ikkje brått, men over tid. Kvifor det? Fordi Gud er historias Herre, og han verkar gjennom enkle personar som seier ja til han.
I dag vil eg gjerne at du skal sjå deg sjølv som ein som skaper historie, og som bidreg til at mange endrar livsretning og til slutt endar opp hos Gud.
Ta Maria som føredøme. Slik som ho sa ja til å bera Jesus inn i verda, slik vil eg oppmoda deg om å seia ja til å bera Jesus ut i verda. Still deg heilt og fullt til den gode Guds disposisjon. Lukke til med det.
Jens Thoresenhttp://www.blogger.com/profile/08652436403296716288noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-4241888784867366782.post-78648264324687233092023-12-20T10:46:00.006+01:002023-12-21T18:27:18.279+01:00Advent 2023. Dag 21. Rettferdssola
Herre Jesus Kristus! Takk at du har teke på deg oppgåva å vera vår rettferd innfor Gud. Det er meir enn me kan fullt ut kan fatta. Men når Anden underviser oss, forstår me nok til å bli glade og kjenna litt på fridomen i dette. Og me treng Andens hjelp og lys også innfor det ordet me skal dela i dag, så det ber me om i ditt namn. Amen!
Malakia 4,2
Men for dykk som fryktar for mitt namn, skal rettferdssola stå opp med lækjedom under vengene sine. De skal sleppa ut og hoppa som kalvar.
I dag er me komne til avslutningskapitlet i Det gamle testamentet. Det er også eit kapittel med fokus på håp om frelse.
Dette ordet kom til Malakia over 400 år f.Kr., og er ein profeti om Jesus. Då Jesus vart fødd, levde, døydde og stod opp att, sto rettferdssola opp, og ein ny dag rann i verda, nådens dag då Gud er å finna. For Jesus kom me lækjedom, ikkje berre for kropp og sjel, men for heile vår eksistens . Han bar bort syndene våre, betalte vår skuld, og kan difor føra oss til Gud. Kva er det å frykta Herrens namn? Det er å kalla på Jesus som Gud. Når du gjer det, blir brotet mellom Gud og deg fullstendig lækt, og den dagen Anden openberrar for deg implikasjonane av dette, kjem det ein slik glede over deg som berre kan samanliknast med den fridomen som kalvane erfarer når dei vert sleppte ut på beite om våren.
Jens Thoresenhttp://www.blogger.com/profile/08652436403296716288noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-4241888784867366782.post-89036052856915530812023-12-19T21:50:00.005+01:002023-12-20T08:25:28.059+01:00Advent 2023. Dag 20. Det Job såg.
Herre Jesus! Du er håpets Gud. Uansett kor langt nede me er i livet, er du sjølve grunnen under oss. Og ein dag skal du løfta oss opp over alle høgder, og me skal få sjå deg slik du er. Hjelp oss no å forstå ditt ord.
Job 19,25-26
Eg veit at min utløysar lever.
Som den siste skal han stå fram i støvet.
Når huda er riven av meg og kjøtet er borte,
skal eg sjå Gud.
Jobs bok er kanskje det fremste verket i verdslitteraturen, og kanskje også det eldste, og i dagens tekst ligg utruleg nok det kristne håpet heilt ope i dagen i ein tekst som faktisk vart skriven på Abrahams tid, 2000 år før Jesu fødsel. Og håpet er todelt.
Først handlar det om Jesus. Job hadde, pga sine synder, ei uløyseleg bot å betala. Som oss, hadde han ingen sjanse til å retta opp alt han hadde påført Gud og sine medmenneske av skade. Han var ein syndar, han som oss. Men i si ånd såg han ein utløysar koma for å betala bota hans. Han såg at Jesus kom for å betala for han, og skal me seia noko vesentleg om Jesus så er det at han er verkeleg ein utløysar av rang. Korleis skulle me klart oss utan han? Nei, det hadde ikkje gått bra, og gode, gamle Job fekk sjå dette i sitt livs mørkaste stund, lenge før Jesus vart fødd. Det var fint for han, og det er fint å tenkja på at Gud har dekka inn skulda vår, og at han er hos oss og ser til oss når me har det skikkeleg kjipt. Jesus er vårt evig håp. Alle som har han i liva sine, vil ein dag stå opp som han.
Dinest: Pga Jesus er ikkje døden lenger nokon trussel. Med han i hjarta går me rett til Gud når me døyr, og der skal me få fryda oss i all æva. Han seier jo sjølv: Den som lever og trur på meg skal aldri i æva døy, men er gått over frå døden til livet.
Og alt rundt dette som me ikkje forstår, overlet me gladeleg til Gud.
Jens Thoresenhttp://www.blogger.com/profile/08652436403296716288noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-4241888784867366782.post-90309666702359217602023-12-18T18:48:00.000+01:002023-12-18T18:48:44.130+01:00Advent 2023, dag 17
Gode Gud og Far! Me takkar deg for ditt ord, og innser at me treng hjelp for å forstå det. Gje oss denne hjelpa i dag ved Den Heilage Ande.
Mika 5,1-4a
Du, Betlehem, Efrata,
minst mellom slektene i Juda!
Frå deg lèt eg ein herskar over Israel koma.
Hans opphav er frå gammal tid,
frå eldgamle dagar.
2 Difor skal han overgje dei,
heilt til tida er komen då ho som skal føda, har fødd.
Då skal resten av brørne hans
koma tilbake til Israels born.
3 Han skal stå og gjeta i Herrens kraft,
i Herren sin Guds høge namn.
Og dei skal bu trygt,
for no rekk hans makt til endane av jorda.
Og han skal vera fred.
Mika levde samtidig med Jesaja, altså på 700-talet f.Kr. Han proferte altså så lenge før Jesu fødsel at det var i Betlehem, i Davidsbyen, Messias skulle fødast.
Men ikkje berre det. Han skulle fødast i Efrata. Efrata ligg utanfor Betlehem, og der heldt dei som gjette dyra til som skulle ofrast i tempelet. Gjetarane som me møter i Lukas 2 var slike. Sauene deira var offerdyr. Og det var slik at når eit lam vart fødd i Efrata, sveipte gjetarane det og la det i ei krubbe laga av stein, og på den måten vigsla dei det til Gud. Det skulle slaktast og slik sona for ein eller annan familie sine synder. Men dette var kun ei midlertidig ordning fram til det sanne offerlammet kom, Guds offerlam, Jesus Messias.
Då Jesus vart fødd, sveipt og lagt i krubbe, vart han vigsla til Gud som om han skulle vore eit offerlam. Og det var han også, biletleg tala. For han skulle sona alle syndene som alle menneske til alle tider har gjort. Og der, kjære ven, der er du inkludert om du vil eller ei. Og det skal du få stola på. Dersom du ikkje finn ein einaste grunn hos deg sjølv til å kalla deg kristen, så har du ein god grunn til å gjera det ut frå det som Bibelen seier at Gud gjorde for deg gjennom Jesus før du var fødd.
Jesus var altså langt meir enn eit offerlam. Han skulle vera herskaren over Israel, ja over heile verda. Dette seier Gud her gjennom Mika, og Guds ord kan ikkje setjast ut av kraft, seier Jesus sjølv i Johannes 10,35. Israels land og folk kan aldri utslettast rett og slett fordi Jesus Messias er Israels konge til evig tid. Det er og blir nyttelaust for Hamas, og kven det no enn måtte vera, å prøva seg på noko slikt. I staden skulle dei og alle muslimar forkasta islam, Koranen og jihad og famna Jesus og Bibelen og velsigna Israel. Då ville dei få det godt og erfara den djupe freden i og mellom folk som berre han kan etablera. For han skal vera fred, las me.
Jesus er "frå eldgamle dagar", les me her. Det betyr ganske enkelt at han er Gud, for berre som Gud kunne han ha preeksistens, som betyr at han eksisterte før han vart unnfanga og fødd.
Jesus er den gode gjetaren, og snart skal Israel samla seg om han, og han skal gjeta dei med guddomskraft, slik som han i årevis har gjort det med oss. La oss be om at det snart, veldig snart må skje.
Jens Thoresenhttp://www.blogger.com/profile/08652436403296716288noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-4241888784867366782.post-20191273388075463362023-12-16T20:46:00.001+01:002023-12-17T00:15:54.580+01:00Advent 2023, dag 16. Freden utan ende
Gode Far! I Jesu namn ber me også i dag om Den Heilage Andens nåde når me deler ordet ditt med kvarandre. Amen!
Jesaja 9,7
7 Så skal herreveldet vera stort
og freden utan ende
over Davids trone og hans kongerike.
Han skal gjera det fast og halda det oppe
med rett og rettferd
frå no og for all tid.
Herren over hærskarane skal gjera dette
i sin brennande iver.
Jesu herrevelde strekker seg over heile jorda i og med at han regjerer i kvar einaste kristen, og kristne finn me over heile kloden.
Regjeringsmakt handlar om jurisdiksjon. Der Guds lover gjeld, der er Guds rike. Der er Jesu herrevelde. Når hans lover vert sett til side og erstatta med anarki, eller av lover som strir mot hans, då er me komne over i djevelens rike.
Ï dag er mange som tidlegare var kristne og levde i lydnad mot Guds lover, ved sin ulydnad hamna i djevelens rike, og dette gjeld i særleg grad når det gjeld seksualitet og samliv.
Alle kristne syndar. Men dersom me innrømmer syndene våre er Gud trufast og rettferdig og tilgjev oss dei. Men når me begynner å definerer synda som uttrykk for Guds vilje, då hamnar me utanfor, sjølv om enn me berre hevdar dei ubibelske synspunkta. Me går fortapt fordi me forfører våre medmenneske, og det er faktisk meir alvorleg enn å leva i dei nemnde syndene.
I dag er Gud og djevelen i konflikt. Men ein dag, når Jesus kjem attende, må djevelen gje tapt, og Guds rike og riket sine innbyggjarar blir dei einaste som vert att på jorda. Då blir freden utan ende.
Ingen skal vera i tvil om at dette skal skje ein gong. Like sikkert som Jesus kom første gong, kjem han andre gong for å dømma levande og døde.
Det var Herrens brennande iver som førte Jesus til jorda ved juletider to tusen og nokre og tjue år sidan. Den same iveren skal bringa han attende om ikkje lenger.
Jens Thoresenhttp://www.blogger.com/profile/08652436403296716288noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-4241888784867366782.post-40342016442111818822023-12-15T17:51:00.001+01:002023-12-15T17:51:16.688+01:00Advent 2023, dag 15. Fredsfyrsten
Lat oss be: Gode Heilage Ande! Gje oss den hjelpa me treng i dag for å forstå Guds ord. Amen!
Det siste namnet kongsbarnet i Jesaja 9,6 skulle bera var Fredsfyrsten.
Og der har du Jesus. Han er kongen som etablerte fred mellom himmel og jord, mellom oss som er fulle av synd og den heilage, treeinige Gud, han som er verdas dommar. Men den synda han skulle dømma, tok han på seg sjølv, gjekk inn i døden med ho og kasta ho i ein botnlaus avgrunn. Slik skapte han fred med sitt blod, skriv Paulus til efesarane.
Kjære ven! Synda er borte, og vegen til Gud er open for alle som vil ha fellesskap med han og som vil innretta seg etter hans vilje. Kvar einaste som kjem til Gud i tillit til Jesus og hans frelsesverk, blir eit tempel for Gud. Det er ikkje berre slik at me flyttar inn i himmelen når me blir kristne. Himmelen flyttar inn i oss, og me himmelen kjem himmelens fred.
Kor mange gongar har du ikkje høyrt vitnemål frå nye kristne at dei fekk fred då dei fann Jesus? Det er heilt vanleg. Dette er den freden som går over alle forstand. Fornuften fortel oss at me burde vera urolege for både det eine og det andre. Likevel er me ikkje det. Me adresserer grunnane til uroa vidare til Jesus, og så overtek Guds fred i sinnet.
Ein dag skal Jesus koma att og setja føtene sine på Oljeberget. Då skal han etablera fredsriket sitt. Me kan lesa om dette riket i Jesaja 2 vers 1 ff. Dette riket skal ha Jerusalem som sin hovudstad. Det er vanskeleg heilt å sjå for seg korleis dette blir, men me anar at det blir ei fin tid for verda. Då skal djevelen bindast for ein periode på tusen år slik at han ikkje kan bedra menneska med løgnene sine lenger, og det blir fred mellom nasjonane. Men dette er så stort at me berre kan kvila tankane i det i små augneblink før me vender attende til kvardagen og evangeliseringa for å bringa Guds tilgjeving og fred til dei me møter på vå4r veg som alle kjempar kvar med sitt.
Jens Thoresenhttp://www.blogger.com/profile/08652436403296716288noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-4241888784867366782.post-24965904209398533882023-12-14T10:29:00.005+01:002023-12-14T10:29:42.997+01:00Forbod mot konvertering og "konverteringsterapi"
Tysdag 12. desember vedtok Stortinget forbod mot konverteringsterapi. I den samanheng har eg gjort meg nokre tankar.
I dei fleste
muslimske land i verda er det forbode å påverka innbyggjarane med tanke på å få
dei til å konvertera til ei anna tru. I tillegg har 11 delstatar i India også
innført slike lover for å verna hinduar mot å bli eksponert for t.d. kristen
forkynning. <o:p></o:p>
I Iran,
Saudi Arabia og Egypt er det faktisk forbode for muslimar å byta tru i det
heile tatt, så sant du ikkje byter frå t.d. kristendomen til islam. Det blir
sagt at det uansett er umogeleg for ein muslim å byta tru. Dei som ønskjer det,
ønskjer det eigentleg ikkje. Det er berre utsette for mentale overgrep. <o:p></o:p>
Desse
antikonverteringslovene er naturlegvis i strid med artikkel 18 i
Menneskerettsfråsegna, men denne fråsegna er det opp til kvarte enkelt land å
handheva. Ingen totalitære statar bryr dei seg nemneverdig menneskerettane. <o:p></o:p>
I Noreg har
me no fått forbod mot det som vert kalla konverteringsterapi. Dette forbodet
liknar på dei lovene som er omtalt ovanfor, men handlar om kjønn og
seksualitet, og ikkje direkte om tru og religion. Men tru og religion blandar
seg inn i alle livsområde, også det som handlar om seksualitet, og dermed vil
nok den nye lova i Noreg også påverka trusfridomen. <o:p></o:p>
Det er brei
semje i Stortinget om at skeive skal ha rett til ikkje å bli utsett for påverknad
med tanke på å endra legning eller åtferd. Dette er slik fordi Stortinget
meiner det ikkje er trong for endring, og fordi det meiner at endring uansett
er umogeleg. Dei som ønskjer endring, ønskjer det eigentleg ikkje. Dei er berre
utsette for mentale overgrep. <o:p></o:p>
Men dersom heteroseksuelle
ønskjer å bli homoseksuelle, og få hjelp med det, vil dette ikkje råkast av lova.
Grunnen er grei. Dei som ønskjer slik hjelp er i røynda homoseksuelle, dei har
berre ikkje «kome ut av skapet» enno, og då er det jo ikkje konvertering, jmf
boka «Homo» av Anette Trettebergstuen og Bård Nylund (2017)<o:p></o:p>
Den nye lova
legg ned forbod mot alle forsøk på å få skeive menneske å endra seksuell åtferd
og identitet. Men no er det slik at kristen forkynning alltid har konvertering
som mål. Bibelen snakkar om at menneska treng å venda om frå syndene sine for å
oppnå tilgjeving og evig frelse, og det gjeld også frå homoseksuelle handlingar.
Konvertering er rett og slett ein hovudsak i kristendomen.  <o:p></o:p>
Det blir
spennande framover å sjå korleis politi og domstolar vil handheva  den nye lova. Kultur og
likestillingsministeren forsikrar om at lova ikkje råkar kristen forkynning.
Men det er det faktisk ikkje ho som bestemmer. Det er domstolane sitt privilegium
å tolka lovene. <o:p></o:p>
Jens Thoresenhttp://www.blogger.com/profile/08652436403296716288noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-4241888784867366782.post-22922415812671792932023-12-12T21:27:00.000+01:002023-12-12T21:27:39.818+01:00Advent 2023. Dag 13. Evig Far
Gode Far i himmelen! Du er den perfekte far for alle mennesker, og takk for at du en dag åpenbaret deg også for meg som min far, en far som elsker meg med en evig kjærlighet. Når vi nå skal dele ditt ord med hverandre, gi oss Den Hellige Ånd slik at vi kan ta ordet til oss og ha hjelp av det. Amen!
Og han skal kalles Evig Far!
Det er litt underlig at dette er sagt om Jesus som jo er Guds Sønn. Kan han være Far og Sønn samtidig. Nei, han kan jo ikke det. Men han sier selv at han og Faderen er ett. De tenker og føler likt, og har den samme dype kjærlighet og omsorg for alle troende, og de har den samme lengsel etter alle som ennå ikke tror. Samme sinn, samme innstilling, samme holdning, samme mål, samme plan, like ønsker osv.
Jesus sier selv: Den som har sett meg, har sett Faderen. Det er utelukkende ved å studere Sønnen vi kan få kunnskap om Faderen, og som Jesus sier i Matteus 11 at det er Han som kan åpenbare Faderen for et menneske. Ingen andre. Ikke Muhammed. Ikke Sigharta Gautama. Ikke Kon Fu Tse eller noen annen religionsstifter.
Og hvem åpenbarer Jesus Faderen for? De umyndige, de som ikke hevder seg selv, sine egne tanker, meninger og interesser i møte med Gud, men som bøyer seg for hans ord, bekjenner sine synder og vender seg bort fra dem. De som har en grunnleggende mistillit til sine egne vurderinger i åndelige spørsmål, og som bare har ett ønske: å få vite hva Gud tenker, mener og står for. De som har det slik får se Gud.
Kjære kristne venn! Du kan stola på han som kalles Evig Far! Han har full kontroll på alt i livet ditt, helt ned til den minste detalj. Ingenting går ham hus forbi. Når du føler du trenger hans inngrep uten at det kommer, er det fordi han lærer deg opp og utdanner deg til det som ligger foran. Det kan oppleves vondt. Men det er helt nødvendig at han trekker seg litt tilbake. Men ikke ett eneste sekund tar han blikket sitt vekk fra deg. Hans hjerte er så ømt for deg, og det vil han at du skal vite så du aldri fortviler eller blir motløs. Før du vet ordet av det griper han inn og avslutter leksjonen, og solen står opp og alt blir bra.
Jens Thoresenhttp://www.blogger.com/profile/08652436403296716288noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-4241888784867366782.post-29705093846854343072023-12-11T23:56:00.003+01:002023-12-12T13:44:28.281+01:00Advent 2023. Dag 12. Veldig Gud!
Bøn: Herre, vår lukke ligg i å kjenna deg og ditt ord, og du ber oss om å studera og grunda på dette ordet ditt slik at du kan fylla oss med Anden, og gjera oss lik tre som er planta ved rennande elvar, tre som ber frukt i si tid. Også i dag ber me om dette: Opna Skriftene for oss og syn oss hjarta ditt. Amen!
"Han skal kallast Veldig Gud" Jes 9,6
På hebraisk er det slik at det du vert kalla, det er du. Jesus var altså Veldig Gud, skaparen av himmel og jord, alt synleg og usynleg.
Jesus er Gud i velde, den Gud som regjerer over himmel og jord.
Då han vart menneske, slutta han aldri å vera Gud. Barnet i krubba var Veldig Gud. Jesus på krossen var Veldig Gud. Han var Veldig Gud då han sigra over døden og stod opp frå grava , og det er han den dag i dag. Berre som Veldig Gud kunne han forsona verda med Gud. Kven andre enn Gud kunne ha rygg til å bera verdas synd? Ingen.
Dei som såg etter, kunne sjå hans guddommelege herlegdom alt medan han gjekk som menneske på jorda. Han stilte stormen på Gennesaretsjøen, han kommanderte vonde ånder ut av folk, han reiste opp døde, og tilgav synder. Då skein det guddommelege gjennom.
Johannes skriv: Me såg hans herlegdom, den herlegdomen ein einboren son har frå Far sin, full av nåde og sanning.
Og vidare: Ingen har nokon gong sett Gud, men den einborne Sonen har synt oss kven han er.
Kor skal folk leita etter Gud for å finna han? I Jesus Kristus! Kor finn dei Jesus? I Bibelen og i kyrkja. Og alle som heilhjarta leitar etter Gud, vil garantert finna han. Det har han lova gjennom profeten Jeremia i kap. 29.
Jens Thoresenhttp://www.blogger.com/profile/08652436403296716288noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-4241888784867366782.post-27784136579102881362023-12-11T09:34:00.007+01:002023-12-11T21:48:23.681+01:00Advent 2023. Dag 11. Underfull rådgiver
Eg takkar
deg, Jesus, for alle som trur på deg og som elskar kyrkja. Takk for
sanningsordet, evangeliet, som ein gong også kom til oss.
<o:p></o:p>
Må ordet ditt spreia seg til alle land og folk.
Send og utrust tenarane dine til å gå til alle byar, landsbyar og
avkrokar på jorda for å disippelgjera kvart einaste folk og nasjon, og gjer oss
villige til å gå når du kallar oss ut. Amen!
"For et barn er oss født, en sønn er oss gitt. Herreveldet er lagt på hans skulder. Han har fått navnet Underfull rådgiver, Veldig Gud, Evig far, Fredsfyrste."Jesaja 9:6
Disse ordene ble sagt av profeten Jesaja om Jesus 700 år før han ble født. Vi har allerede snakket om den første delen av dette verset. I dag skal vi konsentrere oss om ett av de mektige navnene han bærer, nemlig Underfull rådgiver.
Hans råd finner vi først og fremst i Bibelen. Når vi står i en klemme, hender det at et bibelvers dukker opp i tankene våre som blir oss til hjelp. Da er det Den hellige ånd, som også er Jesu ånd (Jesaja forresten kaller "råds og styrkes Ånd") som er på farten. Han minner oss om alt som Jesus har lært oss, og hele Bibelen er hans verk. Derfor er det så viktig at vi leser hele Bibelen, leser og studerer, fordyper oss og memorerer, for da har Ånden noe å minne oss om.
Det største og viktigste spørsmålet et menneske kan stille er :"Hva skal jeg gjøre for å bli frelst?" En romersk fangevokter i Filippi stilte dette spørsmålet. Det kan vi lese om i Apostelgjerningene kap. 16. Og Paulus svarte ham: "Tro på den Herre Jesus, så skal du bli frelst, du og familien din."
Dette er Guds råd til frelse. Og det er en strålende sannhet at når en familiefar aksepterer Jesus, aksepterer Gud hele hans familie. Ta med deg dette ordet i dag, du som er urolig for dine barns tro og framtid.
Og så tenker jeg i dag på verdens politikere som står til halsen i problemer, og som på død og liv skal prøve å løse dem selv uten å konsultere Kristus, han som alltid kan gi de rådene som løser problemene. For en eventyrlig dårskap. Og prøv å forstå meg rett: Det er ikke FN sine løsninger verden trenger nå, men Kristi løsninger. Mange av dem finner de i Bibelen. Det er bare å ydmyke seg og lese, og kaller de på ham og be han om hjelp. Da kan de begynne med å respektere de ti bud, og så vil han gi dem all den visdommen de trenger for å styre verden inn på rett spor. For begynnelsen til visdom er å frykte Herren, og ingen frykter ham uten å holde de ti bud. Det gjelder både på privat og offentlig.
Jens Thoresenhttp://www.blogger.com/profile/08652436403296716288noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-4241888784867366782.post-55560244992352889492023-12-07T08:20:00.001+01:002023-12-07T08:20:32.508+01:00Advent 2023. Dag 7
"Og herrevelde kviler på hans skuldrar," las me i går.
Barnet i krubba i Betlehem var alle tiders konge. Det var gjetarane på Betlehemsmarkene som var dei første i verdshistoria som fekk høyra juleevangeliet. Engelen forkynte: "I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davidsbyen Betlehem. Han er Messias, Herren," som betyr frelseskonge og Gud.
Heilt frå Jesus vart avla, heilt frå han var eit foster, var han universets evige konge. Frå den tid var det han som bestemte på jorda, frå den tid er det han kvart menneske skal svara for.
I Salme 2 les me om jord,iske kongar som opponerer mot Herren og han som Herren har salva. Og det får me jo seia gjeld dei fleste av dei. Det er lite klokt. Salmisten skriv at dei bør ta forstanden fatt og bøya seg for den store kongen, lyda, tilbe, tena og tilbe han.
Dersom Gud har ein bodskap til statsministrar, presidentar og kongar, så er det dette: Bøy dykk for Herren, tilbe han og kyss skjelvande støvet for hans føter. De er hans tenarar. De er forvaltarar. De er vikarar. Dersom de berre vil gjera tinga på dykkar eigen måte, følgja ubibelske ideologiar og ikkje respektera lovene hans, og dersom de ikkje vil rådføra dykk med han når de utøver embeta dykkar, då blir han vreid på dykk og vil dømma dykk. Herreveldet er nemleg hans.
Men dette gjeld faktisk for alle menneske. Alle er underlagt Gud. Alle må venda om til han, tilbe og lyda han om dei vil leva rett og vera ein del av hans evige rike.
Men Jesus er Herre også over alt som vil herja med oss og vil riva oss ned, sjukdomar, demonar og mektige djevelske krefter og fyrstar som rettar sitt skyts mot enkeltmenneske, barna i mors liv, familien, kyrkja og Israels land og folk. Alt som er etablert av Gud rasar og krigar djevelen mot. Men han må vika når kyrkja reiser seg for å be, og når Jesus sjølv, som svar på kyrkja sine bøner, reiser seg på truna si og rettar septeret sitt mot djevelen og medhjelparane hans. Då må dei vika unna.
Medan han var på jorda, dreiv Jesus ut mengder av vonde ånder som plaga folk. Han sette folk fri frå alt slikt. No har han overført denne tenesta til oss som trur på han. Han har utrusta oss med himmelens kraft og autoritet til å kalla menneska til omvending og tru, til å driva ut vonde ånder og til å lækja dei sjuke. Herreveldet kviler på hans skuldrar, og han delegerer makt og oppgåver til kven han vil. Dette er kyrkja sin arv.
Jens Thoresenhttp://www.blogger.com/profile/08652436403296716288noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-4241888784867366782.post-30854270473780720442023-12-06T17:27:00.003+01:002023-12-07T01:57:06.925+01:00Advent 2023. Dag 6
Gode Gud og Far! Du gav oss eit barn, ein frelsar, ei enorm gåve med mitt og alle sitt namn på. Hjelp oss no å ta imot ordet ditt og han det handlar om. Amen!
I Jesaja 9 finn me ein forunderleg og vidunderleg tekst, ein profeti om Jesus. Litt forkorta lyder han slik: "Det folket som går i mørket skal sjå eit stort lys, og over dei som bur i dødsskuggens land, skal lyset stråla fram. For eit barn er oss født og ein son er oss gjeven. Herreveldet er lagt på hans skuldrar."
Eit sentralt spørsmål i denne teksten er: Kven er "oss"? Og svaret er: "Oss" er "det folket som går i mørket". Og kven er det? I Matteus 4,12-17, der denne Jesajateksten er sitert, les me at det handlar om dei som på den tida budde i Sebulon og Naftalis land, også omtalt som "heidningars Galilea". Her må me ha klart for oss at Nord-Israel på den tida var befolka av ikkje-jødar. Sebulon og Naftali var jo mellom dei av Israels ætter som hadde blitt deportert og fordrivne av assyrarane i år 720 f.Kr. Dei var ikkje lenger der, og var blitt erstatta av heidningar. Me kan trygt seia at "oss" i denne teksten rett og slett er oss.
Etter syndefallsdagen har det kvilt eit tungt mørke over oss menneske. Synda har gjort seg gjeldande i liva våre som ei destruktiv kraft som pregar kvardagen vår ofte meir enn me er klar over og vil innrømma. Synda er mektig og simpel, og jo meir me slepp ho til og gjev henne aksept, jo vanskelegare gjer me det for oss sjølve og for kvarandre. Og så er det eit faktum: Me kan ikkje fri oss frå henne sjølve. Ho er integrert i liva våre på ein ubehageleg måte, er blitt ein del av oss. Og hadde me ein gong hatt lyst å bli kvitt henne, kunne me ikkje det. Men lysta til å bli kvitt synda er lett å styra, for å seia det slik. Ho blandar seg inn i alt me seier og gjer, og ho er mørk, gjer det mørkt og gjer det umogeleg for oss å finna vegen til Gud, noko me ikkje ein gong vil før me blir introdusert for han som er det store lyset som splintrar dette mørket, JESUS KRISTUS.
Han er Guds gåve til oss arme mennesker, me som bur i heidningeland, me som ikkje kunne frelsa oss sjølve. Han er vår, fordi han er oss gjeven. Han vart sendt til di og mi adresse. Jesusbarnet er vårt. Den vaksne Jesus er vår. Den krossfeste Jesus er vår. Den oppstadne Jesus er vår. Den herleggjorde Jesus er vår. Han er Gud og han er Guds gåve til oss. Og det som det handlar om for oss, er å innrømma at me har rota oss vekk, at me er syndarar langt inn i ryggmargen og har behov for ein frelsar og takka og ta imot han nett slik me er. Då blir synda vår dekka av hans tilgjeving, og for evig skjult for verdas dommar. Med Jesus i hjarta startar eit nytt kapittel, ja eit nytt liv for alle som tek imot han i tru, eit liv som Guds kjære barn, eit liv i Guds lys.
Jens Thoresenhttp://www.blogger.com/profile/08652436403296716288noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-4241888784867366782.post-91794169848702747682023-12-04T21:14:00.003+01:002023-12-05T10:03:41.129+01:00Advent 2023. Dag 5
Kjære Jesus! Du kom til oss, ikkje berre for å visa deg fram for så å reisa frå oss att, men du kom for å bli. Opna ordet ditt for oss no når me skal dela det med kvarandre. Amen!
Så sant du trur på Jesus og er ein kristen, bur Jesus i deg. Du er fødd på nytt, er blitt ein berar av Gud, fått del i guddommeleg natur, som Peter formulerer seg. Det handlar om ein personleg transformasjon.
Gud er i deg, noko som har enorm betydning for dei du pleier kontakt med, for liksom Jesus er blitt ditt håp, kjem du med håp til dei du har rundt deg. Eit kristent menneske formidlar alltid håp, ikkje motløyse. Det siste ville vera heilt meiningslaust i og med at me har fått den ånd hos Gud som ikkje frambringer møtløyse, men ei ånd som gjev kraft, kjærleik og visdom, som me les i 2.Tim 1.
Og som om dette ikkje skulle vera nok: Jesus er også med deg, seier han i misjonsbefalinga, slik at alle som møter deg, møter han før dei møter deg. Dette er jo berre heilt strålande. For det betyr at du som kristen påverkar folk med Gud i kraft av at du berre finst. Og Jesus sa det jo sjølv til læresveinane sine i Matteus 5 at "de er verdas lys og jordas salt". Ikkje at dei skulle bli dette ein gong i framtida, t.d. på pinsedag, men at dei allereide var lys og salt. Korleis kunne det ha seg? Jo, dei trudde på han, og ved trua hadde han teke bustad i dei.
Jesus stadfester dette for oss i Johannes 15 når han seier: "Eg er vintreet og de er greinene", og dette var jo medan han var hos dei reint fysisk. Og han sa: Dersom de blir i meg, så blir eg i dykk, og de skal gå ut og bera frukt, frukt som varer. Den fysiske, menneskelege sida av Jesus var ikkje heile sanninga om han. Han var Gud, og Gud er ånd, og som sann Gud kunne han bu i venene sine før han ved sin soningsdød bana veg for at Anden kunne koma til dei i all sin fylde og starta ein heilt ny epoke både i dei liva deira, og i verdshistorien.
Paulus skriv i Galaterbrevet 2,20: "Eg er krossfesta med Kristus, eg lever ikkje lenger sjølv, men Kristus lever i meg, og det livet eg lever i kroppen, lever eg i trua på han som elska meg og gav seg sjølv for meg."
Kva vil eg fram til? Eg vil at du skal rekna med Jesus, at han har frelst deg på ein solid måte og at han bur i deg og er med deg.
Ikkje strev med å få noko til på hans vegne. For din funksjon er hans sak. Du skal berre takka han for at det er sant, at han er i deg og verkar gjennom deg.
Og kjem det inn noko i livet ditt som forstyrrar dette, så gå til Gud med det. Synda sannar me og alle bekymringane legg me fram for Gud i bøn og påkalling med takk, som Paulus skriv i Fil 4,7. Då kjem Guds fred som går over all forstand og varar hjarto og tankane våre i Kristus Jesus. Det er ein herleg erfaring.
ra
Jens Thoresenhttp://www.blogger.com/profile/08652436403296716288noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-4241888784867366782.post-20875560704489534132023-12-03T14:39:00.013+01:002023-12-04T07:36:02.419+01:00Advent 2023. Dag 4. Misjon og advent
Lat oss be: Herre, du kom til verda for å gje oss frelse, fellesskap, fred og håp. Lys for oss når me no skal dela ditt ord med kvarandre. Amen!
Himmelens Gud talte til Abraham og sa: "I deg skal alle slekter på jorda velsignast." 1.Mosebok 12,3
Dette hende for nesten 4000 år sidan, og i dag ser me det skjer framfor augo våre.
Det gjekk 1800 år frå Abraham fekk denne lovnaden til Jesus kom for å bringa fram eit fullkome offer til frelse for alle menneske, og før han sende læresveinane ut i verda for å proklamera sigeren han hadde vunne over synda, døden og djevelen, og kalla alle menneske til omvending og tru.
Nå har det snart gått 2000 nye år. Kor står me? 97% av alle som bur på jorda kan i dag høyra bodskapen om Jesus på morsmålet sitt. Dei 3 siste prosenta, som forresten utgjer omlag 300 millionar menneske, snakkar bortimot 2000 ulike språk som enno ikkje er bibelspråk.
Men utviklinga går fort. Kvar veke vert det starta tre nye bibeloversettingsprosjekt, og rundt 2035 reknar ein med at bibeloversetting innan alle språk der det er behov.
Evangeliet har sidan Jesu himmelfart gått sin sigersgang over jorda. Nokre gongar veldig fort, andre gongar har ting stått stille. Lenge. Men over alt der evangeliet får skikkeleg fotfeste, blir menneska rikt velsigna. Dei opplever fullkomen frelse frå synd, at Jesus bryt den makta som synda og satan har hatt over liva deira, og han kjem med Den Heilage Ande og forvandlar folk frå innsida, slik at dei snur seg bort frå dei vonde gjerningane sine, og strekker seg etter det som er godt for seg sjølv, familiane sine, for naboar og samfunn.
For over tusen år sidan kom evangeliet til Noreg. Det vart til enorm velsigning for landet. Funksjonshemma barn kunne ikkje lenger drepast ved fødsel. Alle, inkludert slavar og trekkdyr, skulle ha ein fridag i veka. Slavar skulle kunna dessutan kjøpa seg fri, om dei ønskte det. Polygamiet vart erstatta med monogamiet, og kvinnene fekk samtykkerett ved giftarmål. Det vart forbode å driva med trolldomskunster, svart magi og blodhemn. Gud vart integrert i kvardagslivet. Folk skulle venda seg mot aust og be til den heilage Kristus om godt år og fred, om at alle deler av landet skulle vera råd å bu i, at kongen skulle bevarast uskadd, vera folket sin ven, og om at Gud skulle vera ven åt alle, for å sitera §1 i Gulatingslova som faktisk går attende til Håkon den gode på 900-talet. Lova slo fast at me alle står under Gud, og under han er me alle like. For første gong vart høg og låg, rik og fattig, ung og gamal, kvinne og mann, fri og træl, funksjonsfrisk og funksjonsskadd tilkjent same menneskeverd. Det var heilt nytt, og ei stor velsigning, og det det vart definert at det var dei sterke og rike si plikt å dra omsorg for dei små og svake i samfunnet. Noreg hadde vore eit ættesamfunn. Men kristendomen utvida perspektivet og forma oss som ein nasjon. Smått om senn endra Noreg seg frå eit hemnsamfunn til eit nådesamfunn, frå eit maktsamfunn til eit rettssamfunn. Alle dei smålege, barnslege, lunefulle, lastefulle, og ubereknelege norrøne gudane vart kasta ut til fordel for den kvite Krist, fredsfyrsten som hadde vunne over synda døden og djevelen, han som elskar alle og ein kvar, og som me den dag i dag elskar over alt som tenkjast kan. For ei velsigning han har vore for landet vårt. Og sjølv om hans posisjon i dette folket gradvis har blitt svakare dei siste åra, har ikkje me som trur på han mista håpet om at kristentrua kan koma attende enno mektigare enn før. Enno er det mange kristne i dette landet som ber Kristus med seg ut i kvardagen, og så lenge det er tilfelle, er det ikkje grenser for kva godt som kan skje.
På 1980-talet kom Abrahams velsigning til ei lita folkegruppe på Papua Ny Guinea, umanakainafolket, som tel omlag 2000 individ. Ingjerd og Sigmund Evensen hadde saman med barna sine dukka opp i landsbyen Bonenepi i 1978 for å gje denne stamma Bibelen på deira eige språk. Alle var redde desse menneska som inntil nyleg hadde vore kannibalar, og som elles berykta for å vera grusomme. Ord som tilgjeving og nåde eksisterte ikkje i språket deira. Dei levde i eit hemnsamfunn, og sjølvmordsraten var skyhøg. Men det kom til å endra seg dramatisk då evangeliet begynte å lysa inn i hjarto deira. Kristus kom til dei med lys og håp. Djevelens makt vart broten, og i dag er umanakainasamfunnet eit nådesamfunn der Kristus rår og folk tek vare på kvarandre som søsken. Det skjedde som Gud hadde sagt til Abraham: "I deg skal alle slekter på jorda velsignast."
Jens Thoresenhttp://www.blogger.com/profile/08652436403296716288noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-4241888784867366782.post-26144189247552445032023-12-03T14:02:00.001+01:002023-12-03T14:02:18.115+01:00I Had An Encounter With Jesus | David's TestimonyJens Thoresenhttp://www.blogger.com/profile/08652436403296716288noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-4241888784867366782.post-50399770914106212182023-12-02T18:55:00.004+01:002023-12-03T18:46:22.233+01:00Advent 2023, del 2
Bønn: Herre Jesus Kristus. Du er Guds ord, og du talar til oss når me samlar oss ditt namn for å lytta til deg. Me ber om at du skal gjera det no også. Amen!
Alt på syndefallet sin første dag, kom Gud til sine fortapte menneskebarn og tente ei stjerne av håp for dei og i dei.
Dei hadde blitt lurt av slangen til å bryta det eine bodet som Gud hadde gjeve dei. Djevelen, som talte gjennom slangen, må ha tenkt: Dette gjekk jo veldig lett, og han var sikkert ganske optimistisk etterpå med tanke på at han skulle forpurra alle Guds planar med menneska og jorda.
Hans strategi er gamal og effektiv. Han startar med å så tvil om Guds ord, for så å endra det bilete me menneske har av Gud, og få oss til å tenkja at den gode Gud som har skapt oss og som berre vil oss godt, eigentleg er kjip og har mange goder som han ikkje vil dela med oss andre osv.
Det er særleg innafor fire områder me lett let oss lura, og det er når det gjeld sex, pengar, berømming og makt, og desse er alltid meir eller mindre vikla inn i kvarandre. I Edens hage handla det om makt: "Gud veit at den dagen de et av treet, skal de bli som han!" Hallo folkens! Denne kunnskapen har Gud, og den har han ikkje delt med dykk. Han har sagt til dykk at de skal døy, men sanninga er den motsette: Dersom de bryt bodet hans, skal bli som han og leva i evig lykke. Då han sa at det var forbode av dykk å eta av treet til kunnskap om godt og vondt, så var det fordi han vil undertrykkja dykk for all framtid. Men no må det bryta dykk ein veg ut av tvangen og inn i fridomen, den fridomen som no berre Gud nyt og held for seg sjølv.
Slik får han folk til å føla når han freistar dei til fall. Bak den ulovlege handlinga ligg det noko fantastisk, ny rikdom, ny anerkjenning, nye mulegheitar osv.
Djevelen er og blir ein håplaus løgnar. Han lovar gull og grøne skogar, eit Soria Moria. Men på den andre sida av fallet ligg skam, moralsk og åndeleg degenerering, einsemd, dårleg samvit, anger og tap av glede.
Adam og Eva kom akkurat dit, og då Gud kom til dei i hagen om kvelden, kom han til to dødsdømde og fortapte menneske. Det såg veldig mørkt ut både for dei og for Guds planar med verda.
Men då er det at Gud tenner eit lys av håp. Det blir aldri så mørkt i livet ditt som det var denne dagen i Adam og Eva sine liv, og det blir aldri så mørkt av Gud ikkje kan tenna eit håp for deg, eit håp med hold i, eit håp som held.
"Kvinna si ætt skal knusa hovudet ditt," sa Gud til slangen, "men du skal hogga han i hælen." Slangedreparen skulle ikkje koma frå det umerka.
Kva var det slangen høyrde: "Ein dag skal det koma eit gutebarn, avla av Gud og ikkje av mann, fødd av ei kvinne, ein mann som i mogen alder skal knusa di makt over menneska."
Dette er første profetien om Jesus. Han kom, stod fast i alle freistingar han møtte på, oppfylte Guds lov til punkt og prikke, tok på seg all verdas synd, vart krossfesta, leid og døydde før han stod opp att tredje dagen, og alle som tek imot han, dei får retten til å vera Guds barn, dei som trur på namnet hans, for å sitera Johannes 1,12.
"Den som har Sonen, har livet", skriv Johannes ein annan plass. Du forstår: "Han er vårt håp", som Paulus uttrykkjer seg ein plass. Ikkje eit kanskje skjer det-håp, men ein levande håp, eit sikkert håp. Har du han, trur du på han, då har du framtid og håp.
Jens Thoresenhttp://www.blogger.com/profile/08652436403296716288noreply@blogger.com0