Eg har hatt ein mistanke lenge, men fekk det stadfesta i dag då eg
høyrde på radio: Eg er marginal. Dei som trur på helvete er nemleg det,
vart det sagt, og eg trur på helvete, altså er eg marginal, og som
marginal er eg vel også uinteressant, berre ein bagatell.
Det er ei undersøking som syner at dei som trur på helvete er
mindre kriminelle enn dei som berre trur på himmelen. Ein kommentator i
NRK-radio kalla det for agurkforskning. Helvete var noko
middelaldergreier som me for lengst har fjerna oss frå her i landet. Me
er betre informert enn at me går rundt å trur på slike barbariske ting.
Er me? Ikkje eg. Eg trur på helvete, og tilhøyrer altså ei marginal
gruppe.
Trøysta mi er at Jesus også er med i denne gruppa. Det gjev litt frimot.
Det er nesten ingen i Noreg lenger som trur på helvete,
sa teologen i radioen. Berre nokre sekter og svært få konservative
kristne. Men dei er ikkje mange. Det er nesten ingen igjen av dei, vart
det sagt i dag.
Men stopp litt: Kan det at nesten ingen trur på helvete
seia noko om at helvete finst eller ikkje? Sjølvsagt ikkje. Anten finst
ting, eller det finst dei ikkje. Om få eller mange trur at dei finst,
spelar inga rolle. Dersom alle trur at noko finst som ikkje finst, så
finst det likevel ikkje. Om alle trur at noko ikkje finst, noko som faktisk finst, så finst det likevel. Me kan ikkje røysta over om noko finst eller ikkje.
Den ungarske legen Ignaz Philip Semmelweiss hevda på1840-talet at
infeskjonar skuldast usynlege smittestoff, og at betre hygiene ville
hjelpa. Kollegane hans lo av han. Nesten ingen trudde på usynlege ting.
Men fleirtalet tok feil. Bakteriane fanst jo likevel, og desse brydde
seg ikkje om at nesten alle sa at dei ikkje eksisterte.
Eigentleg trur eg ikkje på helvete. Men eg trur på Guds ord, på
Bibelen, på Jesus, og Jesus snakkar om helvete, ja, om helvetes eld til
og med. Guds ord fangar meg. Jesus fangar meg.
Eg må tru på Jesus, og då må eg tru på det han seier. Elles trur
eg ikkje på han. Til Nikodemus sa Jesus: "For så elska Gud verda, at
han gav Sonen sin, den einborne, for at kvar den som trur på han, ikkje
skal gå fortapt, men ha evig liv." Dette trur eg på. At Jesus har frelst
meg frå fortaping, dvs. helvete, og at denne frelsa er mi om eg trur på
han.
Kristendom er ein frelsesreligion, og Jesus er ein frelsar. Men dersom det ikkje finst ein dom, kva skal me då frelsast frå?
Men domen er uunngåeleg og vil råka alle som ikkje har elska Guds openberring.
torsdag 28. juni 2012
mandag 25. juni 2012
"Free Asia Bibi"
Den 40 år gamle fembarnsmora Asia Bibi sit i fengsel i Pakistan. Ho er dømt til døden for blasfemi. Grunnen er at ho proklamerte for nokre kvinner at Jesus lever medan Muhammed er død. Ho treng vår forbøn. Denne songen går no verda over.
tirsdag 12. juni 2012
søndag 3. juni 2012
"Jesu død på korset er den viktigste begivenhet i verdenshistorien!" !"
Men Solheim har naturlegvis heilt rett. Ingen har forma vårt land og vår vestlege kultur som Jesus Kristus. Det kristne evangelium har meir enn noko bestemt kva me i vår del av verda ser på som rett og rimeleg, og korleis me bør leva liva våre.
Men dei som no veks opp får ikkje høve til å bli godt kjent med kjerneforteljingane i Bibelen. No skal dei læra om alle religionar i skulen, og det som skjer er naturlegvis at dei blandar alt i ein graut og ikkje lærer om nokon religion i det heile tatt. Det veit eg svært mykje om sidan eg underviser i religion, livssyn og etikk i den norske skulen. Etter at elevane har hatt RLE i mange år, er det urovekkande mange av dei som ikkje kan noko av dei ulike religionane, ei heller om kristendomen og Jesus.
Det er ikkje mindre enn ein tragedie at barn og unge i Noreg ikkje lærer seg å be til Jesus og at dei ikkje lærer seg å skjøna kva som hende då Jesus døydde på krossen, det som i følgje Erik Solheim er den viktigaste hendinga i verdshistoria.
Kvifor er dette det viktigaste som har hendt? Jo fordi Jesus på krossen tok bort alle syndene våre slik at me ved å tru på han kan bli rettferdige for Gud.
I alle andre religionar utanom kristendomen må menneska etablera og bygga opp sin eigen lagnad og si eiga rettferd. Du får som fortent. Men me som er kristne har lært oss å forstå at me ved tru på Jesus får det motsette av det me har fortent. "For alle har synda og står ærelaus innfor Gud, men me blir rettferdiggjort ufortent ved hans nåde ved forløysinga i Jesus Kristi blod." Romerbervet 3,21. Hadde verda forstått og trudd dette, ville alt ha vore heilt annleis. Det er sikkert.
Abonner på:
Innlegg (Atom)