 |
Martin Luther. Målarstykke i slottskyrkja i Wittenberg. Mannen peikar på Ordet. |
I 1199 gjekk det ut eit dekret frå pave Innosence III om at Bibelen
ikkje skulle omsetjast til andre språk enn latin. Guds tankar kunne
ikkje uttrykkjast på forsvarleg vis på dei barbariske språka, meinte
han. Konsekvensen vart at folk flest i Europa ikkje hadde den minste
peiling på kva Gud hadde sagt til slekta, og Guds ord fekk ikkje sleppa
til med si frigjerande og nyskapande kraft i folks liv. Dei vart verande
i stummande åndeleg og moralsk mørker.
Midt på 1300-talet tok
John Wycliffe, teologiprofessor i Oxford, tak i situasjonen. Han fekk
Bibelen oversett til engelsk, og sende unge menn, dei såkalla lolardane,
rundt i landet for å lesa høgt for innbyggjarane. Dei fleste var jo på
den tid analfabetar. Kyrkja rasa mot Wycliffe, fekk han avsett frå
stillinga si, og som det ikkje var nok, forfølgde og drap dei lolardane.
Men det Wycliffe hadde starta, let seg ikkje stoppa. Engelskmennene
hadde fått smaken på Guds ord, og den slapp aldri taket i dei. Wycliffe
sette i gong ein bibelmisjon som har halde fram sidan den tid og
forvandla menneske og samfunn overalt der boka har kome inn og blitt
lesen. Engelskmennene har vore mellom dei fremste ambassadørane for
Bibelen i heile misjonshistoria, og er det framleis. Både Tyndales
omsetjing frå 1529 og king James-omsettinga frå midt på 1600-talet, har
hatt ein enorm betydning for utbreiinga av evangeliet i den
engelsktalande delen av verda.
Etter riksdagen i Worms i 1521
vart Martin Luther lyst fredlaus av keisar Karl V. Livet hans stod i
fare, og på ordre frå kurfyst Fredrik av Sachsen vart Martin Luther
"kidnappa" av vener og plassert på slottet Wartburg. Der brukte han tida
si på å oversetja Det nye testamentet frå gresk til tysk. Han brukte 11
månader på jobben, og boka vart trykt opp i mange store opplag og
spreidd over heile Tyskland. No kunne folk med sjølvsyn finna ut kva Gud
hadde sagt. Det fekk ein enorm effekt. Dei trong ikkje lenger tru på
paven sine løgner, og Guds ord drog menneska til Gud.
Men folk
fekk også andre ting å lesa på. Boktrykkarkunsten var nyleg oppfunnen
(litt av ein timing), og alt Luther og andre skreiv, og det var mykje,
vart trykt opp i store opplag og sendt ut til kunnskapstørste tyskarar.
Me kan trygt seia at reformasjonen og alle vekkjingane som kom i
kjølevatnet av denne hadde vore umogelege utan spreiing av Bibelen og
den kristne litteraturen på folks talemål.
Under ortodoksien på
15-1600-talet, og pietismen og puritanismen på 16-1700-talet, spela
lesing av Bibelen og kristen litteratur ei stor rolle. Det var
huspostillar i kvart eit hus, og litteraturen var mykje av drivkrafta i
dei massive kristne vekkjingane, som t.d. metodismen i andre halvdel av
1700-talet, kanskje historias største kristne vekkjing fram til vår tid.
John Wesley skreiv så blekket spruta, det same kan me seia om John
Bunyan (forfatttaren av Pilgrims vandring), og ikkje minst Hans Nielsen
Hauge i vårt eige land. Folk las, vart vekte opp for Guds interesser,
fekk nye visjonar for Guds rike i verda, noko som kom til å skapa store
misjonsinitiativ.
Det britiske bibelselskapet vart skipa i 1807.
Det fekk fart i arbeidet med å oversetja Bibelen til nye språk.
William Carey, den moderne misjonens far, reiste til India, og han skal
personleg ha oversett Bibelen til sju ulike språk, mellom dei hindi,
bengali, arabisk og sanskrit.
Poenget mitt her er å syna at
kristen opplysning blant folk er avhengig av at dei får høve til å lesa
Bibelen på sitt eige morsmål. Gud må ha sett verdien av det skrivne ord
sidan han sjølv har har skrive ei. Apostlar og profetar skreiv drivne og
inspirerte av Den heilage ande. Seinare skreiv kyrkjefedrane bøker,
mange og tjukke bøker, mange av dei godt lesverdige den dag i dag. Og
gjennom historia har bøkene vore ei stadig kjelde til kunnskap og
opplysning.
For nokre år sidan gjekk ein mann langs ei gate i ein
by i India. Han såg ein papilapp som låg i vegen, bøygde seg ned,
plukka han opp og las teksten som stod på han, og livet hans fekk frå då
av ein ny retning. Det han hadde funne var ein kristen traktat som
forklarte det kristne evangeliet på hans eige språk. Der og då vart han
funnen av Gud og kom til tru på Jesus. Han tok kontakt med Arabinda Dey ,
leiaren for Christ`s Disciples Fellowship, og vart ein del av denne
kyrkja sitt misjonsarbeid.
Arabinda Dey var sjølv også hindu.
Han fekk ein dag eit nytestamente i hendene, las det, møtte Jesus og
vart frelst. Han har i livet sitt arbeidd mykje mellom kriminelle i
Calcutta, og har erfart gong på gong korleis "Guds ord forvandla
menneskeliv," som han seier.
I dag er Bibelen, eller deler av
han, omsett til over 3400 språk, og aldri før har aktiviteten på dette
området vore så stor. Tilgangen til digitale hjelpemiddel har gjort
jobben enklare, og Wycliffe bibelmisjon ser for seg at innan år 2025
skal ein ha påbegynt omsetting innafor alle essensielle attverande
språk.
Det har lenge forundra meg at norske kristne les lite i
Bibelen, og dei les få eller ingen kristne bøker. Dei to tinga høyrer
gjerne saman. Eg vågar den påstanden at kristne som les lite i
Bibelen, og som ikkje interesserer seg for kristne bøker, vert åndeleg
svake og står i fare for å falla frå trua, og mange gjer det.
Kristne derimot som flittig les Bibelen, og som forar seg med god
kristen litteratur, vert sterke i ånda, og vil bli til stor velsigning
for sine medmenneske. Dei lever i arven frå reformasjonen.