lørdag 11. september 2021

Skuffelsar

 I dag vil eg skriva og snakka om skuffelsar. Det er noko me alle opplever. Ingen kjem utanom. Me kan vera skuffa over oss sjølve, over andre menneske, over ting som skjer, eller til og med over Gud.

Og det er dette siste eg vil fokusera på.

I Bibelen les me om Israelsfolket som vart tørste då dei gjekk gjennom ørkenen saman med Moses.

Etterkvart vart tørsten så stor at dei uttrykte harme over at Moses hadde ført dei ut av Egypt berre for å døy av vassmangel i ukjent land.

Dei hadde trudd på Moses sitt prosjekt, og dei hadde på underfullt vis blitt berga gjennom Raudehavet. Dei hadde sett Guds mektige hand splitta havet i to slik at dei trygt kunne gå over til Sinaihalvøya. Og dei må ha tenkt: For ein Gud me har, ein Gud som elskar oss og som frelser oss frå våre fiendar. Det enda med lovsong og dans på stranda. Gleda var enorm.

Men no var dei tørste, og alt var gløymt.

Hadde ikkje Gud sagt at dei skulle få koma til eit land som flaut av mjølk og honning, og så var det berre sand og stein og langt mellom vasskjeldene.

Og så kom det over dei ein skuffelse som førte til opprørsstemning i leiren.

I 2. Mosebok 17 les me at det gjekk så langt at dei ville steina Moses.

Skuffelsen vekte mordtankar i hjarto deira.

Skuffelsar kan vera farlege.

Ja, Gud gav dei vatn. Moses slo med staven sin på fjellet og vatnet strøymde fram. Men pga dei harde og vantru hjarto sine vart israelittane straffa, dei fekk ikkje koma inn i landet som Herren hadde lova dei. Dei måtte virra rundt i øydemarka i 40 år.

Difor les me slik i Hebrearbrevet 3,11-12:

Sjå til, sysken, at ikkje nokon av dykk blir vond og vantruande i hjartet og fell frå den levande Gud. 13 Set heller mot i kvarandre kvar dag, så lenge det heiter «i dag», så ikkje nokon av dykk skal la seg forføra av synda og bli forherda.

Det er ei forføring i skuffelsen, og når skuffelsane fører til at me blir fulle av vantru, sinne og hat, stenger me Gud ute frå liva våre, og dei som det gjer, stenger seg også ute frå Guds evige rike.

Judas Iskariot var skuffa på Jesus. Han hadde forventa at Jesus skulle bruka dei karismatiske gåvene og kreftene sine til å ta makta i Israel. Men det skjedde ikkje slik han hadde forventa. I staden begynte Jesus å snakka om liding og død. Judas vart veldig skuffa på Jesus, og skuffelsen vaks til hat og hatet til svik.

Skuffelsar er farlege greier.

Kanskje har ikkje ditt liv blitt så storarta som du hadde ønskt deg. Kanskje har det skjedd ting som har skada deg eller lagt alvorlege hindringar i vegen for deg, eller du har opplevd svik. Og du tenkjer: Kvifor let Gud dette skje med meg? Kvifor avverga han ikkje dette? Osv.

Kjære ven! Prise Herren. Ikkje fokuser på alt det ubegripelege, men på Jesus. Ingen opplevde eit så djupt svik som han gjorde, ingen hadde grunn til å bli skuffa som han, ja, det kan jo til og med henda at han kunne ha grunn til å bli skuffa over deg. Men han slepper det ikkje inn over seg. Han nærer seg av Fars kjærleik, og den som gjer det, blir heilt immun mot skuffelsar. Sjå på Jesus, han som ein gong bar både deg, syndene dine og skuffelsane dine med seg opp på krossen og frelste deg frå det alt med sitt blod, han som stod opp att frå dei døde og som lever saman med deg kvar dag og som fyller deg ein enorm styrke og glede som berre feier alle skuffelsar bort, for det er ikkje plass til både Jesus og skuffelsar i livet ditt. Enten den eine, eller det andre.