mandag 14. juni 2010

Korset

Du ser det over alt. Me har det rundt halsen, folk tatoverer det på armane sine, det pryder T-skjorter, det lyser frå bedehusveggar og kyrkjespir og utgjer hovudmotivet i den norske, svenske, engelske, finske og det greske flagget: Jesu Kristi kors. Dette kjære symbolet fortel oss at Jesus med sitt offer tok bort syndene våre ein gong for alle, og at me ved å tru på Han og hans verk, vert Guds barn av nåde.

Korset vart eit kristent symbol så seint som på 300-talet etter Kristus, då keisar Konstantin framfor slaget mot rivalen Maxentius, etter eige utsegn i fult dagslys fekk sjå eit lysande kors på himmelen med inskripsjonen: "Ved dette skal du sigra!" Det får vera som det vera vil med den historien, men inskripsjonen som Konstantin meinte seg å sjå samsvarar heilt med det Paulus skriv i 1. Korinterbrev 1,18: "For ordet om korset er ein dårskap (tullesnakk) for den som går fortapt, men for oss som vert frelst, er det ei Guds kraft."

Kristi kors skiller menneska i to, dei som finn det som eit uttrykk for Guds personlege kjærleik til seg, og dei som ser på dette som rolp og vås.

For meg betyr korset fridom, og ein grunn til å gå gjennom livet utan skuld og skam. Det er enormt stort, og når eg kjem til livets slutt, vil Herren sjølv ta imot meg og ønska meg velkomen inn i sitt fullkomne rike, fordi Jesus ein gong gav livet sitt for meg på dette korset. Eg elskar det.