onsdag 18. juli 2018

Kristent leiarskap del XIII: Leiarskap/management

Å vera ein kristen leiar er å sjå kva Gud vil med fellesskapet ein er ein del av, kva han vil ha gjort gjennom akkurat vårt fellesskap og inspiera andre til å gå inn i dette, bli ein del av det og ha eigarskap til det.
Leiaren lyttar til Gud og er målretta, og når han/ho talar, høyrer folk Gud i det han/ho seier. Og Gud har store mål både for sitt folk og for den verda me lever i, han snakkar om å disippelgjera nasjonane, og han vil ha si kyrkje med i vandringa mot sine mål, ja han vil nå dei gjennom kyrkja si.
Når ein startar på vandring mot nye mål, blir det alltid friksjon og vanskar. Alle leiarar me les om Bibelen opplevde det. Men motstand og vanskar skal ikkje tolkast som at ein har mislukkast, men som ein normal del av disippellivet. Det som er ovreordna for ein sann leiar er om ein nærmar seg målet eller ikkje.
Ein manager er oppteken av at ting glir lett utan friksjon og motstand. Ja, han/ho ser på dette som eit overordna omsyn. Dei tenkjer fort at ting er bra om det glir lett.  Management er ikkje leiarskap.
Mange med leiaransvar forstår seg sjølv som managearar, folk som administrerer ei drift, og dei kan vera framifrå flinke å smørja maskineriet. Men det går ikkje framover, berre i ring.
Managaren er viktig. Men han/ho må ikkje få bestemma kursen, for den ser dei dårleg. Dei må brukast til det dei er flinke til: Å administrera det som leiaren ser er naudsynt å få administrert for å nå dei måla Gud har sett for kyrkjelyden/fellesskapet.

mandag 16. juli 2018

Evangeliet i arbeidslivet

Richard Harvey er er madlem av "Lausanne Consultation on Jewish evangelism". Han er sjølv messiansk jøde, og underviser her innsiktsfullt ut frå Apg.16 om korleis me som kristne kan ha innflytelse over arbeidsplassen, og enno betre, over arbeidslivet (engelsk: marketplace) Denne undervisninga heldt han på ein konferanse i Bangalore, India i juli 2013. Skikkeleg bra.

onsdag 11. juli 2018

Kristent leiarskap XII. Grunnposisjonen. Det handlar om bøn.

Sjølv om Jesus sikkert  bad heile tida, lika han godt å gå avsides for å vera åleine med Far. I Markus 1 ser me at han stod tidleg opp om morgonen. Då gjekk han ut i naturen for å be. Eg tenkjer meg at han må ha hatt ein del spesielle plassar som han likte å vera når han bad.

Å be er å ha samfunn med Gud i si ånd. Slik sett er det å be rett og slett å vera ein kristen.
Bøna er ei stor gåve frå Gud. Me må aldri gløyma at vår tilgang til Gud vart kjøpt og betalt av Jesus. Bøneretten er dyrekjøpt.

Å be er ikkje å ramsa opp ein masse ting som me vil at Gud skal gjera. Nei, først og fremst handlar det om å vera saman med Far og la seg omfamna av han, bada i hans kjærleik, og la han få bada litt i vår, om det er mogeleg, og det trur eg.

Kristne leiarar må ha orden og skikk på bøneliva sine, sørga for å halda god kontakt med Gud. Elles blir alt me føretek oss vårt eige verk, og ikkje hans. Men sørger me for å vera på tomannshand med Gud  kvar einaste dag, då vil det åndelege sanseapparatet vårt halda seg sunt og vitalt slik at me høyrer og oppfattar det Gud seier til oss. Som kristne leiarar er me avhengige av å høyra Guds røyst, for dersom me ikkje er leia av Gud, er me ikkje kristne leiarar i det heile tatt.

Gud talar gjerne til oss når me er åleine saman med han over ein open bibel, og DETTE  er ein kristen leiar sin grunnposisjon i livet.

Og så eit råd til deg med leiaransvar:  Ta deg tid med Gud. Ikkje ver for rask. Det er viktig at den rastlause ånda di får falla til ro, og at du tek den tida som er naudsynt for å tuna Gud inn, koma deg på rett kanal og «høyra heile programmet».

mandag 9. juli 2018

Kristent leiarskap. Kva er autoritet? Kven har autoritet i kyrkjelyden?

Autoritet og makt er ein god ting, for Gud har makt, og han gjev folket sitt makt.
Me les om Jesus at han gav disiplane sine makt over både vonde ånder og sjukdomar. Dei fekk guddommeleg autoritet til å kalla alle menneske til omvending, setja folk fri frå demonar og til å lækja dei sjuke.
Dette er det me kan kalla åndeleg autoritet.
Det finst ulike former for autoritet i verda: Formell, fagleg, personleg eller åndeleg.
Formell autoritet kjenner me godt til naturlegvis. Me har alle nokre over oss i rang, og kanskje også nokre under oss.
Den faglege kjenner me også godt. Kunnskap er makt, ingen tvil om det.
Den personlege autoriteten  er naturlegvis knytt opp til den enkelte sin veremåte. Den som har ein overtydande måte å leva livet på, vil folk lytta til heilt naturleg. Her er det snakk om personlegdom, etikk og karakter.
Autoritet er eit positivt ord. Det handlar ikkje om bestemthet. Bestemthet kan fort bli tyranni, og tyranni er berre maktmisbruk.
Også i kyrkjelyden møter me desse fire formene for autoritet. Det viktige er at ingen får formell autoritet dersom dei ikkje samstundes  har fagleg, personleg og åndeleg autoritet, for skjer det, sit ein berre att med konfliktar og skada sjeler.
Når det skal kallast leiarar til kyrkjelyden, må desse prøvast nøye, ikkje på karismatiske gåver, men på karakter, etisk standard og kompetanse i disippelgjering.
Dersom nokre vil grunnleggja ein ny kyrkjelyd, er det ein god ting. Det skjer altfor sjeldan, for kyrkjelydsplaning er misjon på sitt beste. Men det er kyrkjelydar som plantar kyrkjelydar. Personane som fysisk gjer det må altså vera utsendte og autoriserte av den kyrkjelyden dei tilhøyrer, og ha denne i ryggen.  Folk bør ikkje halda på med slikt på eiga hand. Det går ofte veldig galt.
 Jesus sa: «Eg har fått all makt i himmel og på jord».  Han hadde ikkje tatt makta, han fekk henne hos Far fordi han fullførte det han var sendt for å gjera. Han gjorde seg til ein tenar, og den som audmjukt tener andre blir betrudd åndeleg autoritet. Det viser seg i stor påvirkningskraft, og det spelar liten rolle kva formell posisjon denne personen har. I Guds rike har ingen større autoritet enn det han/ho får hos Far. Ingen kan ta seg til åndeleg autoritet. Prøver me på det, vil me fort koma til å skada folk alvorleg.  Det skjer også.

lørdag 7. juli 2018

Kristent leiarskal X. Gåveprofilar


I Efesarbrevet 4,11 skildrar Paulus fem leiarskapsprofilar, og han skriv at hensikten med kristent leiarskap er at «dei heilage skal bli utrusta slik at Kristi kropp kan byggjast opp». 

Sjølve jobben, altså fullføringa av misjonsbefalinga (Kristi kropp blir bygd opp ved at dei han har døydd for kjem inn i Guds familie), skal gjerast av «dei heilage», dvs både leiarar og kristne som ikkje har ein formell leiarstilling.

Alle «heilage» har Kristus i seg og Kristi autoritet med seg ut i kvardagen, og dei er alle leiarar i den forstand at dei kan leia andre menneske til Gud, og det er kallet deira.
Gjennom undervisning, modellering og forbøn skal apostelen implementera det apostoliske i dei heilage, profeten det profetiske, evangeisten det evangeliske, hyrden og læraren omsorgen for den enkelte kristnes åndelege og timelege vel.

Ut frå dette veks det fram nye leiarar med nye profilar. Alle dei fem leiargåvene er å finna i alle truande, men med ulik prosentfordeling. Nokre vert gründarar og kyrkjelydsplantarar, andre elskar å lytta til Gud og be og handla på direkte leiing , andre å vera ute med evangeliet i det offentlege rom (på gater, torg, restaurantar osv.), andre å undervisa ut frå Bibelen og atter andre å rettleida på tomannshand. Men alle har noko av alt i seg, men altså med ulik fordeling. Ein person som er 30% apostel, 20% profet, 10% evangelist, 20% hyrde og 20% lærar vil leva eit liv som ser annleis ut enn ein som har ein annan prosentvis fordeling av desse gåvene.

Kva så med dei andre gåvene som er skildra i 1. Korintarbrev 12? Anden dryssa dei ut over heile gjengen slik han ser at det er gagnleg. Alle kan tala i tunger, alle kan lækja, alle kan tala profetisk når Anden gjev dei å gjera det.

Og for all del: Desse kategoriane som me her jobbar med her er berre noko som hjelper oss til å forstå oss sjølve og andre truande slik at me også kan hjelpa kvarandre til å fungera på rett måte på rett plass.  Men primært er me alle VITNER om Kristi oppstode og den frelse me har fått i Han, og det er gjennom VITNEMÅLET og dei påfølgande TEIKN  at Guds rike går fram mellom oss.

fredag 6. juli 2018

Kristent leiarskap del IX. "Utrusta dei heilage"

Misjonsbefalinga gjeld heile kyrkja. Det er ikkje leiarane som skal gjera jobben. Det er det «dei heilage» som skal gjera. Leiarane si oppgåve er å utrusta dei heilage til denne tenesta.  I Efesarbrevet 4,11 les me: «Og det var han (Kristus) som gav somme til å vera apostlar, somme til profetar, somme til evangelistar, somme til hyrdingar og lærarar. Slik kunne dei heilage bli utrusta til teneste og Kristi kropp byggjast opp», som betyr å vinna nye menneske for Jesus.
Her blir fem ulike kristne leiarprofilar lista opp. Me har historisk kalla dette for dei fem embeta, utan at eg heilt veit kor ein har ordet embetet frå. Eg vel å bruka ordet profilar, basert på nådegåver.
(I parentes bemerka: I botn for alt kristent leiarskap ligg hyrdesinnet. Jesus kalla seg for «den gode hyrdingen», sjølv om hanog hyrdetenesta er sjølve sjela i alt kristent leiarskap uansett kva profil den enkelte leiaren måtte ha.)
Apostelen er pioneren som plantar nye kyrkjelydar i åndelege brakke områder, og som trenar truande opp i denne edle kunsten. Kyrkjelydsplanting er den mest effektive misjonsmetoden som eksisterer.
Profeten er den som talar direkte frå Gud inn i folks liv, og som har i oppgåve å trena dei truande opp til det same. Eit profetisk ord, ei openberring som treff er gull verd i evangeliseringa. Det fjernar all ateisme effektivt, og fører til at folk føler seg sett og elska av Gud.
Evangelisten er den som vitnar og deler Jesus med folk på ein så varm og smittande måte at dei lett vender om til Gud, og har i tillegg som oppgåve å læra dei truande opp i sjelevinningas edle kunst. Evangelisten er optimistisk og glad i sinn, og har ein smittande og tillitsvekkande framtoning.
Både apostelen, profeten og evangelisten tener Gud i mange kyrkjelydar, snart er dei her, snart der, og dei bind dei ulike kyrkjelydane saman.
Dei to siste: hyrdingen og læraren har meir lokal karakter.
Det er desse som jobbar år etter år i same by eller på same plass med undervisning, sjelesorg, forbøn og disippelgjering. Dette er seige folk med ein enorm stayerevne. Om mange ryk ut i dårlege tider.  så blir desse ståande og driv på med sitt, i medgang og motgang. Det spelar liksom ikkje så stor rolle. Det er ein jobb som skal gjerast, eit folk som skal fostrast, og dei veit at det er verdas viktigaste jobb dei held på med: utdanna eit folk som skal vinna verda for Gud.

onsdag 4. juli 2018

Kristent leiarskap VIII. Gjetaren og leigekaren

Jesus er overgjetaren.
Han elska verda, les me, difor kom han for å ofra seg for våre synder og stå opp att til vår rettferd.
Det er svimlande stort, og når me tenkjer på dette, vellar takk og lovsong opp i oss.

Jesus var motivert av kjærleik. Han MÅTTE berre bera fram dette offeret, les me i Lukas 24.  Kjærleiken tvinga han til å bli vår bror, frelsar, konge og hovding.

Kristne leiarar i ulike fasongar må vera kalla av Jesus og motiverte av hans kjærleik, og ikkje at personlege ambisjonar korkje i form av forteneste, karriere eller berømming. Alt slikt tilhøyrer denne verdas drivkrefter, skriv Johannes i sitt første brev kap.2.

I Johannes 10 snakkar Jesus om at leigekaren i motsetning til gjetaren.  Leigekaren er motiverte av utsikt til forteneste. Han tenkjer på seg sjølv, og har ikkje kjærleik til sauene. Det som karakteriserer leigekaren er at dei flyktar når dei ser ulven koma, altså i farens stund. Eigenomsorgen er større enn omsorgen for sauene.

Gud hjelpe meg at eg ikkje blir ein leigekar!

Dei sanne kristne leiarane er gjetarar som alltid stiller seg mellom flokkane sine og djevelen, og på kne for Gud, i sjelesorg, forkynning og disippelopplæring held dei djevelen på avstand frå "familien" sin så godt dei kan.

Jesus sa om seg sjølv: "Eg kjenner mine, og mine kjenner meg!"

Ein sann kristen leiar veit kven han/ho er leiar for, han kjenner dei, brukar tid med dei, lyttar til dei og ber for og saman med dei, og når leiaren er åleine med Gud, reiser han/ho seg mot fienden og jagar han bort med myndige ord talt i Jesu namn.

Lukkelege er dei kristne som har slike gjetarar (pastorar).

tirsdag 3. juli 2018

Kristent leiarskap VII. Korleis kristent leiarskap skil seg frå anna leiarskap

Kristent leiarskap er heilt ulikt anna leiarskap.
I ein bedrift jobbar leiarane og andre tilsette for bedriftens vel. Det handlar om å tena pengar, og all god personalpolitikk handlar om å gjera dei tilsette best mogeleg kapable til å gjera jobben slik at bedriften og aksjonerane kan tena mest mogeleg pengar.

I kyrkjelyden derimot handlar det først og fremst om Gud og hans ære, dinest om dei menneska som er med, og dei som skal bli med. Kyrkjelyden er til for menneske og ikkje omvendt.

Når leiarane i ein kyrkjelyd legg opp løpet for å styrka kyrkjelyden sin posisjon i "marknaden", har dei kome på avvegar og blitt verdsleggjort.

Om det er eit problem? Ja. Ikkje så radt lite heller, og eg trur mange kyrkjelydsleiarar må venda om frå denne måten å tenkja på. Merkevaretenking har ingen rettkomen plass i Guds rike.

mandag 2. juli 2018

Kristent leiarskap VI. Dei gode gjetarane

Jesus kalla seg sjølv for "den gode gjetaren".
Motivet henta han frå Esekiel kapittel 34 der "den gode gjetaren" står i motsetning til Israels mange dårlege gjetarar, kongar, profetar og prestar som svikta kallet og oppgåva si.
Kva var det dei IKKJE gjorde, som dei BURDE ha gjort. Svaret finn me i vers 4:
          
   
       Ikkje har de styrkt dei veike,
          ikkje lækt dei sjuke,
          ikkje bunde om dei skadde,
          ikkje ført tilbake dei bortdrivne,
          ikkje leita opp dei bortkomne,
          men med makt har de herska over dei,
          og med tvang.

Dersom me les dette verset POSITIVT, ser me kva som er ein pastor (og då meinar eg einkvar kristen leiar) si oppgåve i kyrkjelyden i dag: Han skal styrkja dei veike, lækja dei sjuke, binda dei skadde, føra dei bortdrivne attende, leita opp dei bortkomne og ikkje på nokon måte herska over "sauene" med tvang.

Men så kan me spørja: Er ikkje dette noko som ALLE kristne skal halda på med då?
Jo, og difor er det viktig at pastorane går i front. Dei er leiarar som skal læra opp dei andre. Dei skal vera modellar, slik for foreldre er modellar for barna sine.

Jesus er vår alles ultimate modell. Han er overgjetaren, og han er inderleg god. Kva lærer han oss opp til? Å styrka dei veike, lækja dei sjuke, binda om dei skadde, færa dei bortdrivne attende og leita opp dei bortkomne, og heile hans jordeliv gjekk med til dette som skal vera VÅRT livsprogram.

Eg er overtydd om at me som pastorar stadig må revurdera vår teneste i høve til denne malen.


søndag 1. juli 2018

Kristent leiarskap V. Hyrden og Ordet

God søndag til alle mine lesarar!.

Jesus sa til Peter at han skulle mata og vakta Jesu flokk, kyrkjelyden.
Den einaste måten å gjera det på er å forkynna Guds ord.
Andens sverd er Guds ord, skriv Paulus i Efesarbrevet 6, eit mektig forsvarsvåpen, og i Matteus 4,1 ff seier Jesus likefram at me ikkje berre lever av brød, men av kvart ord som går ut frå Guds munn.

Peter er død. Men hyrdetenesta lever vidare. Og no som då: Ein pastor skal vakta og mata flokken ved å forkynna Guds ord frå talarstolen, i små grupper og på tomannshand.

Det er  viktig at kosten ikkje vert einsidig. Det er altfor mange feilernærte (og faktisk også underernærte)  kristne for tida, truande menneske med sterkt avgrensa kjennskap til Bibelen, og som får servert ganske tynn suppe når dei ein og annan gong stiller på gudsteneste eller møter. Solid bibelundervisning med mat både for forstanden og hjarta er heilt naudsynt for å bli bevart hos Kristus og for å kunne veksa i nåde og kjennskap til Han.

Difor må pastoren arbeida grundig med Bibelen og stadig lytta til Gud over ein open bibel, og ikkje minst: anvenda Ordet på sitt eige liv. Gjer han ikkje det, misser han fort både autoritet og inderlegheit i forkynninga si.