torsdag 30. juni 2011

Den inkorrupte Gud.

Gud hatar korrupsjon. Han uttrykkjer dette klårt og greit mange stader i Bibelen. Han elskar sanning i inste hjarta, les me i Salme 51. Korrupsjon ber løgna i seg, og høyrer inn under djevelens domene. Der løgn og vondskap rår, der rår djevelen.

Den som lever korrupt, vil ikkje bli motteken av Gud. Gud kan berre ta imot dei som har reine hender og eit reint hjarta, og han kan berre bruka den som har ein rein munn.

Alle menneske er ureine, og berre Gud kan reinsa oss. Det gjer han med sitt ord og sin Ande. Han avslører oss slik at me kan ta ærlege oppgjer med han og vår neste. Når Gud verkar i liva våre, får me ein trong over oss til å leggja korta på bordet og ikkje lenger leva maskert og driva på med skammelege ting i det skjulte, anten det er på det seksuelle, religiøse eller det økonomiske området.

Ingen kan bestikka Gud. Han har ikkje behov for noko frå oss. Det er ikkje slik at han gjev oss goder som løn for noko som helst. Han gjev oss alt godt fordi han elskar oss, og berre difor. Men synda di må du rydda av vegen. Den ligg mellom deg og Gud. Gud kan peika på henne, men det er du som må løfta henne fram og seia deg samd med Gud. Elles vil synda di stenga Gud og det evige livet ute frå livet ditt. Du blir aldri frelst så lenge du lever i mørkret.

Ingenting kan hindra Gud i å elska deg og dela alt sitt med deg. Det er hans største glede.
Trua er den tome handa som du strekker fram mot Gud for å ta imot han og alt godt frå han. Den som ikkje trur, vil ikkje be og isolerer seg frå det beste i livet: Forlating for syndene og fellesskap med Gud sjølv.

onsdag 29. juni 2011

"Vennskap og kjennskap"

Professor Per Selle ved universitetet i Bergen (faktisk ein gamal skulekamerat av bloggadministrator, han held seg godt, mannen) har sett fokus på det store omfanget av interne giftarmål og sambuarskap i norsk maktelite. Han kallar det for "politisk forfall", og han vil vel også med det seia at denne samrøra av folk i sentrale toppstillingar lett fører til "politisk korrupsjon". Toppane bestemmer det som som tener "klanen".







Erling Folkvord har med den nye boka si "Vår korrupte hovudstad" skapt stor oppstand i Oslo. Han meiner å vita at i Oslo handlar det om å ha dei rette kontaktane for å få kontraktar, løyna det som ikkje toler dagslys og for å koma seg oppover i systemet. Forlaget omtalar boka slik:

"Vår korrupte hovedstad er et dypdykk ned i en ukultur der maktelite og rikfolk i Oslo tar seg til rette, mens fellesskapet betaler. Her presenteres en rekke eksempler, der navngitte politikere på kommunalt toppnivå har gitt næringsdrivende fordeler på måter som til tider ligger godt over grensa til det ulovlige."

Vidare høyrer me om omfattande korrupsjon i mindre kommunar der oppdrag gjerne vert gjevne til lokale firma som kjenner dei som deler ut oppdraga. Det går på kjennskap og vennskap.

Overraskande nok er det slik i Guds rike også! Der handlar det om å halda seg inne med Gud om du ønskjer å ha noko ut av han. Ja, sjølve det evige livet, som berre Han kan gje, er definert som "å kjenne han, den einaste sanne Gud..." Og Abraham, som var Guds ven, opplevde korleis Gud gong på gong favoriserte han.

MEN GUD FAVORISERER IKKJE NOKON PÅ BEKOSTNING AV NOKON ANDRE. Alle kan læra og kjenna Gud og bli ven med han. Det handlar om å overgje seg til Gud med hud og hår og leva heilt for han. Gjer du det, blir du til dei grader favorisert. Du får pleia dagleg omgang med Han, og det andre strevar livet med å oppnå, gjev han deg medan du søv, les me i ei av salmane i Bibelen. Her er det mykje godt å henta. Det handlar om venskap og kjennskap.

mandag 20. juni 2011

Frelse

Så har me fått føra enno ein flyktning til Jesus i dag. Forunderleg å sjå kva som skjer med folk når kongen over kongane gjer sitt inntog i liva deira.

Jesus sa til Nikodemus: "Ingen kan sjå Guds rike utan at han vert fødd på nytt." Det skjedde i dag, og den nyfrelste brast i gråt over å ha levd eit langt liv utan å ha kjent Jesus, den einaste sanne Gud. Stort å vera vitne til. Kor god Gud er mot oss.

Ansvarlegdom, menneske sitt varemerke

Me er alle ansvarlege for det me seier og gjer. Å vera menneske er å vera ansvarleg. Me er ansvarlege overfor våre medmenneske, samfunnet, oss sjølve og ikkje minst: GUD.

Det er vår skjebne å vera ansvarlege. Det er m. a. det som gjer oss til menneske, og set eit uoverstigeleg skilje mellom oss og dyra.

I Bibelen les me at me alle skal fram for Kristi domstol, og me skal dømast etter våre gjerningar, anten me har gjort godt eller vondt.

Dermed har me også eit problem. For alle har synda og står utan ære innfor Gud. Syndene våre er mange, og skulda som me alle ber på er umogeleg for oss å betala. Ho er alt for stor.

Men Gud elskar oss kjempehøgt, ja, hans hjarta slår så sterkt for oss at han bestemte seg for å bli menneske og betala skulda vår med sitt eige liv og blod. Slik vart krossen symbolet for sameininga mellom Gud og menneske, det kjæraste symbolet me kristne veit om, og som mange av oss ber som smykke rundt halsen, og som alle ber med seg i hjarto sine.

Guds frelse kjem til oss som ei gåve. Det er berre å takka ja. Men her er du også ansvarleg. For dersom du seier nei til Guds gåver, seier du nei til Gud, og seier du nei til Gud, har du avsett han som Gud. Det er brot på det første bodet som seier: Du skal ikkje ha andre gudar enn meg, og ved å forkasta Jesus som frelsar, aukar du skulda di mange hakk. Ikkje gjer det, men forlik deg med Gud og lat han få den rette plass i livet ditt. Då gjeld ordet i Salme 34,23 for deg: “Ingen av dei som tyr til han, lid straff!”

lørdag 18. juni 2011

"Du er mitt skjulested"

Ein kristen sang startar slik: "Du er mitt skjulested, du gir mitt hjerte fred!" Dette er ei erfaring som millionvis av menneske har gjort seg. Når me overgjev liva våre til Gud, fyller han oss med ein djup fred. Fred på hebraisk er "shalom". Shalom er meir enn fråvere av krig og uro, det er å vera heil, ha harmoni, kjenna seg mett og tilfreds. Guds fred er fylt med positivt innhald, og er tilgjengeleg for alle menneske.

I Edens hage prøvde Adam og Eva å gøyma seg for Gud. Det er ei nyttelaus øving. Gud ser oss naturlegvis sjølv om me skulle prøva å flykta til endane av jorda. Profeten Jona prøvde det, men vart innhenta av Gud. Det vart litt traumatisk for han, men Gud fekk han på rett plass til slutt.

Bibelen er klår som krystall: Å prøva å gøyma seg for Gud er rein toskeskap. Å gøyma seg i Gud er den høgste visdom.

Det er god plass i Gud, plass også for deg som les dette. Han elskar deg og lengtar etter at du skal koma til han og tilfresstilla hans hjarta med ditt nærvær. Du er for han og han for deg. Så skunda deg, medan det er enno er tid.

fredag 17. juni 2011

Straffa låg på han

Alt på fallets første dag sa Gud at han ville senda ein frelsar til verda, ein som skulle knusa all vondskap. Og det gjorde han. Denne mannen var Jesus. Han var heilt perfekt på alle måtar. Handla rett, snakka rett, tenkte rett osv., kvar dag og kvar time på dagen. Utruleg bra. Denne mannen var det som kunne ta all vår vondskap og alle våre synder på seg. Og han gjorde det. Han stilte seg ansvarleg for di og mi synd, og på krossen tok han på seg den straffa me skulle hatt. Dette såg profeten Jesaja meir enn 700 år før det hende, og han skreiv: "Straffa låg på han, forat me skulle ha fred, og ved hans sår har me fått lækjedom." Dette kan du lesa om i Jesajaboka kapittel 53, og du skal forundra deg over kor detaljert profeten skildrar det som hende med Jesus lang tid etterpå. Slikt beviser Gud.

Jesus knuste vondskapen si makt ved sjølv å bli knust for oss alle. Slikt kan ikkje menneske finna på. Det var dette som ikkje kom opp i noko menneskehjarta, skriv apostelen Paulus, det som Gud har laga til for dei som elskar han.

Kjære ven! Det er tid for å tru, tru på Jesus. Han har fjerna dine synder med sitt eige blod. Frelsa er komplett. Det er berre å ta imot henne som ei gåve. Du treng ikkje å pynta deg opp for å koma til Gud, treng ikkje forbetra deg. Berre overgje deg til han i tillit til at Jesus har gjort alt som er nødvendig for at Gud skal ta imot deg utan eitt einaste klagemål, ikkje èin einaste kritisk merknad. Det er ikkje mindre enn fantastisk. Ser du det?

onsdag 15. juni 2011

Ung iraner gav livet sitt til Jesus i dag

Ein ung mann frå Iran tok imot Jesus i dag. Det er stort. Han fekk høyra evangeliet forklart, fekk svar på ein del spørsmål om Koranen, Bibelen, Muhammed og Jesus, såg sanninga og opna hjarta sitt for Isa Masih (Jesus Kristus). Det er grunn til å takka og prisa Gud. No vil den unge mannen dela Jesus og Guds kjærleik med familien sin, og dei har alt synt interesse for den kristne trua i forlenginga av den prosessen han har vore gjennom den siste tida.

Mange iranarar er desillusjonerte med tanke på islam, og syner seg for tida svært opne for Bibelen og Jesus. Det ser for meg ut til at Gud har ein eigen agenda med dette folket no. Den muslimske leiinga i landet melde t.d i april stor bekymring over at 600 er blitt kristne i byen Nishanpur, og at mange unge konverterer til kristendomen i den heilage byen Qum.

For oss er dette strålande nytt. For iranske styresmakter deprimerande, og for dei kristne alarmerande. Det aukar kraftig på med arrestasjonar og tortur av kristne i landet, og dei må betala ein høg pris for trua si.

Iranarar tek i mot Jesus og finn Gud i han. Det kan også du som nordmann gjera. Gud er like aktuell for nordmenn som for iranarar, og han elskar oss like høgt som dei. Kan ein ung iranarar bli frelst ved å gje livet sitt til Jesus, kan du som nordmenn også erfara det same. Det vil eg så absolutt oppmuntra deg til. Det står i Bibelen: "Kvar den som kallar på hans (Jesu) namn skal bli frelst." Der har du oppskrifta. Gå i gong.

tirsdag 14. juni 2011

"Dette treng Noreg: Utdanning, utdanning, utdanning", seier Stein Erik Hagen. Er det sant?

Er det sant at Noreg først og fremst treng folk med meir utdanning? At det er DET Noreg treng? Lat det vera sagt: Ja, Noreg treng folk med utdanning. Ingen tvil om det. Alle nasjonar treng flinke og kunnskapsrike folk. Difor er det slett ikkje bra når kunnskapsnivået går nedover hos norske skuleelevar og studentar, når gutar og unge menn ikkje lenger ser vitsen i å lesa bøker eller skaffa seg teoretisk kompetanse. Det vil sjølvsagt slå negativt ut på sikt.

Men utdanning er så visst ikkje det viktigaste nordmenn manglar i vår tid. Det me treng mest av alt er meir TRU, dvs. tru på GUD. Verda er full av kunnskap, og uansett kor mykje folk studerer, kan dei berre skaffa seg promiller av alt som er å vita. Men viktigast av alt er å ha kunnskap om Gud, han som skapte himmel og jord og som er kjelda til all kunnskap og visdom.

Dei siste tiåra har barn og unge i dette landet fått betydeleg mindre kunnskap om Gud enn det unge hadde før. På skulen skal dei læra om alle slags religionar heilt frå dei er ganske små, og resultatet vert synkretisme, religionsblanding. Det blir umogeleg for dei å skilje ting frå kvarandre.

Eg er lærar i ungdomsskulen. Mange gongar har eg kome inn i nye klassar og forklart dei ved hjelp av bruillustrasjonen kva evangeliet om Jesus Kristus handlar om. Dette har eg også gjort for lærarar som underviser i Religion, livssyn og etikk. Og resultatet er alltid det same: "Er det slik det heng saman. Er det DETTE som er kristendom? Det har ingen fortalt oss før".

Så blir barna våre opplært i ein kristendom som ikkje er kristendom, og når dei tek avstand frå kristendomen, er det ikkje kristendomen dei tek avstand frå, men ein versjon av han som ikkje er sann.

Meir enn noko anna treng Noreg Gud. Kvifor? Fordi Gud elskar nordmenn, fordi nordmenn er skapte for Gud, fordi Jesus døydde for alle nordmenn, fordi Gud stimulerer kunnskapstørsten hos dei som finn han, fordi Gud løftar alle menneske opp på eit høgare moralsk nivå, fordi Gud fyller oss med glede og fred og lærer oss å vera ærlege, sanne og gode.

Gud har velsigna Noreg ut over alle grenser når det gjeld økonomi. Me har ein tendens til å surfa på denne velsigninga og tru at han varer evig. Men han gjer ikkje det. Berre Gud og alle som trur på han varer evig. Difor treng me kunnskap om Gud meir enn nokon annan kunnskap, og Bibelen meir enn noko anna bok.

Kor er du?

Me går tilbake til Edens hage. Etter at Adam og Eva hadde ete av kunnskapens tre, såg dei at dei var nakne, les me. Dette var meir enn rein fysisk nakenhet, seier den engelske presten Mike Breen, dei kjende seg udekka. Inntil den tid hadde dei vore fylte og dekka av Guds nærvær. Då dei synda, tapte dei dette nærværet. Det gav dei eit intenst ubehag, ei kjensle av å vera overlaten til seg sjølv og ei trong etter å verja seg mot omverda. Difor dekka dei seg med fikenblad, les me, og då Gud kom i hagen i kveldinga, gøymde dei seg også for han.

Kvifor gjorde dei det? Kvifor sprang dei han ikkje i møte for å fortelja om det som gjekk galt? Kvifor bad dei han ikkje berre om tilgjeving for synda si? Saka er den at synda hadde ete seg inn i sjela deira og gjeve dei eit nytt gudsbilete som sa dei at den Gud som dei så langt hadde elska over alt, ikkje lenger ville dei noko godt. Dei tenkte: "Gud er FARLEG, så det er best å halda seg borte frå han". Denne djevelske løgna har festa seg i menneskeætta og forklarer meir enn godt nok kvifor folk flest i dag ikkje kjenner Gud, og heller ikkje viser interesse etter å bli kjent med han.

Redninga vår ligg i Gud. For han er framleis interessert i å gjera seg kjent for oss, han er interessert i fellesskap. Difor kom Gud til Adam og Eva i hagen. Han oppsøkte dei. Gud er ein oppsøkande Gud, og fordi han er det, les du denne bloggen no. Du er leida til det av han.

Og Gud Herren kalla på desse to ulukkelege borna sine og sa: “Adam, kor er du?” Gud visste nok kor mannen var, men han valde å kalla Adam fram frå gøymeplassen han hadde funne. Gud kallar oss fram, han gjev oss fridom, vil at me skal koma til han av eige val. Han går aldri på akkord med fridomen. Fridom er ein kristen kjerneverdi. Gud har utvald oss, og det har han aldri gått tilbake på. Men det blir ikkje noko mellom oss og Gud utan at me også vel Han som vår Gud, far og frelsar. Difor spurde han Adam: “Kor er du?” Dette ropet er alltid på Guds lepper, seier Mike Breen. Jesus seier: "Menneskesonen er komen for å oppsøka det som var fortapt, for å frelsa det." Han tenkjer på oss.

Verda er full av menneske som gøymer seg for Gud, dei gøymer seg i falske religionar og ideologiar, mange i travelheit, andre i eit liv i sus og dus, i lyst og leven, og alle ved å halda seg unna kristen forkynning. Kvifor gjer dei det? Fordi dei har eit feil gudsbilete. Dei trur at Gud er farleg, og at han ikkje vil dei godt. Det er djevelens løgner som har festa seg i sjelene våre. I Edens hage stempla djevelen Gud som ein egoisitisk løgnar, og det var denne løgna som har festa seg i slekta.

Men Gud veit heldigvis kor me er, kor me har plassert oss i vårt høve til han. Og han leitar oss opp og kallar oss fram slik at me skal få fortelja han alt. Det er starten på det evige livet.

Gud spør deg: “Kva har du gjort?” Sjølvsagt veit Gud kva du har gjort. Men han vil at du skal fortelja det sjølv, for når du gjer det, vil han tilgje deg og reinsa deg frå alt som gjekk galt i livet ditt, gje deg ein ny start, fylla hjarta ditt på nytt med sitt nærvær, og det kan du trenga. Lukke til!

lørdag 11. juni 2011

Pinse for alle


GRATULERA MED DAGEN! Det er pinse, den mest ubegripelege av dei kristne høgtidene, men likevel den som gjer at me kan begripa dei to andre. Og for dei som har opplevd pinse sjølv, er denne helga like bra som jul og påske. Pinse handlar om at Gud kjem nær og verkar med si kraft i oss og mellom oss. Det skaper ei underleg stemning.

Stemningar er viktige. Me kjenner på det når me er ute i naturen ein vårdag eller ein kald vinterdag, eller når me er på konsert, på kino, høyrer på ein dynamisk talar, syng saman i godt lag osv.

Pinse er Gud i lufta. På den første pinsedagen bokstaveleg tala. Den Heilage Ande, som er Gud like mykje som Far og Son, kom til Jesu læresveinar som ein vind og som ein eld og fylte dei med kraft og glede, ja, med seg sjølv, med Gud. Frå den dagen var Gud grunnstemninga i hjarto deira. Er det ikkje flott? Slik kan det bli for deg også.

Og Den Heilage Ande sveipa rundt omkring i Jerusalem og samla folk rundt Jesu vener slik at Peter kunne tala til dei. Det fekk ein enorm effekt. Rette ord talt i rette tid, råkar hjarto. Folk kom til tru i tusental. Den Heilage Ande skaper tru på Jesus i folk.

Ingen kan tru ut frå eigen klokskap. Trua er ei gåve som Anden gjev.

Anden er sjølv ei gåve til oss, og han gjev oss gåver. Av dei er trua den viktigaste.

Anden er her no. Han kom for å bli. Be han om å koma til deg og fylla deg. Då kan du forventa deg himmel på jord.

Ein av kvinneætt

I Edens hage representerte slangen djevelen, og djevelen sjølve vondskapen. Gud sa til slangen: "Fordi du gjorde dette (forførte menneska), ....set eg fiendskap mellom deg og kvinna, mellom di ætt og hennar ætt. Han skal knusa hovudet ditt, og du skal knusa hælen hans."

Underlege ord. Gud forutseier, alt i Edens hage, på sjølve fallets dag, at det skal koma ein av kvinneætt som skal knusa både vondskapen og kjelda til han. Denne mannen var Jesus.

Han vart fødd av møya Maria, utan medverknad av mann, utan synd og skam, heilt rein og perfekt. Han var slik eit menneske skulle vera, full av kjærleik til Gud og sin neste, heilt gjennom sann, utan egoisme og anna fanteri.

Denne Jesus fekk i oppdrag hso Far i himmelen å attreisa det som Adam og Eva hadde forspilt. Han skulle oppfylla Guds vilje og intensjon i stort og smått, og han skulle gjera det på vegne av oss alle, OG HAN GJORDE DET. Slik vann han siger over djevelen i alle ledd.

I dag er det Jesus som er konge på jorda, og ikkje vondskapens fyrste. I Jesus fann han sin overmann. Rett nok gjekk han til åtak på han med alt han hadde av ressursar, fekk ta livet av han ved krossfesting, knuste hælen hans, men den 3. dagen sto Jesus opp att og er i dag den som har all makt i himmel og på jord.

Men sidan Jesus er kjærleik heilt gjennom, tvingar han ingen inn i sitt rike og under si makt. Alle som vil kan få koma. Dei som ikkje vil, blir ståande utanfor. Det er ein stor grad av alvor i det å bli ståande utanfor samfunnet med GUD. Ikkje stell deg slik, men skund det til Jesus og gjer han til din Herre. Då blir han også din frelsar.

fredag 10. juni 2011

Klagemålet mot Gud

Menneske over heile verda står i dag fram og dristar seg til å opptre som Guds domarar. Denne arrogansen går tilbake til syndefallet. Det hadde skjedd noko forferdeleg med Adam. Før han åt av den forbodne frukta, eksisterte ingen mistanke mot nokon i hans hjarta. Gud var hans store lidenskap og Eva hans store kjærleik. Adam levde i flytsona. Men fallet sette eit alvorleg skilje i hans historie. Gud spurde: "Kva har du gjort?" Han svara: "Kvinna som du gav meg, lokka meg...." Kva ligg i dette: Det er som om han vil seia: "Gud, problemet ligg ikkje hos meg, eg er berre eit offer ditt påfunn! Det var jo trass alt DU som gav henne til meg, og du burde visst betre. Gud, det er din feil alt saman. For når du visste kva som kom til å skje, korleis kunne du gje meg denne kvinna? Dersom du er allvitande, allmektig og god, burde du jo ikkje ha gjort det, og sidan du likevel gjorde det, kan du ikkje vera......"

Ser du kor gamalt dette er? Tenkjer du slik som dette? Verda er full av folk som tenkjer slik. Det er den høgste vondskap. Gud er berre god, rein, rettferdig og sann. Og så dristar me oss , i all vår vesaldom,til å leggja skulda for vår eigen dårskap på han. Kor dum går det an å bli? Det er visst ingen grenser.

Klagemålet mot Gud toppa seg då Jesus kom til verda. Han var Guds einborne Son, Gud av Gud, lys av lys osv. Kva gjorde me med han? Tok livet av han. Kvifor? Fordi han avslørte vår vondskap. Lyset vart for sterkt, og for å verga oss, stempla me han som historias største bedragar. I staden for å gje han rett og overgje oss til hans kongedøme, avviste me han som ein fiende av det gode. For å gjera det klårt: Dersom du ikkje trur på Jesus, har du stempla han som historias største lygnar.

Men det er ikkje så lurt. For Jesus sto opp att frå dei døde, han lever, og han skal ein dag døma levande og døde, også deg som les dette. Og det store er: dersom du vil, kan du i dag bli frelst frå alle dine synder ved rett og slett innrømma dei og forandra haldning til Jesus Kristus. I staden for å vera likesæl til han, eller yta han motstand, kan du overgje deg til han og følgja han for resten av livet. Då gjer du det som er rett, og du hamnar der han er. Står du han imot, har du din ende på livsens bossplass (helvete) der det logar og brenn natt og dag, den plassen som er bestemt for djevelen og hans englar, men ikkje for deg.

torsdag 9. juni 2011

Vår grunnskade og Guds medisin

Ingen menneske likar å ta ansvar for eigne feil, og slett ikkje for eigen vondskap. Heilt frå me er små syner me talent for å skulda på andre når noko gale skjer, og er det me held på med rein vondskap, prøver me å framstilla det som rettferdig på ein eller annan måte. Det gjeld ikkje berre folk som er tiltala for folkemord, men det skjer mellom vanlege folk på jobben eller i heimen. Å innrømma skuld er det vanskelegaste som finst for oss.

Kor har me det frå? Det starta med vår far Adam. Då Gud spurte han kva han hadde gjort, sa han: "Kvinna som du gav meg, lokka meg! Og eg åt."

Solidariteten mellom Adam og Eva var broten. Han prøvde å få mestedelen av skulda over på henne, og på Gud.... "som du gav meg."

Adam hadde forandra natur. Han såg ikkje si rolle lenger som beskyttar, ikkje for andre enn seg sjølv. Han var kalla til å verna skaparverket, inkludert Eva, men han enda opp med å bli eit ynkeleg menneske som ville berga seg sjølv ved å skulda på henne, og på Gud.

Så vart me slik, alle saman. Ektefellene og Gud må bera skulda for dumheitane våre, og slik aukar synda i liva våre dag for dag dersom me ikkje stoppar opp og tek eit kraftig oppgjer med oss sjølve og seier til Gud: "Det var eg som gjorde det som ikkje skulle gjerast. Det var eg som sa det som ikkje skulle seiast. Det er eg som er mannen/kvinna du søkjer. Eg har synda mot min ektefelle og mot deg, og eg har prøvd å frikjenna meg ved å finna feil hos henne/han. Tilgje meg for Jesu skuld og hjelp meg til å venda om og kom til meg og forandra meg frå innsida slik at eg ikkje vel å lyga meg frå ting i framtida."

Det store er: Gud kjem til oss når me snakkar sant og tek det fulle ansvaret for det me seier og gjer. Han kjem til oss og endrar vår natur slik at me igjen begynner å fungera som forsvararar og ikkje som aktorar.

Jesus Kristus var slik heilt gjennom. Han var "den andre Adam" som stilte opp og av eigen fri vilje tok ansvaret for alle våre synder. Det kosta han livet. Han var ein sann forsvarar av deg og meg, og hans død på krossen var ei heltegjering som opna for uendeleg med tilgjeving for oss. Me kan berre henta ut alt me treng. Men reglane er klåre: me får ingenting så lenge me prøver å frikjenna oss ved å syna til andre sine feil. Då bevegar me oss berre bort frå Gud og like i den evige undergangen.

onsdag 8. juni 2011

På fast grunn

Den verda me lever i er heile tida i rørsle. Avisene er fulle av store overskrifter, og me får eit inntrykk av at det me les har historiske dimensjonar. Men det stemmer nesten aldri. Etter kort tid er det meste gløymt av dei fleste, og nye ting dukkar opp som krev vår merksemd.

Ein gamal gresk filosof som levde mange hundre år før Kristus (var det Thales?) sa to ord som er blitt hugsa for all framtid: "Alt flyt!" Eg trur det var Are Kalvø som i eit kåseri kommenterte det slik: "Sanneleg skulle det ikkje mykje til for å bli berømt på den tida!"

Og alt er i rørsle. Stjerner, planetar og galaksar i makrokosmos, atomer og elektronar i mikrokosmos. Og historia flyt forbi oss, tankar og idèar kjem og går, store og små hendingar, og du og eg er i endring. Blodet flyt i årane våre, me veks til, blir eldre osv.

Og me spør: Er det noko som er fast? Noko som alltid er sant? Noko som eg kan byggja livet mitt på?

I alle fall kan me fort bli samde om at både menneske, og det som menneska skaper er flyktige og forgjengelege ting. Det som var sant i går, er tvilsamt i dag og heilt feil i morgon. Å stola på menneske og det menneskelege er sanneleg å byggja livet på sand, for ikkje å seia kvikksand.

Det var vel Arkimedes som uttrykte seg slik: "Gje meg eit fast punkt, og eg skal flytta jorda!" Han fann aldri eit slikt fast punkt, så det vart ikkje noko flytting.

Du anar kor eg vil hen: JESUS KRISTUS ER DET EINASTE FASTE PUNKTET I TILVÆRET. Han er den Gud som skapte himmel og jord og alt bevegeleg. Han er den Gud som vart menneske for å frelsa alle oss menneske til seg sjølv. Han er den Gud som sigra over døden, sto opp att for aldi meir å døy, og han er den Gud som tok på seg vår vondskap for å fjerna syndene våre ein gong for alle med sin offerdød. JESUS STÅR FAST. HANS KJÆRLEIK TIL DEG TEK ALDRI SLUTT. HANS VERK FOR OSS STÅR FAST OG DET GJER OGSÅ HANS ORD OG LØFTER. Dette kan du tru på, leve på og leva for.

tirsdag 7. juni 2011

Rop av glede for Herren

Salme 98 i Bibelen er fin. Den handlar om å synga nye og friske songar for Herren. Sangen er ei gåve som Gud har gjeve oss, ei gåve som me skal bruka for å gleda han og kvarandre med.

Når Gud oppfordrar oss til å syngja, har det heilt spesielle grunnar. I denne salma les me at Guds heilage arm har gjeve han siger, og at han har gjort si frelse kjend for alle nasjonar, og at han har vist truskap mot Israel.

Det er to ting du som les dette skal ha som teikn på at Gud er Gud og at Jesus snart kjem att for å døma levande og døde: Guds frelse er i ferd med å bli gjort kjend for alle verdas folkeslag, og Herren hentar Israels folk tilbake til Israels land. Gud beviser seg sjølv gjennom desse to store verdshistoriske hendingane som skjer rett framfor augo på oss den dag i dag. Her er det folkens berre å tru, synga til Guds pris og forkynna hans storverk.

Gud gjer store ting midt i mellom oss. Han skaper tru i folk og frelser dei, han reiser opp nedbrotne menneskeliv, restituerer øydelagnde ekteskap og kjem med håp til folk som ikkje ser nokon utveg.

Slik er Gud. Han er god, og tenkjer berre på korleis han skal nå oss med sin godleik, korleis han skal få oss til å opna opp hjarto våre for han slik at han kan koma inn i vårt mørke med sitt lys. Difor må du som les dette berre opna opp og invitera han inn. Han er ikkje sein med å ta deg på ordet. Lukke til!

Kva Alpharadin KAN gje oss, og kva det IKKJE kan gje oss!

På 90-talet begynte professor Øyvind Bruland (til venstre, foto: Aftenposten) og doktorgradsstuden Roy Harvig Karlsen å forska på nye og meir målretta kreftmedisiner. Etter mange år føreligg det eintydige resultat som syner at medikamentet Alpharadin gjev pasientar som er svært sjuke av prostatakreft ei forlenga levetid på 3 månader, og mindre smerter enn det som desse pasientane elles ville hatt.

Det er grunn til å tru av denne medisinen også vil ha svært gunstig effekt på brystkreft hos kvinner og kreft i skjelettet hos begge kjønn.

Me er glade for all medisinsk framgang, og det er stort når folk får forlenga livet og betra livskvaliteten. DETTE ER DAGENS GODE NYHEIT. Me elskar godt nytt. Det er ikkje så ofte dei kjem, men altså idag.

Men ingen positiv nyheit kan nokon gong overgå det kristne evangelium, bodskapen om at all vondskap, sjukdom og naud og elende er overvunnen av Jesus Kristus, og at me ved å tru på han vert tilgjevne og frikjende av Gud vår FAR, og at HAN GJEV OSS EIT EVIG LIV, og ikkje berre eit lenger liv.

Eit lenger liv er bra. EIT EVIG LIV ER BETRE.

Behandlinga med Alpharadin er nok spinndyr, og det vert sagt at dei som no driv selskapet Algeta vil bli styrtrike. Me unner dei det.

MEN EVANGELIET ER GRATIS. Jesus har betalt prisen for vår frelse og han har gjort oss alle rike ved at me har Han, tilgjeving for syndene, barnekår, håp, glede, lækjedom, fridom, verdiar som overgår alle millionane til alle millionærar og milliarderar.

lørdag 4. juni 2011

Klokskapen i korrupsjon


















Då Quatar fekk tildelt fotball-VM 2022, trong ein ikkje vera profet for å skjøna at nokon i FIFA hadde fått pengar under bordet. Fleire i toppleiinga er i dag anklaga for å ha teke imot slike pengar, om enn ikkje Joseph Plattar som du ser på bilete. I alle høve har han gått fri så langt, men det er grunn til å tru av det kjem nye avsløringar i denne saka framover. Ting tyder på det.

Korrupsjon er eit stort problem, ikkje berre i FIFA, men i heile samfunnet. Korrupsjonsjegaren Eva Joly har synt oss at både franske og islandske politikarar har late seg bestikka, og ho meinar at ho berre har rørt ved toppen av toppen av eit isfjell.

Jesus også lærer oss også at det heftar mykje urett ved pengane, og at ein kan betala seg til det meste her i verda. Men han snur dette faktum i ein litt overraskande retning. Han seier: Det er klokt å sikra seg her i verda. Du bør ikkje sky noko middel med tanke på å få posisjon hos Gud, få retten til å bli Guds barn og få del i det evige livet. Den som ikkje tek i bruk alle tenkelege og utenkelege middel for å oppnå denne høge stillingen, har ikkje forstått noko som helst. Det er ikkje lett å lausriva seg frå denne verdas syndige gleder. Men kjemp for å koma inn i Guds rike, for mange vil forsøka, men dei vil ikkje klara det. Porten er trong og vegen er smal som fører til livet, og få er dei som finn han.

Gud kan ikkje bestikkast. Og ikkje trengst det heller. Jesus Kristus har på ærleg vis med sitt eige blod betalt betalt alt som skal til for at du skal kunna få barnekår hos Gud med alle rettar og rikdomar. Det er for deg berre for deg å takka han for dette og kalla på Gud som Far.

Men du kan ikkje kombinera å vera Guds barn og dyrka syndige gleder. Gud krev av deg av du er heil og reinskoren. Uærlegdom, ureinskap og trollskap av alle slag må du gje avkall på for å vera ein sann kristen. Du må rett og slett venda om frå synd, og det er denne prosessen som er vanskeleg, ja, umogeleg om ikkje Gud hjelper deg. Men det vil han om du ber han om å forbarma seg over deg.

torsdag 2. juni 2011

Èin konge

Det er Kristi himmelfartsdag, og i dag fokuserer me berre på JESUS. Verda er full av kongar og regentar, men det er berre èin som har tittelen "Kongen over kongane og Herren over herrane på jorda", og det er JESUS. Han sa: Eg har fått ALL MAKT i himmel og på jord. Kven gav han denne makta? Gud vår Far. Korleis gjorde han seg fortent til denne makta? Ved å sona verdas mange synder og sigra over døden. Kva betyr det at han har fått all makt? At han har rett til å tilgje alle menneske som ber om det, at har har rett til ditt hjarta og din lojalitet og at alle regentar på jorda er forplikta på å styra i samsvar med hans bod og vilje, og at han ein dag vil døma dei etter det.

Då Jesus fòr opp til himmelen, sette han seg ved Gud, vår Fars høgre hand. Der utøver han si regjering ved å dela ut Anden til alle menneske som vender om, ved å leida venene sine i gjennomføringa av planane sine. Kva er Jesu planar? Å forkynna den kristne bodskapen for alle folkeslag, slik kunnskapen om hans herlegdom til slutt dekker heile jorda. Når det har skjedd, kjem han attende på same måten som han fòr opp, for å frelsa alle dei som trur og døma dei vantru og vrange. Difor: Ta imot han i hjarta ditt, lat deg forsona med han og ver med i det fantastiske arbeidet som det er å gjera andre kjent med ein slik konge. Der Jesus vert høyrt og trudd, der er Guds rike. Dette riket er fullt av kjærleik, tilgjeving og kraft. Kom deg inn i det og ver med oss andre å utvida grensene for det og fylla det med tilgjevene folk.

onsdag 1. juni 2011

To kongar.

Svenskekongen er i hardt vær om dagen etter å ha blitt skulda for å ha hatt kontakt med kriminelle miljø og lettkledde damer på klubbar det ikkje sømer seg for ein konge å beøka.

Kongen sjølv innrømmer å ha vore på nattklubbar i Paris, men han hugsar ikkje at han har hatt noko med mafiaen å gjera.

Det er noko rart med oss menneske: Me blir fort veldig nyfikne og interesserte når me høyrer om galne ting som andre kan ha gjort. Ja, det gjev oss ei sjuk glede og styrker sjølvrettferda vår. Men våre eigne feil og fall vil me derimot ikkje snakka om. Me gøymer dei unna så godt som me kan.

Men me snakkar altså gjerne om andre sine synder. Det er avslørande. For i Bibelen står det at "kjærleiken skjuler mange synder." Når me då avslører andres feil, er det fordi me ikkje har Guds kjærleik i oss, og manglande kjærleik er grunnen til all vondskap. Det å leska seg på andres ulukke, er altså eit uttrykk for rein vondskap, ikkje noko mindre.

Gud toler ikkje vondskap, les me i Bibelen, og særleg ikkje dømesjuke. Dersom du er mellom dei som har denne tendensen i deg, må du innrømma både dette og andre feil for Gud om du vil bli frelst. Men det har du høve til. Me lever i nådens tid.

Kongen har vore på nattklubb. Men me veit ikkje om han har gjort noko gale. Eg kjenner ein annan konge som vart skulda for "å eta saman med tollarar og syndarar." Han heiter Jesus Kristus. Han elska syndarar, oppsøker dei i deira eigne miljø for å frelsa dei. Ingen miljø og menneske er mindreverdige for han, ei heller dei som held til på slottet i Stockholm, ei heller kong Carl Gustav. No har han trong for kong Jesus, og det er også tilfelle med alle oss andre. Ikkje ein minutt kan me klara oss utan han som er den einaste vegen til Gud.