
Han fortalde dei òg ei
likning: «Ingen riv eit stykke av eit nytt klesplagg og bruker det til bot på
eit gammalt. For då blir det nye klesplagget sundrive, og bota frå det nye
passar ikkje på det gamle. 37 Og ingen fyller ny vin i gamle
skinnsekker. For då sprengjer den nye vinen sekkene, vinen renn ut, og sekkene
blir øydelagde.38 Nei, ny vin må ein fylla i nye skinnsekker. 39 Og ingen som har drukke gammal vin,
har lyst på ny. Han vil seia at den gamle er best.»
Det første me skal leggja merke til her er at i Guds rike
høver nytt og gamalt ikkje saman.
På det individuelle planet handlar dette om at du ikkje kan
kombinera det nye livet med element frå det gamle. Det er ikkje plass til synd
i ein kristens liv, for det er jo synda Jesus kom for å frelsa oss frå. Skal du
og eg leva med Gud, må me audmjukt sanna syndene våre, ta avstand frå dei og
snu oss bort frå dei. Det heiter omvending. Synd og rettferd går ikkje saman. Prøver
du på dobbelt åndeleg bokholderi, sigrar synda og du taper Gud, framtida og æva
saman med han.
Når kristne lever i synd, lurer dei seg sjølve til å tru at
alt er i orden utan at det er det. Den nye vinen er Guds kjærleik. Den går
ikkje saman med eit gamalt livsmønster.
Det må eit oppgjer til. Noko må rett og slett forkastast og bytast ut. Paulus
måtte forkasta heile sitt religiøse liv for å vinna Kristus. Det var ikkje
plass både til Jesus og eige religiøst strev og eigne religiøse prestasjonar. Anten
var det Guds rettferd, eller så måtte han streva med sin eigen. Det måtte bli
anten eller, og då valde han Jesus. Den gamle fillete klesdrakten vart bytt ut
til fordel for Jesu skinande kvite og fullkomne kledning. Og slik er det for
oss også. Det er berre Jesus som duger innfor Gud, og har du Han, då har du
hans rettferd. Det er ei gåve.
Men dette ordet handlar også om kyrkja. Den nye nådepakta i
Jesus femnar alle menneske, og er radikalt annleis enn den gamle lovpakta frå
Sinai som kun femna Israel. Dei gamle gudstenesteformene og rituala var ikkje
lenger tenlege etter at frelsesverket var fullført. Kristi sonoffer kom til å
erstatta alle andre offer, og då kunne ikkje jødane halda fram med å ofra for
syndene sine. Det gamle måtte erstattast med noko nytt. Omskjeringa med dåpen,
og ofringane med nattverden. Ny vin i nye skinnsekker, ny lapp på nytt tøy.
Formene våre er heller ikkje heilage. Dersom dei ikkje tener det oppdraget Gud har gjeve oss,
må dei bytast ut og erstattast med nye. Og her har me mykje å gå på, og me
treng ikkje leita i blinde. For Jesus har synt oss vegen også her. Han kalla og
fostra disiplar, og det han har sagt med overtydelege ord: «Gå ut og gjer alle
folk (ethnos) til mine læresveinar (disiplar) ved at de døyper dei til namnet
åt Faderen, Sonen og Den heilage ande, og lærer dei å halda alt det eg har bode
dykk.» Og så kjem ein fabelaktig lovnad: «Sjå eg er med dykk alle dagar så
lenge verda står.» Og hans nærvær er sjølve innhaldet i vår kristendom.