Follow by Email

mandag 28. februar 2011

Nåde eller vreide?


I den muslimske verda vert det i denne tida støtt og stadig utropt ein vreidedag. Nesten kvar fredag skjer dette no. Etter bøna i moskeen skal vreiden råka ein eller annan leiar, les me.

I dette ropet anar me den store ulikskapen mellom kristendom og islam, mellom Jesus og Muhammed: Jesus kom nemleg for å ropa ut eit NÅDEÅR FRÅ HERREN. Han ville gjer dei blinde synet attende, dei døve høyrsla, dei bundne fridom og alle fattige syndarar skulle få høyra evangeliet om Guds nåde i Jesus Kristus.

Muhammed derimot kom berre med nye bodord, vreide og drap.

Medan Jesus gav livet sitt for alle menneske, sørgja Muhammed for at mange hundre tusen vart drepne berre i hans eiga levetid. Gjennom hundreåra etterpå er det snakk om millionar.

Likevel er det folk som vil ha det til at alle religionar eigentleg fortel oss det same. For ei tankeløyse som ligg bak slike utsegner. Det er dummare enn å seia at sosialisme og kapitalisme er ein og same sak fordi begge saker handlar om politikk.

Me er glade for at det var det kristne evangelium som kom til oss her i Noreg. Av den grunn fekk også denne skribenten ein dag sjå Guds ljos og bada seg i Guds kjærleik. Det var ein nådens dag.

Må me berre ta godt vare på dette unike som er blitt oss til del. I dag er det mange som ikkje ser verdien av Jesus og kristendomen, og det er endå til nokre som gjer det til latter og vil ha det heilt bort. Må Gud tilgje dei, for dei veit ikkje kva dei gjer, og må dei fullstendig mislukkast med prosjektet sitt.

Nådens år, kor lenge varer det? Til Jesus kjem attende for å døma levande og døde. Då er det rettferda som vil råda grunnen, og vreiden råka alle som ikkje har famna og elska Guds nåde i Jesus Kristus. Dei som står nåden i mot, må sjølve stå ansvarlege for liva sine på domens dag, arme sjeler. For ingen kan stå seg i Guds dom. Alle vil falla gjennom på alle klagepunkt. Berre dei som har late seg benåda av Jesus i nådens tid har ei framtid saman med Gud.