fredag 21. november 2008

Familie i sikkerhet

Familien Sajedi er no i sikkerhet, og med det er me komen inn i ein ny fase i denne saka. Det kan bli eit langt løp. Men langt eller kort: her handlar det om å berga ein familie frå undergang, og då er ingen pris for stor. Og dersom du som les dette vil vera med å be for familien, har eg eit forslag til bøn her:

"Herre Jesus! Du som kom til vår verd og vart mistrudd og avvist av dine eigne. Styrk og vern denne familien som vert mistrudd og avviste av norske styresmakter, og som kjenner angsten snøra seg om hjarta. Fyll dei med din fred, og gje dei full tillit til di omsorg og di leiding og til din suverenitet. Bevar dei mot all fare og lat den stormen dei no lever i stilna. Di er makta og æra frå no og for alltid. Amen."

Så fekk eg i går ei oppmoding om å be for ei kvinne; Ann Catrine, på 37 år som har fått ein hissig brystkreft som på rekordtid har spreidd seg til levra. Det er kroken på døra medisinsk sett. Vil du vera med og be for henne om at Jesus må røra ved henne? All frelse og lækjedom er i Han som døydde for oss og som sto opp frå dei døde og som lever midt i mellom oss og som verkar gjennom oss når me ber.

I dag er det vinter på Stord, 10 cm snø og nokre minusgrader. Kjekt for oss. Det blir nok mykje aking for elevane på barneskulane i dag, og det gode er at kulden visstnok skal vara nokre dagar.

mandag 17. november 2008

Intens jobbing for flyktningefamilie

Kjære blogglesar!
Dei siste dagane har eg vore heilt oppslukt av arbeid for den iranske flyktingefamilien som du las om i sist blogg. Difor har det vorte lite bloggskriving. Media har vore veldig interesserte i saka, og det har vore oppslag i lokalavisa, Vårt Land, og på radio i NRK-Hordaland. Her ser du familien: frå venstre dottera Ghazal (14), mora Raheleh saman med sonen Arsalan (10) og til høgre faren Karim. Torsdag var kristne frå alle kyrkjelydar på Stord samla for m.a. og be for denne familien, og det var veldig sterkt. Likeeins i går på gudstenesta i Kristkyrkja. Det er som om folk får ein ekstra energi når dei ber for denne familien som er blitt oss så kjær.

Og bøn må til, for me slost mot ein mektig og ikkje lite arrogant fiende. Det verkar på meg som om UDI og UNE alltid har som utgangspunkt av asylsøkjarar lyg, og det vert opp til flyktningen å bevisa at han/ho er tilstrekkeleg forfølgd i heimlandet til å det kan gjevast asyl i Noreg. Men dei tolkar Flyktningekonvensjonen så snevert at det er ingen som i praksis kjem inn under den. Difor er det slik i Noreg i dag at praktisk talt ingen får asyl på politisk eller religiøst grunnlag. Det vert berre gjeve opphald på humanitært grunnlag. Dette undergrev asylinstituttet, seier FNs høgkommisær for flyktningar.

Karim fortel at han ved to høve har vore i fengsel for trua si, og at han er vorten torturert i fengsel. Ikkje truverdig er domen frå UDI og UNE, og så formulerer dei eit utvisningsvedtak basert på luftige spekulasjonar. Dette er dristig av dei sidan Karim fortel at han rømte ut av Iran under ein permisjon som han hadde fått innvilga etter av svigerfaren hadde bestukke ein fengselsbetjent. Å senda han attende til eit land som akkurat i desse dagar innskjerpar dommarane si plikt til å ilegga dødsstraff både for konvertering og mange andre "brotsverk", er jo eit brotsverk i seg sjølv.

Men no har me i alle fall funne klåre medisinske indisier på at Karim har vore utsett for tortur. Ei MR-undersøking frå 2007 viser 2 gamle brot i venstre fot og eitt i høgre kne som er vorten påført mannen med stor kraft utanfrå.

Vidare har ein representant for FNs høgkommisær, Arnstein Kristiansen, engasjert seg i saka, og han vonar å kunna verifisera fengselsopphalda til Karim ved hjelp av hjelparar inne i Iran. Me ber difor no UNE om å utsetja utsendinga av desse stakkars menneska fordi dei ikkje har utreidd tilstrekkeleg dette med tortur (folk som er vorten torturert har i prinsippet ein rettkomen otte for å bli utsett for overgrep i heimlandet og skal såleis ikkje sendast heim), og slik at dei som jobbar for FNs høgkommisær får ein sjanse til å undersøka fakta i saka. Så få me sjå.

I morgon kjem forresten Olav Akselsen for å snakka med Ghazal og klassen hennar. Dei har laga nokre utruleg gode spørsmål som dei vil stilla han. Det er godt. Han er jo trass alt leidaren for utanrikskommiteen i Stortinget. Truleg kjem faktisk TV2 på besøk til klassen også. Det er læraren hennar, John Olav Heggland, som har sett i gong den prosessen som har ført fram til dette. Han har vist seg som ei enorm kraft i denne prosessen, og klassen til Ghazal likeeins. Det var jo nokre av dei som tok kontakt med Høgkommisariatet i Genevè. Imponerande. No kan du tru dei lærer.
Så til slutt: Be for familien og for oss som jobbar for dei. På kristkyrkja.no fin du to bøner for menneske på flukt som kan vera gode å bruka.

mandag 10. november 2008

Kristen iransk familie vert utvist frå landet

I kyrkjelyden vår er det mange flyktningar, og mellom desse 4 familiar frå Iran. Den eine av desse familiane har no fått avslag på asylsøknaden sin, og dette trass i at norske utlendingsstyresmakter inderleg godt veit at dei høgst truleg vil bli arresterte når dei kjem attende til heimlandet, og at far anten vil få dødsstraff eller lang fengselsstraff.



Alle i denne familien er vorten døypte i Noreg, mor og barn hos oss. Men far sanna trua på Jesus allereide i 1991 etter påverknad frå familie i utlandet, men han fann aldri noko kyrkje å gå i, berre eit par kristne vener. Difor vart han først døypt i Noreg han også. Far var to gonger i fengsel i Iran, først i 1991 for å ha hjelpt ein ven med å få trykt kristne traktatar (han jobba då på eit trykkeri), og seinare i 2001 då han sjølv spreidde traktatar mellom studentar på eit universitet i Mashad. I 1991 sat han inne i 4 månadar. Siste gongen sat han inne frå 2001 til 2003, då han valde å røma under ein permisjon. Under begge fengselsopphald vart han utsett for tortur. Gamle brot i beina vitnar om dette.



Men UDI har valt å ikkje tru på historia hans, og til vår store undring framstiller dei Iran som eit land med tilnærma religionsfridom. Dei skriv: "Kristendomen er ein akseptert religion i Iran, og det finst tusenvis av konvertittar i Iran...." Kva meiner dei med at "kristendomen er ein akseptert religion i Iran"? Dette er så unyansert og omtrentleg at det har ingen verdi. For vel er det slik at iranske styresmakter anerkjenner gamle ortodokse og armenske kyrkjer som har vore i landet frå lenge før islam eksisterte, men dei godtek på ingen måte dei evangeliske kyrkjene. Dei må leva under jorda. Dei godtek som sagt heller ikkje konvertering frå islam til kristendom, og dei godtek ikkje misjonering mellom muslimar. Kva er det så dei godtek? I praksis ikkje kristendomen slik me skjønar han, berre nokre kyrkjesamfunn som driv med eigenpleie.

Ja, det finst tusenvis av konvertittar i Iran, og difor aukar no også forfølginga av dei. Styresmaktene ser på dei som eit problem, og saka er at dei konstant lever med sverdet over hovudet, og mange av dei opplever både arrestasjonar og tortur i den samanhengen. Det er lett å dokumentera.

Me treng at de som les denne bloggen bed for denne familien, at dei har tru til Gud, og at me som jobbar med saka deira får tak i det som er naudsynt av opplysningar som kan vippa saka i rett retning.

søndag 9. november 2008

Kristne på mobbetoppen

Elevane ved den kristne grunnskulen i Bergen mobbar kvarandre meir enn andre skulebarn. Dette kjem fram i ei mobbeundersøking mellom barn og unge ved 3000 norske grunnskular. I første omgang reagerte eg med vantru på denne nyheiten, men etter å ha tenkt meg litt om fann eg ut at det kanskje ikkje er så unaturleg likevel. Barn og unge lærer jo av oss vaksne korleis dei skal oppføra seg. Og då bryr dei seg lite om teoriane våre, det er korleis me lever i praksis som tel. Og her er me ved sakas kjerne. For det er ikkje til å stikka under ein stol at nokre av kyrkjelydane som eig og driv denne grunnskulen har vore gjennom opprivande prosessar der folk er blitt pressa ut or stillingane sine, og mykje av det som hende i prosessane bar mobbinga sine sterke kjenneteikn for å seia det mildt. Barn og unge merkar seg sjølvsagt korleis vaksne menneske ter seg og handsamar kvarandre, og dei adopterer verdiar og haldningar frå vaksensamfunnet. Difor bør denne undersøkinga resultera i sjølvgransking mellom foreldre og kyrkjeleiarar, ikkje berre i Bergen, men i alle samanhengar der kristne stridest. Og det skjer mange plassar, og sjeldan er kampane blodigare og meir hjartelause enn mellom kristne som tek både Gud og Skrifta i bruk til støtte for sin eigen vondskap.

onsdag 5. november 2008

Barak Obama

Barak Obama vert USA sin neste president. Han har lova amerikanarane endring. Det kunne dei trenga. Me får vona at det også vert endring for den ufødde generasjonen, for dei som skal velja dei neste presidentane i verdas mektigaste nasjon, dei som idag ligg i mors mage. Abortlova i USA garanterer kvinner i landet rett til å få avliva barnet sitt heilt fram til fødselen, lenge etter at det er levedyktig. Det hadde vore storarta om Obama sørga for å endra på denne uretten, og tenk om han kunne vera den som gav dei ufødde same livsrett og menneskeverd som dei fødde. Då ville han gå inn i soga som ein av dei store presidentane i USA si historie. Lat oss be om det.

mandag 3. november 2008

Arendalsrektor krenkar kristne elevar sin religionsfridom

På ein ungdomsskule i Arendal har rektor nekta elevane sine å ha skulelag og halda andakt i friminutta. Dette melde dei på nyheitene i kveld. Eg kvakk då eg høyrde det. Er dette mogeleg i eit land der lova fastset at elevane på skulen skal ha ei kristen og moralsk oppseding, og i eit land der religionsfridomen vert flagga så høgt som i Noreg? I skuleverket vil me gjerne ha menneskerettane som ein del av verdigrunnlaget vårt. Me vil at desse skal respekterast på alle plan i samfunnet. Men den skulen som skal læra elevane opp i respekt for religionsfridom, krenkar sjølv denne fridomen på den mest openberre måten som me kan tenkja oss. Her må nokon skulera denne rektoren i høve mellom liv og lære.

Rektoren er truleg ikkje så kristendomsvenleg at det gjer noko. Det finst saktens gudlause rektorar. Men det er sjeldan at ein finn dei så uvenelege som dette, og med så lite refleksjon rundt det prinsipielle. Men kan han vinna fram med noko slikt? Kan hans overordna godta ein slik innskrenking av elevane sin religionsfridom? Kristen andakt er eit valfritt alternativ i skuletida. Kva skade kan det gjera? Og kva vil skje om elevane likevel held andakt? Dei kan jo berre setja seg på gangen eller på do. Vil dei bli utviste? Vil dei få nedsett åtferdkarakter? Dette skal bli interessant å følgja.

Eg fekk ikkje tak i korleis denne rektoren argumenterte. Men han ville at det skulle vedtakast eit forbod i alle skulane i Arendal slik at han ikkje står så åleine, stakkars mann.

Me er komen langt i retning av ting som liknar kristenforfølging no. Dersom det skal vera forbod mot kristen forkynnning i klasserom, kor kjem forbodet neste gong? Kan me tola offenteleg kristen forkynning i det heile i eit land som sverger seg til det einaste gangbare livssynet som er livssynsnøytralitet?