tirsdag 10. mars 2020

Omvending og frelse

Bibelen er veldig oppteken av at me menneske må vende om.
Skal me bli frelst, må me venda oss bort frå syndene våre og til Gud.
Me kan ikkje kombinera eit liv i synd saman med eit liv i samfunn med Gud.

I Jesaja 55:7 les me at Herren vil syna miskunn mot dei som vender om til han.
Både Johannes døyparen og Jesus forkynte at folk skulle venda om til Gud fordi himmelriket var nær. For å få del i det nærverande himmelriket, måtte dei snu seg bort frå egoisme, løgn, hor, sinne, vald, materialisme og all slags lureri og hykleri.

Me kan ikkje både følgja våre eigne syndige instinkt samstundes som me følgjer Jesus. Det går berre ikkje. Det er å kombinera eld og vatn. Me berre lurer oss sjølve ved å tru at Gud godkjenner oss utan at han gjer det. Det er ein farleg situasjon å leva i. Det skal vera sikkert. Skarar av menneske har i god tru hamna i den evige fortapinga. Dei ville ikkje ta eit oppgjer med syndene sine, men dei ville så gjerne tilhøyra Gud.

Men her kjem Bibelen oss til hjelp og syner oss kva me må venda oss bort frå for å kunna leva som sanne barn av Gud, menneske med himmelen som destinasjon. I Markus 7 set Jesus namn på det meste av det me må forkasta og venda om frå: eigesjuke, hor, tjuveri, mord, ekteskapsbrot, vondskap, svik, utukt, misunning, spott, hovmot og vitløyse.

Er liva våre prega av slike ting, definerer me oss sjølve utanfor Guds rike.


Men me kan ikkje berre luka djevelskapen ut av hjarto våre, og bestemma oss for å ikkje gjera slike ting lenger. Me må innrømma det som synd, be Gud om å tilgje oss, og for alvor å  begynna å følgja Jesus som elskar oss og som betalte for alle våre misgjerningar med sitt dyrebare blod. Då får me fred med Gud, og me får ei framtid saman med Gud, og Den heilage ande kjem over oss og hjelper oss å halda djevelskapen i sjakk hos oss. Han fyller oss med Jesus. Ingen kan sigra over synd i eiga kraft, berre i Guds. Men hans kraft forvandlar liva våre, og bur han i oss, og gjer me han rom, pregar han måten me tenkjer og lever på, og han gjev oss guddommeleg utstråling. Alt av nåde.