fredag 29. juli 2011

Thomas tvilar


Forteljinga om Thomas og den oppstadne Jesus er ei lyssterk sak. Første påskedag hadde han ikkje vore saman med dei andre læresveinane då Jesus hadde kome til dei, prata og ete saman med dei. Då Thomas fekk vita dette, ville han ikkje tru, ikkje utan at han sjølv fekk sjå han og ta på han. Ja, han ville til og med berøra sårmerkene hans, elles kunne han ikkje tru. HAN VILLE HA BEVIS.

Neste søndag var han saman med dei andre. Då kom Jesus og synte seg for dei alle.

Her vil eg gjerne skyta inn: Dersom du vil ha personleg bevis for at Jesus lever, oppsøk ei gudsteneste der du veit du kan finna kristne som elskar kvarandre og som forkynner og praktiserer Bibelen uavkorta. Så vil du få det beviset du er ute etter.

Straks Jesus syner seg, det verka som han etter oppstoda kunne bevega seg mellom synleg og usynleg modus, seier han til Thomas: "Stikk fingen din i såra mine og handa di i sida mi, og ver ikkje vantruande, men truande."

Det var det som skulle til for Thomas sin del. Han fall på kne framfor Jesus og sa fram den tydlegaste kristne vedkjenninga til då: "Min Herre og min Gud." Han var overbevist.

Og Jesus sa: "No trur du fordi du ser, sæle er dei som ikkje ser, og likevel trur."

Seinare reiste Thomas austover og enda etter tradisjonen opp i India og forkynte evangeliet om den levande Jesus, og i sørvest-India kan me enno finna såkalla Thomaskristne.

Kjære ven! Tru Guds ord om Jesus, og du skal få erfara hans kraft. Lukke til.

onsdag 27. juli 2011

Anno 2011: "Fatima" møter Jesus

Ei muslimsk kvinne, lat oss kalla henne "Fatima", møtte Jesus for ikkje mange vekene sidan. Ho har ein son som hadde fått seg ein kristen ven og begynt å gå i ei kristen kyrkje. Dette likte ho ikkje, og åtvara han strengt mot å bli kristen. Mora kom frå ein streng muslimsk familie. Men guten fortalde mora litt av det som dei kristne hadde fortalt han om Jesus, og ho begynte å bli interessert, men sa ikkje noko om det. I staden våga ho seg frampå med å be ei bøn. Den var slik: "Isa Masih (Jesus Messias), dersom det er du som er den rette, så må du syna deg for meg."

Kvinna vart med sonen sin på ei gudsteneste, og fann ut at kristne folk var ganske venlege av seg. Det var overraskande for henne. Ting hadde begynt å skje.

Dagen etter fekk ho lyst å vera med på kyrkjelyden sitt bønemøte, og ho ville gjerne at nokon skulle be for henne, og under forbøna møtte ho Jesus på ein måte som feide all tvil av banen. Jesus kom til henne, ho både høyrde, såg og sansa han fysisk, og han sette henne fri frå redsle og tvang, og gjorde livet hennar fullstendig nytt.

No sannar ho at Jesus Kristus er Herre og Frelsar, og elskar han over alt i denne verda.

Sist søndag vart ho og familien elles døypte til Kristus, og Fatima sto frimodig fram og fortalde kva som hadde hendt med henne, og hennar høgaste ønske no er å få fortelja om Jesus til alle. Det vart ein kjærleikens revolusjon i livet hennar.

Maria Magdalena møtte Jesus


Den tome grava var det første indisium på Jesu oppstode. Men ei tom grav kan ikkje frelsa nokon. Det kan berre ein Gud som lever.

Den første som møtte Jesus var Maria Magdalena. Oppløyst av smerte og sorg kom ho til grava saman med nokre andre kvinner tidleg søndag morgon for å salva Jesu døde kropp. Dei hadde ikkje fått gjort det på langfredagen for sabbaten kom for fort på dei.

Maria og kvinnene hadde møtt to englar og høyrt helsinga deira, men ho høyrde ikkje noko på dei, og vart verande ved grava då veninnene hennar sprang til læresveinane for å meddela englebodskapen.

Maria gret og gret. Då kom Jesus. Han kjem gjerne til venene sine når dei forgår av lengsle etter han, og han openberrar seg oftast og sterkast for dei som elskar han høgast. Jesus sa til henne: "Kvifor gret du, kvinne, kven leitar du etter?" Ho kjende han ikkje att med det første, ho såg hen gjennom tårer, men etter ei kort ordveksling, skjøna ho kven han var, og i ein augneblink var livet hennar endra for all framtid. JESUS VAR I LIVE, OG HO HADDE MØTT HAN PERSONLEG. Det var noko, det. Og då kunne ho etterpå møta kva det skulle vera i livet. Ingenting kan skremma eit menneske som har møtt Jesus og veit at han lever og er med sine kvar dag.

Jesus er den same no som då. Han openberrar seg i dag gjennom ordet sitt, men det er like sterkt som det Maria erfarte. Les ordet, og møt Jesus, det er eit godt motto.

lørdag 23. juli 2011

Ufatteleg omfang på gårsdagens terroraksjon

Minst 91 menneske vart drepne i Oslo og på Utøya i går. Av desse er 84 unge menneske frå heile landet som var på AUF-leir. Kven kan fatta den frykt og angst desse ungdomane har vore i medan denne mannen gjekk rundt og drap venene deira? Kven kan forstå den sorg som vellar opp etter kvart som det går opp for folk kva som her har hendt? Korleis skal me i det heile tatt kunna forstå det som har skjedd? Kva driv eit menneske til å påføra personar han ikkje kjenner ein slik smerte? Dette blir for stort for oss. Det rokkar ved fundamentet under beina våre når ein "normal" person, så langt me har forstått det, gjer det me no har vore vitne til.

Noreg er i stor smerte. Me kjenner på ein måte at me går inn i ei ny tid. Uskulda, i den grad me har hatt noko slikt her i landet, er så definitivt teke frå oss, og ting vil endra seg. Det verste som kan skje er at unge menneske trekker seg frå politikken og frå å engasjera seg. Me treng på ingen måte fleire uengasjerte unge.

Når det vert sagt at illgjerningsmannen er "konservativ kristen" (dvs. frimurar!!), har dette sjølvsagt ikkje noko med saka å gjera. Konservative kristne følgjer Jesus, og han gav livet sitt for andre. Det denne mannen gjorde har naturlegvis ingenting med konservativ kristendom å gjera. Det skulle vera unødvendig å skriva det, men kommentarane i TV2 om at han skal tilhøyra eit "kristenfundamentalistisk miljø", gjer det naudsynt.

Det me no treng i Noreg er at Jesus med sine verdiar blir stor for oss, slik at folk kan få eit godt og trygt fundament for liva sine, om det skulle bli langt eller kort.

Guds augo er i dag retta mot Noreg, og hans hjarta slår for dei som er råka av død og sorg, og han vil la seg finna av dei som søker han av heile sitt hjarta.

fredag 22. juli 2011

22.juli 2011 vart Noreg og Oslo sett på terrorkartet


Så skjedde det som ikkje skulle skje, og som me ikkje eigentleg hadde forventa: Heile regjeringslokalet øydelagd ved at, minst ei svær bombe vart detonert, mogelegvis inni eitt av departementa. Korleis kan slikt vera mogeleg? Kva tryggingstiltak har dei i hjarta av det norske maktsystemet? Ein kan lura slike dagar. Det offisielle talet på drepne så langt er 7, det vil garantert auka, og mange, mange er stygt skada.

På AUF sin sommarleir på Utøya fekk unge tenåringar sitt livs mareritt når ein mann kom inn på området og skaut på dei med kraftige våpen. Dei prøvde så godt dei kunne å koma seg vekk. Mange hoppa i sjøen for å symja over til fastlandet. Offisielt er 9 eller 10 drepne, talet vil auka kraftig, og mange er tungt og kritisk såra.

Denne dagene kjem til å bli vår 9/11. Ingen tvil om det. Noreg vert aldri meir det same. Det er heilt sikkert.

Kan me finna Gud i slike tider? Ja, det kan me. Mange finn Gud når ting vert veldig vanskelege, når ein får utrygg grunn under føtene. Profeten Jonas sa: "Då eg miste mi kraft, vende eg meg til Herren."

Mange vil ikkje venda seg mot Herren før ein misser si eiga kraft, før ein er vorten hjelpelaus. Men ein er alltid like velkomen til Gud om ein kjem i gode eller vonde dagar. Alle blir møtt med den same kjærleiken.

Herrens namn er som ei fast borg som den rettferdige søkjer ly i.

Me er eit lite og rart folk som bur i ei steinrøys langt mot nord. Få har vore interessert i oss, og me har i vårlitt isolerte tilstand og i vår store økonomiske tryggleik gløymt Gud. Me har ikkje søkt hans vern, men har stolt på oss sjølve og levd etter våre eigne lyster, ønskjer og planar.

Men den tida er over. No må me søka vern hos Gud, ikkje berre for andre sin vondskap, men også for vår eigen. Me må innrømma våre synder og venda om til han som meir enn gjerne tilgjev oss vår arroganse, sjølvgodleik og ulydnad.

Vil Gud ikkje vera bygningsmann,
me fåfengt på huset byggja.
Vil Gud ikkje verja by og land,
kan vaktmann oss ikkje tryggja.
Så vakta oss Gud, så me kan bu
i heimen med fred og hyggja.

Fedrelandssalmen er meir aktuell enn nokon gong.



.

Den tome grava, det første indisium på Jesu oppstode

Den første kristne boka eg las i min ungdom heitte "Jesus lever", og var skriven av den engelske presten og apologeten Michael Green (han er no 91 år). Han er forresten kjent for mange bøker (50), og er ein eminent talar.

I denne boka undersøker han det som finst av bevismateriale rundt spørsmålet om Jesu oppstode, og det første han slår fast er det enkle faktum at 1. PÅSKEDAG VAR JESU GRAV TOM. Både kvinnene som kom for å salva Jesu kropp, og apostlane Peter og Johannes kom til grava og fann henne tom. JESUS VAR IKKJE DER. Noko hadde hendt, men kva? Hadde læresveinane teke liket med seg? Men ville Peter og Johannes ha sprunge til grava for å sjekka ut opplysningane frå kvinnene då? Ville dei seinare ha gjeve livet sitt for eit lik dei hadde gøymt i kjellaren? Og om nokre meinte at læresveinane hadde knabba han, kva bevis kunne dei framleggja for eit slikt synspunkt? Eller var det Jesu fiendar som hadde flytta han? Kvifor ville dei då ha vakt utanfor grava og utstyra henne med keisaren sitt segl? Og om dei hadde flytta på han, kunne dei jo berre ha synt fram liket då dei kristne begynte å fabla om at han var stått opp att, så var det kristne problemet løyst ein gong for alle. For utan Jesu oppstode, ingen kristendom. Så enkelt er det.

Faktum 1: Grava var tom, og den mest plausible forklaringa er faktisk at Jesus hadde gått ut or henne på eigne bein.

torsdag 21. juli 2011

Eit kjærleiksunder

Inkarnasjonen er ikkje berre eit mysterium, han er eit kjærleiksunder.

Tenk deg at du var skaparen av ei maurtue. Du var stolt over verket ditt, du likte maurane, dei var dine, og dei likte deg. Men så hende det noko som fekk maurane til å gjera opprør mot deg og snu seg bort frå deg. Dei ville ikkje lenger ha deg som som ven og velgjerar, men vart arge og fiendtleg innstilt til deg, og dei meinte at du var ein stor egoist som berre ville slavebinda dei. Vel, nokre av dei sto på di side, og du fekk dei til å gå til dei andre med ei bøn om at dei måtte snu seg bort frå denne fiendehaldninga og bil vener med deg att, men til inga nytta. Snarare tvert om. Det berre trigga dei til meir sinne, ja, så pass at dei tok livet av maurane som gjekk med helsinga di. Dette opprørte deg veldig, og du vurderte om du berre skulle gjera kort prosess og øydeleggja både tua og maurane, det hadde dei fortent. Men du vegra deg fordi du elska dei så høgt. Då bestemte du deg for ein siste ting: Du ville sjølv bli ein maur og gå direkte til dei for å gjenvinna hjarto deira. Du tenkte: Dei vil elska meg om eg kjem til dei som maur. Som sagt, så gjort. Du vart ein av dei, ein heilt vanleg arbeidar, vel, ikkje heilt vanleg, for du snakka med dei om den store kjærlege Skaparen som dei hadde forkasta. Nokre av maurane lytta gjerne til deg og syntest forteljingane var fine og store, og at dei gav dei håp. Desse maurane vart venene dine. Andre vart veldig provoserte då dei fekk høyra at du var den store Skaparen, syntest du var svært blasfemisk og bestemte seg for å drepa deg, og dei gjorde det, og du let det skje fordi du elska dei så høgt. Alternativet var nemleg at du drap dei, og du var jo ikkje komen for å døma og drepa, men for å frelsa dei og vinna dei tilbake til deg sjølv.

Men det dei ikkje hadde tenkt på var jo om du faktisk kunne vera den du gav deg ut for. Det var tåpeleg av dei, men dei var faktisk blitt ganske tåpelege med åra. Visdomen og innsikten som dei hadde hatt, hadde dei frå deg, og lang tids mangel på fellesskap hadde frårøva dei den sunne sans. For saka var jo den av du faktisk var den store maurskaparen, og det gjorde at du hadde ein annan type liv i deg i tillegg til maurelivet som dei tok i frå deg. Det opprinnelege livet kunne ingen ta frå deg, og dette førte deg attende til livet i tua. Men prosjektet ditt hadde ikkje endra seg, og vinna maur gjennom maur, og du valde å ta bustad i dei truande venene dine og du gav dei oppdraget om å enno ein gong å appellera til dei andre om å innrømma feila sine og bli vener med deg. Dei skulle vinna medmaurane sine hjarto for deg, du som hadde vorte både maurskapar og maur.

Du tek poenget, ikkje sant? Gud elska deg så høgt at han kom til oss som eit menneske i Jesus Kristus. Han gjekk faktisk talt inn i din plass og sona straffa for alle dine synder. Han sparte ikkje på noko for å gjera deg lukkeleg. Han døydde for deg, sto opp for deg og han talar til deg seint og tidleg gjennom venene sine om å tru på evangeliet og venda om til han med heile livet ditt, og vigsla resten av åra dine til han. Å leva i hans kjærleik kan ikkje overvurderast. Å leva utan hans kjærleik kan aldri undervurderast.

Det største av alle under

Det største av alle under er INKARNASJONEN (ordet tyder å ta på seg kjøt), skriv forfattar og apologet C.S. Lewis i boka si "Mirakler". Alle andre under spring ut frå dette ufattelege at den evige, allmektige og allestads nærverande Gud i Jesus Kristus vart eit avgrensa menneske, ja, i utgangspunktet eit lite frø i Marias mage, utan at han dermed slutta å vera evig, allmektig og allestadsnærverande. Han var både det eine og det andre. Den første og siste i historia som var 200%, for å sitera Åge Åleskjær.

No finn me inkarnasjonsforteljingar også i hinduismen, gudar som vert menneske. Men dette skjer ikkje de facto, dei kan slutta å vera menneske når det høver for dei og så gå over i gudemodus. Fram og tilbake, fram og tilbake.

Men Jesus Kristus vart menneske og måtte leva det ut i sin ytste konsekvens, ja, helt til ein pinefull død på eit romersk kors. Heile tida var han Gud med alt det som det innebar, men under sitt jordeliv gav han avkall på å operera i si guddomsmakt og fungerte 100% som menneske, avhengig av Maria og Josef, slekt og vener og aller mest av Gud, sin himmelske Far. Berre ein ting var annleis med Jesus samanlikna med oss: HAN VAR UTAN SYND. Meir enn noko anna avslører synda seg i liva våre som trong til UAVHENGIGHET. Jesus gjorde for sin del aldri noko utan i nær kommunikasjon med, og lydnad mot Far. "Den lidande Gud" vart ein ståande vits mellom romarane. Grekarane såg på det som toskeskap og jødane støytte seg på det. Slik reagerer det naturlege menneske også i dag på Jesus: ein fantast som hadde misforstått sin eigen rolle her i verda.

Men me er jordbundne menneske som går med nasa vendt mot bakken og taper fort perspektivet og dei store linjene. Det handlar mykje godt om snevre eigeninteresser. Jesus går utanpå oss alle, og merkeleg nok toler me lite slike folk.

Då han hang på krossen kunne han galant ha avbrote smerten når det måtte passa, slik som gudane i hinduismen, men han gjorde ikkje det fordi Far ikkje gav klårsignal til noko slikt. I Getsemanehagen før krossfestinga bad han: "Far, ikkje som eg vil, berre som du vil." Han underorda seg Gud, sin Far i alle ting, heilt inntil døden, ja, døden på krossen.

Inkarnasjonen er så fjern frå alt som me menneske kunne ha kome på, at me av den grunn kan slå fast at den er sann. Dette er det som ikkje kom opp i noko menneskehjarta, men som Gud har openberra for dei som elskar han.

Som menneske vert Jesus framstilt som alle menneske sin representant . Alle hans gjerningar er representative. Dersom du stolar på han, gjeld dei som dine. Jesus var både Gud og menneske, og slik vart han ei bru som me kan gå over for å koma til Gud og få samfunn med han og evig liv.

tirsdag 19. juli 2011

Bibelens under har beviskraft

Bibelen er ei mirakuløs bok. Ein bibel utan mirakler ville ikkje vore på mange sider. Han ville vel rett og slett ikkje eksistert.

Det startar på side 1 med forteljinga om då Gud skapte himmel og jord, og sluttar 1400 sider seinare med spådomen om at Gud ein dag skal omskapa heile universet.

På sidene i mellom kan me lesa om store doms og frelseshandlingar, om Gud som handla med nasjonar og enkeltpersonar, om riker som reiste seg og gjekk under, om hav som delte seg, om spedalske som vart reinsa, blinde som fekk synet sitt tilbake, lame som begynte å gå, mat som vart multiplisert , eld som fall ned frå himmelen, vatn som vart til vin og om døde som sto opp, berre for å nemna noko.

Både Det gamle og Det nye testamentet er fulle av forteljingar om Guds undergjerningar, men Jesu gjerningar vil alltid stå i ei særstilling. Han gjorde så mange under, skriv augnevitnet Johannes, at dersom alt skulle vorte skrive ned, ville ikkje ein gong heile verda romma alle dei bøker som då måtte skrivast.

Jesu undergjeringar er godt dokumenterte. Det var ingen i samtida som tvilte på dei. Motstandarane hans prøvde aldri å problematisera sjølve undera, men dei ville ha folk til å tru at det var djevelen som verka i han.

I dag er det mange som vil problematisera Jesu under. Men det er usakleg. Utan desse undergjerningane hadde me rett og slett ikkje hatt nokon kristendom. DET AT KRISTENDOMEN EKSISTERER, BEVISER JESU UNDER, OG DESSE OG ANDRE UNDER BEVISER AT GUD EKSISTERER.

Og folk flest som opplevde Jesus såg utan tvil på undera som bevis på sanninga i frelsesbodskapen, og dei opna seg for denne når dei var vitne til effekten av Guds kraft, og slik er det den dag i dag. Det kan også denne skribenten bevitna.

Av alle Guds under som Bibelen deler med oss står to i ei særstilling, men dei skal me koma attende til i dei neste skriveria.

mandag 18. juli 2011

Jødane beviser Gud

Blaise Pascal (1621-1657), skriv i sine “Tankar” noko slikt: Aldri har det vore fødd ein nasjon ut frå èin person utan denne eine nasjonen, Israel som spring ut frå patriarken Abraham. Alle andre nasjonar er ei blanding av mange slekter, men denne eine nasjonen består av èi slekt med èin felles stamfar. Så skriv han vidare noko slikt som dette: Dette folket har overlevd dei største påkjenningar, forfølgingar og pogromar utan at det har lukkast for nokon å utsletta dei, trass i iherdige forsøk, og trass i at dei har vore spreidde over heile verda og finst i alle nasjonar. Dei kan ikkje vera noko anna enn eit guddommeleg under. Dei er ein nasjon utan land, men slik som Gud har teke vare på dei til denne dag, skal han i sin truskap igjen samla dei i landet sitt for å ta seg av dei, og han vil velsigna verda gjennom dette folket og denne nasjonen.

DETTE SKREIV ALTSÅ BLAISE PASCAL PÅ 1600-TALET. Etter den tid er miraklet berre blitt enno større, og etter at jødane under 2. verdskrigen vart utsett for historias største folkemord, vart staten Israel oppretta i 1947. Det var eit mirakel utan sidestykke i historia. Mot alle odds skjedde dette fordi Gud ville det.

Det som Pascal såg på 1600-talet skulle vera enno tydlegare no. Og den gamle matematikaren ville vel ha klødd seg ganske kraftig i hovudet dersom han hadde sett fram til vår tid då folk flest avviser jødebeviset og ikkje vil høyra snakk om at jødane er Guds utvalde folk, sjølv etter alt det store som har hendt med dei etter hans tid.

“Eg vil velsigna deg og gjera deg til eit stort folk,” sa Gud til Abraham, “eg vil velsigna dei som velsignar deg, og forbanna dei som forbannar deg, og i deg skal alle ættene på jorda velsignast.”

Gud har valt ut Israel for at dette folket skal gje hans velsigning til verda.

Og tenk på det, min kjære lesar: Jesus Kristus var jøde. Tenk på kor stor velsigning verda har hausta av han, sjølv om dei fleste enno stengar hjarto sine for han. Tenk på Bibelen, kvar einaste bokstav i denne boka er skriven av ein jøde, og ikkje noko bok i verda har velsigna så mange sjeler som denne. I dag er ho omsett til 2550 språk, og den boka som kjem på andre plass, “Das Kapital” av Karl Marx, er omsett til 70 språk, ei bok som i dag heilt har mista sin aktualitet.

Over heile verda haustar menneske kvar dag enorme velsigningar frå jødefolket. Kvar dag tek 100 000 menneske imot evangeliet om Jesus Kristus og erfarer den enorme fridomen som krafta som er i han. Det kan også du som les dette få erfara. Aksepter dei bevisa på Gud som han har gjeve deg, lukk Jesus inn i livet ditt og du vil kjenna at du er komen heim til Gud, din rette Far.

lørdag 16. juli 2011

Bibelen beviser Gud

I Bibelen møter me mange profetar: Abraham, Moses, Samuel, Jesaja, Jeremia, Esekiel og Daniel, for å nemna nokre. Dei presenterte ein bodskap for si samtid som var sterk, rystande og banbrytande, og det i ein stil og i eit språk som manglar sidestykke i verdslitteraturen. "Jeg leser bare Bibelen," skreiv Henrik Ibsen til Bjørnstjerne Bjørnson. Berre der kunne han henta litterær inspirasjon til arbeida sine. Underleg er det då å tenkja på at dei fleste nordmenn i dag ikkje finn det verdt å opna denne boka, nordmenn som ikkje ein gong rekk Ibsen til knea. Dei skal liksom kunna klara seg utan denne unike boka og bodskapen i henne. For ein dårskap.

I dag skal me sjå korleis nokre av dei nemnde profetane beviser Gud.
Dei informerte m.a. folk om ting som skulle skje i framtida. Ingen menneske har tilgang på framtida, og den informasjonen må då ha koma frå ei ikkje-menneskeleg kjelde. Denne kjelda identifiserte dei som Gud. Dei såg han, og dei høyrde han tala. Det finnst tallause tekstar som stadfester dette, men her vil eg konsentrera meg om to dømer:

Jeremia profeterte frå 620 f.Kr at Jerusalem skulle bli øydelagt og innbyggjarane deportert om dei ikkje vende seg bort frå vondskapen sin. Dei ville ikkje høyra på han, men utsette han for forfølging og tortur. Dermed besegla dei sin eigen lagnad. I 609 f.Kr. vart første gruppe deportert og i 587 f.Kr. fall Jersualem, og resten av befolkninga måtte forlata landet under tvang.

Jeremia profeterte også om at folket skulle returnera til landet sitt etter 70 år i eksil. Det skjedde i 539 f.Kr. , 70 år etter første bortføring. Herrens ord vart oppfylt i detalj, eit klårt bevis på at Gud er til, og at han er til å stola på.

Profeten Jesaja levde hundre år før Jeremia. Også hans profetiar gjekk i oppfylling i den minste detalj. Mest berømt er det han sa om Jesus. Han såg så tydeleg for seg at Frelsaren skulle koma og døy for folket sine synder. Du kan lesa om dette i hans 53. kapittel, og så kan du samanlikna med forteljingane om Jesu liding og død i evangelia. Det er forbløffande lesning, og beviser for oss meir enn godt nok at Gud er Gud, og at han har hatt gode planar med oss i tusenvis av år.

Du kan trygt overgje livet ditt til ein slik ufatteleg god og mekitg Gud. Det er ingen fare med det. Større er faren dersom du vel å gje blaffen i han. Då har du skaffa deg ein mektig motstandar.

Livet beviser Gud

Den franske kjemikaren Loise Pasteur (1822-1895) påviste eksperimentelt at mikroorganismar ikkje kan oppstå av seg sjølv i eit sterilt miljø, og la på den måten ein lang diskusjon død. Liv ikkje kan oppstå av ikkje-liv. Liv kjem av liv. Det er bevist.

Likevel eksisterer det liv, og dersom dette livet ikkje kan ha oppstått av seg sjølv, må det koma frå ei levande kjelde som alltid har eksistert. Denne levande kjelda er Gud.

Gud skapte livet. Den som studerer biologi går inn i ein heilagdom der spora etter Gud er krystallklåre. I kroppen din er det mange hundre milliardar celler. Kvar av desse inneheld 46 DNA molekyl som ved hjelp av 4"bokstavar" (nukleotidar) innheld alle vesentlege opplysningar om deg som person, og som i tillegg styrer alle prosessane i kroppen din slik at alt går som det skal. Det fordrar milliarder på milliarder av "utrkeningar" per sekund. Den aller enklaste livsprosess er så komplisert at ingen biokjemikar klarer å koma til botn i han.

Alle elevar i norsk skule lærer om FOTOSYNTESEN som handlar om korleis grøne planter lagar karbohydratar og oksygen ved hjelp av CO2, vatn og sollys. Denne prosessen er ekstremt kompleks og avansert og kan ikkje kopierast ein gong av dei fremste biokjemikarar SJØLV OM DEI HAR MODELLEN FOR PROSESSEN FRAMFOR SEG HEILE TIDA I KVART EINASTE BLAD SOM HENG PÅ EIT TRE.

Biologien skulle gjera einkvar av oss så audmjuke at me berre ut frå den enklaste kunnskap skulle lovsynga og prisa Skaparen for hans intelligens, kreativitet og skaparglede. For ikkje nok med at han skapte, han gjorde det VAKKERT.

Til slutt i dag: Den fantastiske Gud som skapte det livet som er i deg og meg, er også den som kan gje oss EVIG LIV, den type liv som han har i seg sjølv og som er uforgjengeleg og høgare enn det me har i kroppane våre. Den Gud som skapte det utrulege fysiske livet, er sjølvsagt også kapabel til å skapa noko som er enno meir utruleg: evig liv. Dette livet er i Jesus Kristus, og tek du imot han som din Herre og Frelsar, får du det evige livet som ei gåve, og du skal få erfara at Guds kjærleik kjem til deg og gjev deg eit heilt nytt perspektiv på det livet du lever her. Lukke til!


fredag 15. juli 2011

Ateismen, eit skrøpeleg fikenblad for gudlause menneske

Menneska har utvikla fiendlege haldningar til Gud. Ingen vil av seg sjølv knytta seg til han og følgja han. Alle har ein innebygd trong etter å bestemma sjølv. Dette kallar Bibelen for gudløyse. Korleis kan me kvitta oss med Gud og hans krav? Ved å ganske enkelt å definera han ut av liva våre, ja ut av tilværet. "Den gudlause seier i hjarta sitt: Det finst ingen Gud, ingen som stiller meg til rekneskap.." (Salme 14). Ateismen er altså ikkje av ny dato, men ein eldgamal sak, den er ikkje intellektuelt begrunna, men moralsk.

Men ateismen kan aldri bli sann, rett og slett fordi han er ein ikkje-ideologi (a tyder ikkje, og a-teisme tyder “ingen gud”, eller noko i den dur). Men no er det slik at ein kan aldri bevisa at noko ikkje eksisterer. Det er ein av logikken sine læresetningar. Det einaste ein kan bevis a er at noko faktisk finst. DIfor vert ateismen for evig eit elendig fundament å byggja livet på. Han kan aldri bli sann. Det vil sjølvsagt avsløra seg veldig fort dersom nokon står fram og beviser at Gud faktisk finst. Men om det er umogeleg, kan Gud likevel finnast, om ikkje anna så utanfor vår eksistens og himmelhøgt over vår fatteevne.

Men lat oss seia at det faktisk førelåg eit bevis for Guds eksistens, og at dette beviset var tilgjengeleg for alle, men på ein spesiell plass. Ville du då ha gått til den plassen for å sjekka beviset?

Jesus har opna ein slik plass for oss menneske. Han seier: “Dersom nokon vil gjera hans vilje som har sendt meg, han skal få kjenna om læra er av Gud eller om eg talar av meg sjølv”.

Kva tyder dette? Begynn og gjer Guds vilje. Begynn og elsk din neste som deg sjølv: tenk og tal vel om dine medmenneske, unngå baktale, vær ærleg og gavmild, gje den svoltne mat, den tørste å drikka, den nakne noko å kle seg med. Besøk dei sjuke og dei som sit i fengsel. Gå ut i verda og elsk på ein sjølvoppofrande måte, og du vil koma til å få mange bevis på at Gud finst, bevis som kjem gjennom personleg erfaring.

Gud har bevist seg sjølv for oss menneske gjennom naturen, historia , Bibelen og Jesus. Det er fundamentet. Men for deg vil han gjerne bevisa seg heilt personleg, og då har du oppskrifta ovanfor. Lukke til!

torsdag 14. juli 2011

Ateisme og ateistar

Det finst ikkje ateistar, berre ateisme.

I studietida mi snakka eg med ein medstudent. Han sa han var ateist, og at han ikkje trong Gud og hans bodord for å leva rett. Han levde etter den gylne regel, sa han, og den hadde jo ikkje Jesus funne på. Når han ikkje sjølv ville bli drepen, så var det lett for han å forstå at det er feil å drepa andre. Ingen gud treng å fortelja oss det.

Då kom Gud til meg og gav meg visdom inn i livet hans.

-Et du kjøt? spurde eg.
Ja, han gjorde jo det.
- Men då må du jo slå i hel, sa eg, så du lever ikkje etter teorien din.
Kva eg meinte med det?
- Når du et kjøt, har du godteke drap av ein medskapning som heilt sikkert ikkje hadde lyst å døy, nett slik som deg.
- Ja, men det var jo berre eit dyr, innvenda han då.
- Kva er ulikskapen mellom eit dyr og eit menneske då? ville eg vita. Kvifor er det rett å slå i hel ein sau, men feil å drepa deg?
- Eg har jo ein heilt annan verdi enn sauen, svara han.
- Kvifor det? Kva er det som gjev deg større verdi enn ein sau?
- Menneske står over dyra fordi me er sosiale vesen som kan tenkja og reflektera, sa han, våre åndsevner er det som skil oss frå dyra.

På dette tidspunktet i samtalen begynte den materialistiske ateisten å snakka om ånd. Interessant.

- Vel, sa eg, då forstår eg deg slik at du meiner at våre sosiale og intellektuelle evner gjev oss verdi over dyra slik at me kan slakta dei og eta dei, har eg forstått deg rett då?
-Ja.
- Men då må det jo vera slik at dei som er mest sosiale og som samstundes har høgast IQ har størst verdi, ikkje sant, slik at nokre menneske har høgare verdi enn andre, og då må dei jo også ha sterkare rettar enn andre?
- Nei, alle er jo mennesker, slik kan me ikkje tenkja, sa han då.
- Kvifor ikkje, repliserte eg, dette må bli følgen av premissane dine, eller kanskje det er dei det er noko gale med?
- Saka er den, sa eg, at du plasserer oss menneske over dyra fordi du intuitivt forstår at menneske er plassert over dyra av Gud, og at alle har same verdi uansett åndsevner, i kraft av at alle har noko felles: me er skapte i Guds bilete. Slik tenkjer du i sjela di, medan intellektet ditt har overgjeve seg til ein ideologi som ikkje toler etterprøving.
- Det var jammen sant, sa han, det der har eg aldri tenkt på før.
Slik ramla ateismen for ateisten.

Den unge mannen vart ikkje kristen der og då. Men han gjekk vidare med ei heilt ny erkjenning: Han oppførte seg som ein teist samstundes som han bekjente seg som ateist.

Dette førte meg fram til tesen: Det finst ikkje ateistar, berre ateisme.

tirsdag 12. juli 2011

Det du kan vita om Gud

Alle menneske har kunnskap om Gud. Denne kunnskapen er intuitiv. Sjølv dei mest harbarka ateistar veit i hjarta sitt at Gud finst, og også korleis han er: allmektig, god,moralsk, allvitande, intelligent, kunstnerisk, evig og uforgjengeleg. Ingen menneske har noko å orsaka seg med, det er ingen grunn for nokon til ikkje å søkja Gud, for det dei kan vita om han ligg ope for dei, det står skrive i hjarto deira, og skaparverket vitnar om det. Universet fortel om hans stordom, naturlovene om hans intelligens, dei mange livsformene om hans kreativitet osv. Det du kan lesa ut frå naturens store bok er eintydig: Gud er vår skapar og han elskar oss. Alt dette kan du lesa meir om i Romerbrevet kapittel 1. Slå opp og les.

mandag 11. juli 2011

Rett målestokk

Eg kjenner ein som har ein garasje. Garasjen ser heilt ok ut. Korkje ved første eller andre blikk kan ein sjå at det er noko gale med den. Men dersom du finn fram ein water og plasserer han loddrett på veggen, ser du at heile bygget er skeivt. Men det menneskelege auga kan ikkje registrera feilen. Våre sansar er ikkje gode nok for slikt.
Eg kjenner ein mann. Han trudde han var frisk, men ein blodprøve synte at han var alvorleg sjuk og trong langvarig behandling. At mannen sjølv opplevde seg som sunn og frisk spela liten rolle. Han svevde i livsfare, men sansane hans registrerte det ikkje.

Eg møtte ei ung kvinne. Ho sa til meg at ho ikkje hadde gjort noko gale i livet, ho var både snill og rettferdig. Problemet hennar er at ho ikkje har sjekka seg skikkeleg. I Guds lys ville ho ha sett at det ikkje er nok for henne å unngå å gjera galne ting. Ho må også gjera det som er rett og godt, metta dei svoltne, kle dei nakne, besøka dei sjuke og meir til, ikkje av plikt, men av sann empati. Ingen skal trenga fortelja henne det. Det er ein indre tvang i henne å leva for andre, særleg for dei forkomne, dersom ho skal leva rett.

Dette er Guds krav til alle menneske. Dersom me ikkje har det slik, må me be Gud om å tilgje oss, ikkje berre våre synder, men be han om å tilgje oss vår store mangel på den sanne, usjølviske kjærleiken som skulle driva oss til eit sjølvoppofrande liv i teneste for andre, og be han om å dekka oss med Kristi rettferd. For Kristus var nemleg slik han skulle vera, og ingen andre har vore det, og han tilbyr seg å gå god for oss og gje oss full dekning dersom me vil ha det. Og kven vil vel ikkje det?

søndag 10. juli 2011

Jesus, verdas ljos

Eg er på ferie i Bulgaria om dagen. Her er det strålande sol og fint badevær. Ikkje ei einaste sky som skuggar for sola, og me let gladeleg varmen berre fløyma over oss. Det kjennest godt for hutrande nordbuarar.

Jesus seier at han er verdas lys. Det som sola er for kroppen, er han for sjela. Guds kjærleik er det lyset som sjela di treng, og denne kjærleiken finn du hos Jesus. Liksom kroppen din, og alt levande for den saks skuld, treng å liggja bada i lys for sola, treng du som er skapt i Guds bilete liggja bada i Guds kjærleik. Der kan du få plassera deg kvar dag og vera der heile dagen, og natta med, for Jesus er lyset som aldri går ned.

Utanfor Jesus Kristus er det ikkje noko lys. Ingen religionsstiftar eller religion har det i seg. Det er det han, og berre han, som har. Slik er kristendomen heilt eksklusiv. Det er Jesus og berre Jesus det handlar om. Det er han som skal døma levande og døde, ingen andre. Ved å ta imot han som din Herre og frelsar, stiller du deg midt i Guds lys, og du skal ikkje reddast for domen. Lukke til med det.

lørdag 9. juli 2011

Legg vinn på det gode

"Legg vinn på det gode og ikkje det vonde, så de får leva! Då skal Herren, allhærs Gud vera med dykk...."

Det gode er å elska Gud over alle ting og nesten som seg sjølv. Dersom du legg vinn på dette, vil du leva, seier Herren. Ingen finn Gud gjennom intellektuelle øvingar, men dersom du forsøker med heile deg å leva rett, alltid velga det gode og vraka det vonde, då finn du han. Men først vil du finna deg sjølv, du vil oppdaga kor delt du er, kor lite du maktar av det gode og kor lett det er for deg å velja til din eigen fordel og ikkje bry deg så mykje om andre. Den som vil velja det gode og vraka det vonde, må til slutt fella domen over seg sjølv: eg evnar det ikkje. Uansett kor hardt eg prøver, kjem eg til kort. Det gode er så godt at eg i mine beste stunder ikkje er i nærleiken av det ein gong. For sannninga om deg og meg er: I oss slik me er i oss sjølv, er det ingenting godt. Me er overfladiske, egoistiske, nærtagande, sjølvsikre og uærlege menneske som har eit desperat behov for Guds nåde og tilgjeving. Men utan at du prøver så godt du kan å vera god, så vil du aldri finna ut dette, du vil aldri forstå kva som feiler deg, og du vil aldri ta imot medisinen Gud tilbyr deg som hjelp mot døden. Korleis veit du at du har forstått dette rett? Når du er komen dit hen at du ber: "Gud, ver meg, ein syndar, nådig!" Når du ber slik, blir du frelst, rettferdiggjort og du får eit nytt liv i deg prega av Guds gode vesen, av Guds nåde.

fredag 8. juli 2011

Vend deg til Gud og lev!

"Vend dykk til meg, så skal de leva," seier Gud til oss gjennom profeten Amos.

Kva er det å venda seg til Gud? Det er å overgje seg til Gud, slutta å leva for seg sjølv og begynna å leva for han åleine. Den som gjer det, får evig liv, og nokon annan måte å få det på eksisterer ikkje.

Over heile verda vender folk seg til Gud for tida, også her hos oss. "Eg har fått fred," sa ein. Før var det uro og bekymringar, no har eg fred. "Eg har fått nåde," sa ein annan. Guds nåde er det største i mitt liv no.

Kva blir ditt vitnemål, mon tru?

mandag 4. juli 2011

Kvifor er sanninga så vanskeleg?

Nils Christian Geelmuyden sa følgjande i eit radiokåseri 27. septamber 2008: "Man kan leve av å spå, det er det mange som gjør. Men man kan ikke leve av å fortelle sannheten, for den er det ingen som vil høre!"


Dette er ei røynsle som har gjort seg, også Jesus. Han oppdaga etter kvart at det var ikkje marknad for sanninga. Då han påpeikte og påtalte grådigskap, avvik, hjarteløyse, vondskap, forfengelegdom og løgn, vart han hata, og det kosta han livet.

Me hatar dei som avslører oss, men elskar dei som stryk oss med håra. Men det nyttar lite å hata legen som stiller ein alvorleg diagnose. Ingen blir betre av det. Når Gud talar til oss om våre synder, er det ikkje for å gjera oss bedrøva, men for å lækja oss.

Språket avdekker eller kamuflerer. Atombomba over Hiroshima fekk kosenamnet "Little boy", sa Geelmuyden i kåseriet sitt, men det var ikkje noko koseleg med den. Ho var eit massedrapsvåpen. Norske soldatar "tek ut" fientlege mål i Afghanistan. Men dei gjer ikkje det. Dei drep talibansoldatar. Og me kan leggja til: Norske legar tek 15000 abortar årleg. Men dei gjer ikkje det. Dei drep 15000 barn årleg. Kven torer å seia sanninga? Kven toler å høyra henne?

Sanninga er det einaste som kan gjera oss til heile menneske, det einaste som kan få oss på rett kurs, det einaste som kan setja oss i fridom. Kor denne tida treng folk som kan tala sanning inn i samfunnsdebatten og til den enkelte av oss. Det vil aldri vera marknad for sanninga, ingen vert rik av å bruka rette ord om ubehagelege ting, men dei som likevel gjer det, vil bli hugsa med glede, for dei førte oss framover og oppover.


søndag 3. juli 2011

Kva er sanning?


"Kva er sanning?" spurde Pilatus. Det var ei avleiing. Han visste svaret, for like etterpå står han fram for jødane og seier: "Eg finn inga skuld hos denne mannen!" DET var sanninga. JESUS VAR UTAN SKULD. Den einaste i menneskeætta slikt kan seiast om. Pilatus visste det, men han handla ikkje i samsvar med det han visste var sant. Han handla mot overtydinga si og dømde Jesus til døden, så vaska han hendene sine for å markera at han ikkje tok ansvar for det han sjølv hadde bestemt. Å, hadde det berre vore så lett for han å bli kvitt skulda si. Men ingen vert rein for Gud ved ein eller annan rituell handling. Det skal meir til. Me må sanna syndene våre for Gud og overgje liva våre til han.

Du veit også kva som er sant. Du veit at du sjølv har gjort, sagt, tenkt og meint mange ting som ikkje toler dagsens lys, ting med skam i, synd. Du veit at er det nokon som treng tilgjeving, så er det du. Det er sanninga om deg.

Kvifor ser du ikkje Gud? Fordi syndene dine ligg og skjuler han for deg. Den dagen du innrømmer dei for han og ber han om å tilgje deg, då lysnar det for deg. Gud fjerna alt som hindrar deg i å forstå og sjå, og du oppdagar at Gud er din kjærlege Far som sende Sonene sin, den einborne, for å sona den straffa som du skulle lidd etter retten. Så høgt er du elska av han som skapte himmel og jord. DET ER SANNINGA.

lørdag 2. juli 2011

“Kva er sanning?"

Jesus sa til Pilatus at han var komen til verda for å vitna for sanninga, og at alle som er av sanninga høyrer hans røyst. “Kva er sanning?” spurde då Pilatus.

Pilatus spurde som eit moderne menneske. Folk seier gjerne: Det er så mange religionar og livssyn i verda, kven kan vita kva som er rett?

Jesus svarar: Den som er av sanninga, høyrer mi røyst. Kva meiner han med det? Den som er ærleg vil i det minste undersøka saka hos Jesus, spørja han om han kan hjelpa dei. Han har jo sagt så store ting om seg sjølv, at ein bør undersøka hos han om ein meiner alvor, og så lesa eller lytta til Guds ord. Den som ikkje vil umaka seg så pass, sit fast i løgna og trivest der. Vil eigentleg ikkje vita kva som er sant. Spør berre for å rettferdiggjera seg sjølv.

Ei kvinne sa nyleg til Jesus: Dersom det er du som er det rette, då må du visa deg for meg. Og så kom ho i den kristne fellesskapen og søkte svar, og Jesus synte seg for henne på ein kraftfull måte, og ho vart frelst. “Den som er av sanninga, høyrer mi røyst.” Der har du standarden.