søndag 3. juli 2011

Kva er sanning?


"Kva er sanning?" spurde Pilatus. Det var ei avleiing. Han visste svaret, for like etterpå står han fram for jødane og seier: "Eg finn inga skuld hos denne mannen!" DET var sanninga. JESUS VAR UTAN SKULD. Den einaste i menneskeætta slikt kan seiast om. Pilatus visste det, men han handla ikkje i samsvar med det han visste var sant. Han handla mot overtydinga si og dømde Jesus til døden, så vaska han hendene sine for å markera at han ikkje tok ansvar for det han sjølv hadde bestemt. Å, hadde det berre vore så lett for han å bli kvitt skulda si. Men ingen vert rein for Gud ved ein eller annan rituell handling. Det skal meir til. Me må sanna syndene våre for Gud og overgje liva våre til han.

Du veit også kva som er sant. Du veit at du sjølv har gjort, sagt, tenkt og meint mange ting som ikkje toler dagsens lys, ting med skam i, synd. Du veit at er det nokon som treng tilgjeving, så er det du. Det er sanninga om deg.

Kvifor ser du ikkje Gud? Fordi syndene dine ligg og skjuler han for deg. Den dagen du innrømmer dei for han og ber han om å tilgje deg, då lysnar det for deg. Gud fjerna alt som hindrar deg i å forstå og sjå, og du oppdagar at Gud er din kjærlege Far som sende Sonene sin, den einborne, for å sona den straffa som du skulle lidd etter retten. Så høgt er du elska av han som skapte himmel og jord. DET ER SANNINGA.

Ingen kommentarer: